Hopp til innhold

Trur nynorsken kan flytte stemmar

Småpartia på Vestlandet håpar dei kan vinne veljarar på språkpolitikken.

Sveinung Rotevatn

Venstres Sveinung Rotevatn seier han får applaus om han framhevar kampen for nynorsk i skuledebattar.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Senterparti-politikar Steinulf Tungesvik meiner språk har fått fornya politisk kraft.

– Det viser seg at spørsmålet er mobiliserande, seier den tidlegare mållagsleiaren og statssekretæren for Sp. Høgre og Frp har tydelege programformuleringar som vil endre nynorsken sin plass i skulen. Då det også kom forslag frå den raud-grøne Regjeringa i fjor om å endre på sidemålsundervisninga i skulen, reiste nynorskfolket seg, og til slutt vann dei fram. Det skal framleis vere både eksamen og eigen sidemålskarakter i norsk skule.

– Det er interessant. Når dette no er blitt eit tydelegare politisk spørsmål trur eg det kan påverke partivalet til folk, seier Tungesvik til NRK.

Får applaus

Det trur også Venstres Sveinung Rotevatn som er førstekandidat i Sogn og Fjordane. Han driv valkamp på språkspørsmålet og nemner gjerne kampen for nynorsken i skuledebattar.

– Då får ein faktisk applaus, iallfall i Sogn og Fjordane. Eg framhevar dette i valkampen min, seier Rotevatn, som også er engasjert i målrørsla.

Les også:

Lunkne

Men folk NRK møter i nynorsk-land på vår reise langs kystvegen E39 seier viktigare spørsmål avgjer partivalet.

– For meg er det det same.
– Språket utviklar seg slik det vil uansett.
– Vegbygging og slike ting avgjer for meg, er nokre av påstandane til NRK på eit kjøpesenter i Nordfjord.

– Det er nok ikkje så mange som vel parti ut frå målsaka åleine. Men mange står og vippar mellom ulike parti og då kan språkspørsmålet vere eitt av dei spørsmåla som vippar deg over til den eine eller andre sida, trur Rotevatn.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.