Hopp til innhold

– MDG kan sende miljøpartia under grensa

FORNEBU (NRK.no): Venstre og SV fekk til saman rundt 10 prosent oppslutning ved stortingsvalet i 2009. Eit nytt miljøparti på frammarsj kan gjere livet surt for dei to tradisjonelle miljøpartia.

Forurensing
Foto: NTB Scanpix

Ved lokalvalet i 2011 auka tale på kommunestyrerepresentantar frå Miljøpartiet De Grønne frå seks til 18. På meiningsmålingane i denne valkampen har partiet overraska, og har fått så mykje som over 2 prosent på enkelte meningsmålingar. Ved stortingsvalet i 2009 fekk dei 0,3 prosent oppslutning.

– Det er ei fare for Venstre og SV som slit med sperregrensa at det kan vere små marginar som er utslagsgjevande. Så ein kan ikkje sjå heilt bort i frå at MDG sender partia ned. Det var ikke forferdelig mange røyster det dreide seg om i 2009. Det er jo også ein hard konkurranse om distriktsmandatene, seier valforskar Bernt Aardal ved Universitetet i Oslo til NRK.no.

Gjennombrot på få år

Hanna E. Marcussen

Talsperson i Miljøpartiet De Grønne, Hanna E. Marcussen.

Foto: Miljøpartiet De Grønne
Valgforsker Bernt Aardal

Valforskar Bernt Aardal.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Aardal meiner MDG har opplevd imponerande framgong dei siste åra, og at kan gjere livet surt for dei to andre tradisjonelle miljøpartia.

– Dei kom inn i ein del kommunestyrer i 2011, noko som var ein form for eit gjennombrot.

Det var rundt 20 prosent av veljarane som lista miljø opp som ein av dei viktigste sakene då dei skulle røyste ved stortingsvalet i 2009. Eit høgt tal, ifølgje Aardal.

– Me må heilt tilbake til 1989 for å finne eit høgare tal.

Men likevel var det ikkje meir enn 10,1 prosent som ga røystene sine til entan Venstre eller SV. Aardal meiner dette har samanheng med at mange såg på miljø som sak nummer to, og røysta på eit større parti. Han trur dette kan endre seg i år.

– Kvifor er det fleire som ser på MDG som attraktive?

– Me ser at det er klare forskjellar blant miljøveljarane som vel SV og Venstre. Venstre tok de høgreorienterte og SV dei venstreorienterte miljøveljarane. Men ein del veljarar er kanskje litt meir i sentrum, og er ikkje så begiestra for alliansepartnarar. Og der kan det nok vere noko å hente for MDG.

Kva meiner du er det beste miljøpartiet? Sei di meining under saka!

– Men kanskje endå viktigare er at det er ein del miljøveljarar som røysta Venstre tidligare og vart skuffa av innsantsen i Bondevik-regjeringa. Og mange frå SV er misfornøgde med SV i regjering. Så det er utan tvil mange misnøgde miljøveljarar der ute, seier Aardal.

– Jau, dei er ein trugsel

Guri Melby

Guri Melby, leiar i programkomiteen i Venstre.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Guri Melby, leiar av programkomiteen i Venstre, legg ikkje skjul på at veslebror MDG er ein reell trugsel for kor mange mandat dei kjem inn med på tinget.

– Jau, det er klart dei er ein trugsel. Dei kan ta mandat særleg i Oslo, og det må me vere merksame på. Me er nødd å synleggjere dei viktige forskjellane. Eg meiner me kan få til ein betre miljøpolitikk enn MDG, seier Melby til NRK.no under landsmøtet til Venstre.

– Kvifor det?

– Fordi me tør å bli skitne på henda for å få politikken gjennom, noko me gjer ved å samarbeide med dei store partia. Og eg trur ikkje Framstegspartiet er verre på miljø enn Arbeidarpartiet. Alle dei tre store partia treng å bli stagga av minst eitt miljøparti. Den rolla kan Venstre ha.

Melby viser til at partiet klarte å stoppe gasskraftverk ved Bondevik-regjeringa, og var med på å hindre oljeboring i Lofoten og i Vesterålen. Trass i optimistisme om borgarleg samarbeid, må Melby innrømme at ho er misunneleg på MDG for at dei slepp å tenkje samarbeid.

– Eg er sikker på at det er stort potensiale på å få fleire miljøveljarar enn for fire år sidan, seier ho.

– MDG er ingen kraft

Lars Egeland

Miljøpolitisk talsperson i SV, Lars Egeland.

Foto: Privat

Miljøpolitisk talsperson i SV, Lars Egeland, ønskjer ikkje Miljøpartiet De Grønne velkomen i valkampen.

– MDG er ingen kraft her, dei kjem ikkje til å vere til stade i denne valkampen. Me snakkar først og fremst to partiar her. Eg håper dei radikale vegjarane skjønar at dei no må søyste SV. Eg håpar berre inderleg at MDG ikkje endar med å vere dei promillene som tek veljarar og hindrar at me ikkje får inn miljøpolitiske opptekne representantar, seier Egeland frå partiet som har vist seg under sperregrensa på mange målingar det siste året.

– Kvifor meiner du SV er det beste miljøpartiet?

– Miljø har vore og er SVs viktigste sak, og koplinga mellom miljø, rettferd, og økonomisk politikk gjer at vi me er truverdige på miljøpolitikk. SV er mykje tøffare på å seie at me ikkje berre vil betale for oss sjølv, men at me vil innføre restriksjonar på til dømes biltrafikk.

– Set miljø framføre samarbeid

Talsperson i Miljøpartiet De Grønne, Hanna Marcussen, er optimistisk for valet. Ho trur den største fordelen med partiet er at dei ikkje må forhalde seg til samarbeid i blokker på venstre- eller høgresida.

Så, MDG, kvifor skal miljøvelgarane røyste på dykk?

– Det er tre grunner til at folk skal stmme på oss. Noreg treng eit parti som set miljøpolitikk framføre blokkpolitikk. Det er noko me ser på som eit problem, at dei andre partia har bunde seg opp til ein blokk. Så me skulle ønskt meir samarbeid på tvers av blokkene mellom partia som set miljø høgt på agendaen.

– Me vi ha ei omstilling av Noreg til eit fornybart samfunn. Der skil me oss klart frå SV og Venstre der de legg opp til framleis høgt utvinningstempo på norsk sokkel. Me må fase ut oljenæringa til fordel for andre næringar. Me har problem med å omstille oss fordi oljenæringa sug til seg alt.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.