NRK Meny
Normal

Etterlyser nakenstrand

 

Badeliv
Foto: NRK

SV sin ordførarkandidat i Tønsberg, Lars Egeland, etterlyser ei nakenstrand i Tønsberg eller på Nøtterøy.

Egeland er sjølv nakenbadar og veit at fleire saknar ein stad der dei kan bade utan klede.

- Nakenbading hindrar negativ kroppsfiksering, seier Egeland.

Det var på ordførarbloggen at Lars Egeland lanserte behovet for ei nakenstrand. Han meiner det vil bidra til at folk for eit naturleg forhold til kroppen.

Ikkje ein ny sjekkestad

I Larvik er det naturiststrand på Roppestad i Farris, men Tønsberg manglar ein slik stad.

- Ei slik strand skal ikkje vere ein sjekkestad for homofile eller heterofile, men i første rekkje ein familiestad, seier Egeland.

Ordførar i Tønsberg, Per Arne Olsen frå Frp, seier han ikkje er den rette til å dømme om Tønsberg treng ei strand der folk kan sole seg nakne.

- Eg er ikkje negativ til ei slik strand, men eg vil heller ikkje kjempe for eit slikt tilbod, seier Olsen.