NRK Meny
Normal

Bugge kan hamne på benken

Målvakt Espen Bugge Pettersen kan hamne på benken når Sandefjord møter Stabæk.

Espen Bugge Pettersen
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Trenar for Sandefjord fotballklubb, Tor Thodesen, vurderer å sette Espen Bugge Pettersen ut av laget som skal møte Stabæk måndag kveld.

Eliteseriekampen heime i Sandefjord kan bli den første for den nye danske målvakta, Peter Skov-Jensen.

Laget er ikkje offentleg

Men Thodesen vil ikkje avsløre om det er Bugge Pettersen eller Skov-Jensen som skal stå i mål.

- Det vil folk oppdage om dei kjem til stadion. Då blir lagoppstillinga offentleg. Det er den ikkje enno, seier Thodesen.