Hopp til innhold

Frp er udemokratisk

Aktivt utmeldt av Frp, Roar Jonassen, meiner Frp ikkje følgjer vanlege demokratiske spelereglar i partiet.

Frp
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Jonassen reagerer kraftig på at regionsekretæren i Vestfold hevdar at regionkontoret og fylkespartiet har handtert konflikten i Tjøme Frp prikkfritt.

- Eg finn det svært arrogant av regionsekretæren, seier Jonassen.

Tiltalt og dømt

- Frp vil ikkje høyre min versjon av denne saka. Eg føler meg tiltalt og dømt utan å få kome med min versjon av saka, seier Jonassen.

Han føler at saka var avgjort for lenge sidan, og at partiet hadde ein agenda.

- Andre medlemmer i Tjøme Frp visste utfallet eit døgn før eg fekk vite det, og før fylkesstyret hadde handsama sak, seier Jonassen.

Fekk melding av journalist

Jonassen fortel at han fekk vite om vedtaket av ein journalist, like etter at det var sendt ut ein epost om vedtaket.

- Eg ser på dette som eit spel, seier han.

Jonassen kom med i Framstegspartiet i 1984 og har ikkje opplevd liknande.

- Det er ein lite ryddig måte Frp har valt å handtere denne saka på i fylkespartiet og i sentralstyret. Vedtaket om aktiv utmelding var gjort før ankefristen var gått ut, og før den siste anken var levert, seier Jonassen.

Udemokratisk

Roar Jonassen hevdar anken er avslått før fristen for å anke er gått ut.

- Dette vil dei fleste med normal rettferdssans reagere på, seier han.

Men Jonassen har ikkje tenkt å forfølgje saka vidare.

- Eg vil ikkje vere medlem i ein organisasjon som set til side vanlege demokratiske reglar og god organisasjonskultur, seier han.

No vil han halde fram sitt politiske liv i eit borgarleg alternativ som følgjer demokratiske spelereglar.