Den israelske militæraksjonen i Gaza, med namnet «Operation Protective Edge», starta 8. juli. Tal FN har henta inn, viser at 8.800 hus anten er heilt øydelagde eller så øydelagde at dei må rivast.
100.000 heimlause
7.900 hus treng omfattande reparasjonar før det er mogeleg å bu i husa igjen. Dermed er 100.000 menneske på Gazastripa blitt heimlause som følgje av krigføringa.
Les også: Satellittbilder viser voldsomme ødeleggelser i Gaza
I tillegg har 5.600 hus har fått skadar – men ikkje større skadar enn at det er mogeleg å bu der medan husa blir reparerte. 33.500 hus har fått mindre skadar, ifølgje FNs kontor for koordinering av humanitær hjelp (OCHA).
Kartlegginga er gjort i perioden 5. – 7. august, under den førre våpenkvila.
Stort hjelpebehov
Under «Cast Lead» i 2008/2009 blei i alt 6.400 hus øydelagde. Skadeomfanget er dermed langt større under militæraksjonen i år.
Les også: Ny våpenkvile trer i kraft ved midnatt
Folk som bur på Gazastripa har framleis stort behov for hjelp. Det er gjennomført ein stor aksjon for å distribuere mat til 730.000 menneske som før krigen greidde seg sjølve, opplyser FN.
Det bur 1,8 millionar menneske på Gazastripa. Området er berre 40 kilometer langt og ti kilometer breitt, så folk bur svært tett her – 4.505 menneske per kvadratkilometer.