Hopp til innhold

Navarsete om EU: – Vil du ha lik løn med arbeidarar i Spania?

«Hvorfor har Senterpartiet så mye imot samarbeid mellom nasjoner?» spør ein NRK.no-lesar. Les svaret på dette og spørsmål om pelsdyr, snøscooter og kommunesamanslåing i nettmøtet med Liv Signe Navarsete.

I dag sitter over 3000 personer som har fått innvilget opphold i asylmottak, fordi ingen kommuner vil ta i mot dem. Sp-leder Liv Signe Navarsete sier partiet vil vurdere å tvangsbosette folk som har fått asyl, dersom kommunene ikke lykkes med frivillig bosetting.

– Om vi ikkje får til frivillig busetjing må til og med Senterpartiet vurdere om vi skal busette med tvang, seier Sp-leiar Liv Signe Navarsete.

Sp-leiar Liv Signe Navarsete har hatt si fulle hyre med å svare på spørsmål frå lesarane på NRK.no. Ein av dei som får klart svar er Trygve, som spør kvifor Senterpartiet har så mykje imot samarbeid mellom nasjonar.

«Resten av Europa misliker nå Norges politikk med høy toll på utenlandsk mat, noe som Senterpartiet er sterk pådriver for. Hva har Senterpartiet skjønt som ikke resten av Europa har», vil Trygve vite.

EU-motstandar Navarsete er ikkje sein om å slå tilbake:

– Importtoll på mat handlar om at matprodusentar i Noreg skal kunne dekke kostnader og få inntektsutvikling på line med andre nordmenn, ikkje konkurrere i løn med spanske bønder. Vil du ha lik løn med arbeidarar i Spania, spør Navarsete.

– Hard konkurranse utan ostetoll

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete svarer på NRK.no-lesernes spørsmål.

Foto: Ellen Viseth / NRK

Etter nettmøtet utdjupar ho dette til NRK.no.

– Viss vi ikkje hadde innført prosenttoll for ein del kjøt og ost, vil ikkje norske bønder kunne auke prisane tilsvarande auken i norske lønningar. Da må dei i staden konkurrere på pris med spanske bønder, med eit lønsnivå vi elles kallar for sosial dumping. Difor stilte eg eit retorisk spørsmål, seier Navarsete.

Ho legg til at sjølv om norske bønder er meir nøgde med årets landbruksoppgjer enn fjorårets, ligg bøndene framleis under andre arbeidstakarar i løn.

Opnar for tvangsbusetjing

I partileiarutspørjinga på NRK P2 vart Navarsete spurt om kva ho vil gjere for dei som har fått opphald i Noreg, men som framleis sit på asylmottak fordi ingen kommunar vil ta imot dei.

– Dei har rett til å bu i ein norsk kommune, så eg er oppteken av å få fart på nettopp det, sa Navarsete.

Ho trur den beste integreringa skjer når dei som kjem til kommunen er ønskte, men:

– Om vi ikkje får til frivillig busetjing må til og med Senterpartiet vurdere om vi skal busette med tvang. Det har eg også sagt til KS. Det er uverdig det som skjer no, og tvang er eit ris bak spegelen dersom vi ikkje lukkast, seier Navarsete.

- Vi ønsker at eldrepolitikken skal være diferansiert, slik at de som er syke og ikke kan bo alene, skal ha rett en sykehjemsplass, sier Liv Signe Narvasete.

Sp-leder Liv Signe Navarsete vart også spurt om eldreomsorg i P2s utspørjing.

Skuffa over rovdyrforliket

På nettmøtet fekk Navarsete spørsmål frå ein misnøgd Sp-veljar. Sven Arne Lislegaard frå Østfold skriv at han truleg ikkje vil stemme på Sp denne gongen.

«Jeg er sauebonde og hadde tro på at med dere i regering, ville det gå bra mtp rovdyrpolitikken. Riktignok fikk dere frem rovdyrforliket - men hva var vitsen med det når byråkratene ikke følger opp i virkeligheten?», spør Lislegaard.

Han møter stor forståing frå Sp-leiaren.

– Rovdyrforliket har ikkje gitt den betringa me ønska og håpa på. Vår tydelege landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum tok nyleg til orde for ei evaluering av forliket. Han har partiet i ryggen, skriv Navarsete i nettmøtet.

Ho skriv og at «rovdyr og beitedyr går ikkje i lag» og at Sp ønskjer ei felles nordisk forvalting av dei store rovdyra. «Diverre har me enno ikkje støtte på Stortinget for den løysinga. Men me gir oss ikkje», lovar Navarsete.

Einige om snøscooter

Ein skogbrukar er sint på grunn av reglane mot snøscooterkøyring:

«Hvorfor kan ikke jeg bruke snøscooter i den lille skogen jeg har DRIVEPLIKT på? Snøveier er det enest som fungerer ... Verden er blitt miljøgal ... Fyrer med strøm mens skogen råtner ned», meiner Ove Olsen.

Også her er Navarsete einig:

– Lat meg seie det slik; du har gode poeng! Til skilnad frå dei andre miljøpartia er Senterpartiet FOR ein fornuftig bruk av naturen. Me hadde nok raskt blitt einige om me tok oss ein kopp kaffi.

Dialektskryt frå sunnfjording

Til slutt fekk Sp-leiaren ei triveleg helsing frå heimfylket og ein sunnfjording ved namn Bård Solvik:

«Hei Liv Signe! Du har so fin dialekt og du er so flink til å halde på den til tross for at du bur store delar av året i Oslo. Som innflyttar i Oslo er dette ei utfordring for meg. Kva med litt statsfinansierte logopedtimar for knotarar? Lykke til med valet!»

«Ha, ha, det var kanskje ein god ide? Takk for gode ord om min dialekt, det er viktig å halde på den og nynorsken, men sjølvsagt av og til krevjande når ein berre har bokmålsdialektar rundt seg. Ring ofte heim - så du held dialekten ved like:-)»

Se hele partilederutspørring med Liv Signe Navarsete (Sp)

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.