NRK Meny
Normal

Mistar ordførarane til Stortinget

Valsigeren til dei borgarlege partia fører til store omrokeringar også i lokalpolitikken. Tre kommunar i Hordaland må ha ny ordførar i kortare eller lengre periodar det neste året.

Ove Trellevik

TIL STORTINGET: Sund-ordførar Ove Trellevik (H) er klar for Stortinget og søkjer fritak frå lokalpolitikken.

Astrid Aarhus Byrknes

BLIR FAST VARA? Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes fekk ikkje fast plass på Stortinget, men blir fast vara for Knut Arild Hareide dersom KrF-leiaren hamnar i regjering.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK
Helge André Njåstad

TIL STORTINGET: Helge André Njåstad har fått plass på Stortinget og går av som ordførar i Austevoll.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Siv Høgtun

KAN MÅTTE VIKARIERE: Askøy-ordførar Siv Høgtun (H) er tredje vara på Stortinget for Høgre.

Foto: Aleksander Vallestad / NRK

– Det blir veldig spennande, seier May Eva Sandvik frå Lindås Høgre.

Ho er ei av dei som kan rykkje opp til ein ny toppjobb etter den borgarlege valsigeren.

KrF-ordførar i kommunen, Astrid Århus Byrknes, fekk ikkje fast plass på Stortinget, men om Knut Arild Hareide får ministerpost vil ho likevel møte fast. Uansett skal Hareide ut i farspermisjon tolv veker på nyåret.

– Eg er veldig glad for å få utfordringa det er å bli ordførar i Lindås kommune.

Søkjer fritak i Sund

Frå Sund kom ordførar Ove Trellevik til slutt inn med utjamningsmandat, og han vil derfor søkje varig fritak frå ordførarvervet.

Høgre har både ordførar og varaordførar, men andrekandidat Kari-Anne Landro er ute i barselpermisjon fram til neste sommar, og dermed vert settevaraordførar Nils Kåre Skoge ordførar i eit drygt halvår.

– Når ho har permisjon blir eg fungerande ordførar, varaordførar, eller kva ein no skal kalle det, humrar Skoge.

Blir vanleg kommunestyremedlem

Helge Njåstad frå Austevoll Frp vil halde fram som kommunestyremedlem, men kommunen treng ny ordførar når han vert fast stortingsrepresentant. Det er Senterpartiet som har varaordføraren, men seier dei vil at andrekandidat Renate Møgster Klepsvik skal overta ordførarkjeda.

– Vi vil bruke dei nærmaste vekene på å drøfte situasjonen internt i partiet. Vi kan ikkje komme med noko konklusjon enno. Sjølv om mange lurer på dette, så er dette ein viktig prosess som må ha god forankring i partiet. Vi må finne ein samlande kandidat for kommunen i tida framover, seier Njåstad.

Også Askøy-ordførar Siv Høgtun (H), som ligg an til å bli tredje vara for Høgre, kan komme til å måtte møte på Stortinget i periodar.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat banner» i nytt vindu

Les mer om stortingsvalget