– HAR BYGD 1000 BUSTADAR I ÅRET: Det seier SV-leiar Audun Lysbakken.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpixDenne veka lanserte Venstre 20 konkrete tiltak dei meiner skal betre kvardagen til studentane. 11 månadar studiestøtte, 12 månadar studiestøtte til studentar med barn, 2 000 nye studentbustadar og fastlege både heime og på studiestaden er nokre av tiltaka som ligg inne i sjarmoffensivet frå partiet.
Mathias Fischer er 3.-kandidat til Stortinget for Venstre. Han seier den raudgrøne regjeringa ikkje har gjort nok for studentane.
– Det er heilt tydeleg at det er på økonomi kor regjeringa har svikta. Alle tre partia lova 11 månadar studiestøtte, men det løftet har dei ikkje innfridd, seier Fischer.
– Taparane sist Venstre styrte
SV-leiar Audun Lysbakken seier det er fleire gode punkt i lista på 20 tiltak hjå Venstre.
– Men spørsmålet her er kven det er som er truverdig til å gjennomføra dette. Det aller viktigaste studentspørsmålet er å byggje fleire studentbustadar, kommenterer han.
Han peikar på at regjeringa har bygd 1 000 studentbustadar i året.
– Førre gong Venstre styrte, så var studentane taparane. Dei fekk ikkje prisregulert studiestøtta, og det vart bygd frykteleg få bustadar, argumenterer Lysbakken.
– Har hatt det dobbelte å rutte med
Fischer i Venstre er samd i at regjeringa har gjort ein del bra når det gjeld bustadar.
– Men vi er enno ikkje i mål og vi må halde fram opptrappinga med å byggje studentbustadar.
– Når denne kritikken kjem frå dei raudgrøne så er det verdt å huske at dei har hatt eit dobbelt så stort handlingsrom økonomisk som det vi hadde i førre regjering, svarar Fischer.
Seier Venstre skal halde løfta
Han meiner Venstre likevel innfridde løfta sine og gjorde dei skulle.
– Og det skal vi gjere no også, når vi kjem i ei regjering etter dette stortingsvalet, lovar Fischer.
– Eg har ingen trur på at det blir noko betre. Venstre vil gå i regjering med Høgre og Framstegspartiet som vil gje enorme skattelette. Då kjem det ikkje til å vera pengar til satsa på studentane, svarar Lysbakken.