Hopp til innhold

Barn må krysse 60-sone

Elevar i 1. klasse må krysse 60-sone på trafikkert veg utan fotgjengarfelt.

Denise Litleskare
Foto: Picasa 2.6 / NRK

Rektor Montessoriskulen på Jareteigen, Denise Litleskare, har nå innført påbod om refleksvest for alle elevane på skulen.

I tillegg ber Litleskare dei vaksne som er knytta til skulen om å hjelpe elevane å krysse Hortensvegen.

Vogntog susar forbi

- Vegvesenet ber oss om å kryssse vegen på den mest oversiktlege staden, men det er ikkje noko fotgjengarfelt her, seier Litleskare.

Vogntog og personbilar susar forbi Montesorriskulen på Jareteigen i 60-sona som ligg tett opp til vegen mellom Horten og Tønsberg.

Fleie elevar og barnehagebarn ved skulen reiser til og frå skulen med buss, og mange av dei må då krysse hovudferdselsåra mellom dei to byane i Vestfold.

Skumle episoder

Etter fleire skumle episoder ropar rektor Denise Litleskare it varsko.

- Det hender at elevane er litt uoppmerksame, og då kan det oppstå farlege situasjonar når det er stor trafikk, seier ho.

Litleskare er glad det ikkje har skjedd ei ulykke.

Ingenting skjer

Elevane kan krysse vegen i fotgjengarfeltet anten på Barkåker eller i Borre. Dei to stadene ligg om lag to og ni kilometer unna skulen.

- Eg har hatt politiet og vegvesenet her. Eg har snakka med rådmannen i Tønsberg og fylkeskommunen, men ingenting skjer, seier Litleskare.