Hopp til innhold

– Absurd at EU får fredspris

– Eg synest det er absurd at EU får fredsprisen, seier leiar i NEI til EU, Heming Olaussen.

Heming Olaussen

Leiar i NEI til EU, Heming Olaussen meiner det er heilt bak mål å gje EU fredsprisen.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Leiaren i Nei til EU seier at utdelinga av fredsprisen til EU er ein draum leiar i Nobelkomiteen, Thorbjørn Jagland, har hatt i mange år.

Han meiner dette har skjedd på grunn av at nokre vararepresentantar har møtt i nobelkomiteen, og at det er difor Jagland har fått dette igjennom.

– Dette er eit propagandanummer, og det må kome ein diskusjon om Nobelkomiteen etter dette, seier Olaussen.

Ikkje for stabilitet og fred

Han er kritisk til korleis EU oppfører seg ute i verda i forhold til fattige land.

– Eg trur at dei som sit ein stad i Afrika eller i Latin-Amerika vil ha andre reaksjonar enn dei har i Brussel på denne prisen, fordi EU er ei handelsblokk som bidreg til å halde mange land nede i fattigdom, seier Olaussen.

– Utviklinga i EU dei siste åra sett frå gata i Madrid, Athen eller Roma, viser at EU ikkje er ei kraft for stabilitet og fred, meiner leiaren i Nei til EU.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark