Det var tidlegare denne månaden at partileiar og statsministerkandidat for Høgre, Erna Solberg, lovde ein halv milliard kroner ekstra til etterutdanning av 10.000 matematikklærarar.
Dette for at den norske skulen skal kunne heve nivået på matematikkundervisninga, og slik at alle elevar skal
, sa ho då.– Blir for smått
I dag blir det nytta ein halv milliard kroner til etterutdanning av om lag 2000 lærarar i grunnskulen.
Venstre-leiar Trine Skei Grande sa då ho presenterte Venstre si skulesatsing på Marienlyst skole i Oslo i dag, at Høgre sitt forslag blir for smått. Skei Grande vil leggje endå ein halv milliard kroner i potten slik at alle lærarar skal få etter- og vidareutdanning, ikkje berre matematikklærarar.
– Det er typisk for Høgre at dei meiner at berre basisfaga er viktige. Eg trur at for at born skal lære og utvikle seg, så må dei ha fag dei kan drivast framover i, oppleve meistring i og utvikle seg spesielt godt i, seier Trine Skei Grande til NRK.
– Ting må endrast
Rektor Leif Ersnes ved Marienlyst skole var til stades då Venstre la fram den halve milliarden sin i dag. Han er glad for at dei politiske partia er opptekne av skulen.
– Det er bra at dei satsar på norsk skule, at skulen er eit stort politisk tema i valkampen. Det er ein del ting som må endrast i den norske skulen, seier Ersnes.