NRK Meny
Normal

Vedgår at fallhøgda er stor

Ein sliten, men nøgd gjeng samlast til kakefest på Høyres Hus, dagen etter valet. Partiet innser at fallhøgda er stor på Vestlandet når dei no får regjeringsmakt.

Ein sliten, men nøgd gjeng samlast til kakefest på Høyres Hus, dagen etter valet. Partiet innser at fallhøgda er stor på Vestlandet når dei no får regjeringsmakt.

SJÅ VIDEO: Kakefest hjå Høgre dagen derpå. Øyvind Halleraker (t.h) og Peter Christian Frølich er blant dei som skal representera partiet på Stortinget. Men dei får mykje å leva opp til på Vestlandet.

– Det er heilt fantastisk. Vi står framfor fire veldig spanande år, seier Øyvind Halleraker.

Som andrekandidat på Høgre si valliste, har han heile tida kjent seg trygg på at han ville halde fram på Stortinget etter valet. Men han visste ikkje kor mange partikameratar han skulle få med seg frå Hordaland.

På valvaken i går kveld kunne han og partifellene sleppe jubelen laus då dei første prognosane kom klokka 21.00. Vestlandet vart blått og Hordaland er det nest beste Høgre-fylket i landet.

Og på toppen av kransekaka; den komande statsministeren er frå Bergen.

Stor fallhøgde

Harald Schjelderup

VAKTBIKKJE: Harald Schjelderup i Arbeiderpartiet.

Foto: NRK

– Eg tykkjer nesten litt synd i ho, for vi kjem til å ha håp inn i evigheten, sa ordførar Trude Drevland i Bergen i går kveld. Ho var perlehumør då resultata frå valet rulla inn på storskjermen på valvaka.

Fallhøgda er stor for partiet som har lova Vestlandet langt betre behandling. Høgre har lenge skulda Arbeiderpartiet for å behandle landsdelen urettferdig.

– Høgre-byrådet i Bergen har vore flink til å ta æra for alt som går bra her i byen, og så har lagt skulda på regjeringa for alt dei ikkje har fått til, meiner Harald Schjelderup i Arbeiderparitet.

– Og så har dei sjølve komme med mange valløfte for Bergen som dei skal innfri. Vi skal i alle fall vere gode vaktbikkjer, held han fram.

– Vi klarar dette

Peter Christian Frølich på Høyres Hus

STORTINGSREPRESENTANT: Peter Christian Frølich vart vald inn på Stortinget.

Foto: Trond Espen Bjoland / NRK

No har Høgre fire år på seg til å visa at det også betyr noko for landsdelen å få ein bergensk statsminister.

– Å ha kunnskap om den landsdelen som me bur i, er ein viktig føresetnad for å avgjere saker som vedkjem oss, meiner byrådsleiar Monica Mæland (H) i Bergen.

Det er framleis ukjend om ho får ein rolle som minister i regjeringa som Høgre, Frp, Venstre og KrF skal forhandla om.

– Når ein får posisjonar, så er fallhøgda der, vedgår Øyvind Halleraker før han forsikrar:

– Det er viktig å forsøke å unngå at vi skal falle utfor kanten. Eg trur vi skal klare dette.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat banner» i nytt vindu

Les mer om stortingsvalget