Hopp til innhold

Alle bilar blir registert

Alle bilar som kjører inn og ut av Holmestrand sentrum blir registert.

SE VIDEO: Pensjonister teller biler

Trafikktelling Holmestrand
Foto: Picasa 2.6 / NRK

Holmestrand er uroleg over at så mange vel å kjøre gjennom sentrum i staden for å kjøre gjennom Holmestrandstunnelen.

No skal vegvesenet dokumentere kor mange bilar som vel å kjøre gjennom byen, i staden for å kjøre gjennom Holmestrandtunnelen, mens E 18-trafikken går på riksveg 313.

Mange vil ikkje kjøre i tunnel

Alle som kjører inn og ut av Holmestrand sentrum blir nå registrert.

Vegvesenet har ei fast avtale med Åsgårdstrand Idrettsforening som har drive med trafikktellingar på dugnad i mange år.

Denne tellinga er av den gode gamle sorten, slik mange gjorde som barn. Nemleg å skrive opp bilnummer.

Trafikktelling Holmestrand
Foto: Picasa 2.6 / NRK

Skriver på harde livet

I båe endar av Langgata som går gjennom sentrum av Holmestrand står det folk frå idrettslaget og skriv på harde livet.

Når det hopar seg opp ved jernbaneovergangen er det ekstra mykje jobb med å få notert alle bilnummera. 

Etterarbeidet blir omfattande. Då skal dei skilje ut alle som har kjørt gjennom, kjørt tilbake samme veg, eller på annan måte ikkje har gjennomført ei direkte gjennomkjøring. 

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark