Hopp til innhold

Full krangel om kven som er best for klimaet

Dei kjempar begge om å komma over sperregrensa, dei kjempar begge om miljøveljarane og kanskje kjempar dei om den same stortingsplassen. Torsdag møtte Audun Lysbakken mannen som kan senda han ut av Stortinget.

Tom Sverre Tomren frå Miljøpartiet Dei Grøne kan kasta Audun Lysbakken ut av Stortinget. Torsdag møttest dei til miljøduell i Bergen.

SJÅ DUELLEN: Tom Sverre Tomren og Audun Lysbakken kjempar begge om dei siste stortingsplassane frå Hordaland.

Tom Sverre Tomren

KRITISERER SV: Tom Sverre Tomren frå Miljøpartiet Dei Grøne.

Foto: NRK

Tom Sverre Tomren og Miljøpartiet Dei Grøne har vore den store kometen så langt i valkampen. Målingar har vist at Tomren kan komma til å skubba SV-leiar Audun Lysbakken ut av Stortinget.

Torsdag møttest dei to hordalandsrivalane til duell på Det akademiske kvarter i Bergen. Tom Sverre Tomren meiner SV ikkje har makta å visa seg som eit reelt miljøparti i regjering.

– Om du ser på utviklinga i norsk klimapolitikk frå 2006 og fram til i dag, er dommen frå Klimaalliansen at Noreg har vorte dårlegare og dårlegare både på politikk og gjennomføring.

LES ÒG: Verstinglista til miljørørsla

Har rast på internasjonale rangeringar

Han viser til at Noreg under den raudgrøne regjeringa har dalt frå 10. plass til 31. plass på internasjonale rangeringar over land som tek klimautfordringa på alvor.

– Me har altså vorte dårlegare samanlikna med dei krava som vert stilte til oss. Eit samla Storting sa før sommaren ja til 23 nye konsesjonar i eit område der ekspertane frårår dette, sa Tomren.

LES ÒG: Erna i ordstrid med Dei Grøne

Stolt, men ikkje i mål

Audun Lysbakken

– IKKJE I MÅL: SV-leiar Audun Lysbakken meiner Noreg har ein lang veg å gå i klimapolitikken.

Foto: NRK

Audun Lysbakken meiner Dei Grøne må klandra andre enn SV for at stadig nye felt har vorte opna for oljeboring. Han meiner partiet har gjort ein reel skilnad i åtte år som regjeringsparti.

– Me har resultat som me kan vera stolte av i møte med våre veljarar. Men me er ikkje i mål med miljøpolitikken. Det skuldast eit stort fleirtal som støttar ein ganske grå olje- og gasspolitikk, sa Lysbakken.

– Angrip feil parti

SV-leiaren meiner Tomren og Dei Grøne har brukt alt for mykje tid på å angripa dei etablerte miljøpartia.

– I motsetnad til Dei Grøne, som er synst har brukt mistenkjeleg mykje tid på å angripa dei grøne, er mine motstandarar Høgre og Framstegspartiet. Eg ønskjer Dei Grøne velkomne i norsk politikk.

Trekkjer fram tre sigrar

Lysbakken meiner tre punkt viser at SV har nådd fram som miljøparti i regjering.

  • Har stoppa oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja
  • Har redusert dei totale klimautsleppa
  • Har tredobla jernbaneinvesteringane.

– Eg vil ikkje få kjeft for at me har gått inn og vunne kampar for miljørørsla, sa SV-leiaren, som meiner veljarane ikkje veit kva dei får om Dei Grøne får fleire representantar på stortinget.

SJÅ HEILE DEBATTEN:

Representantar frå dei ni partia som har håp om ein stortingsplass frå Hordaland møttes torsdag til debatt på Det akademiske kvarter i Bergen.

HEILE DEBATTEN: Sjå dei ni partia diskutere mellom anna privatisering, miljø, distriktspolitikk, samferdsle, næringspolitikk og asylbarna.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.