NRK Meny
Normal

Erfaren fersking klar for Stortinget

Jette Christensen sitt politiske engasjement starta tidleg i tenåra. – Eg klarte ikkje å sitje og sjå på at verda var urettferdig, seier ho. No sit ho på trygg stortingsplass.

Jette Christensen

FRÅ VIKAR TIL FAST: Jette Christensen ligg an til trygg plass på Stortinget for første gong. Men 30-åringen har allereie god erfaring frå Løvebakken.

Foto: Arbeiderpartiet

Det har vore veldig spesielt fordi vi har hatt stort ansvar for 22. juli-saka. Eg tykkjer at det har vore veldig verdifullt å få skrive den historia.

Jette Christensen, om kontroll- og konsitusjonskomiteen

Allereie 14 år gamal melde Jette Christensen seg inn i menneskerettsorganisasjonen Amnesty International.

– Eg klarte ikkje å sitje og sjå på at verda var urettferdig og at moglegheitene var fordelt ulikt, seier ho.

Ho er lidenskapeleg oppteken av menneskerettar og rettferd. Og no skal stortingsvalet gå verkeleg gale for Arbeidarpartiet, dersom andrekandidat Jette Christensen ikkje får fast kontor på Løvebakken.

Vart vaksen i Bergen

Jette Christensen i Bergen

SOLBYEN BERGEN: Jette Christensen i Bergen; byen der ho vart vaksen.

Foto: Egil Torheim / NRK

Den unge politikaren kjem opphavleg frå Egersund i Rogaland, men har budd lenge i Bergen. No stiller ho til val som andrekandidat for Ap i sitt «nye» heimefylke.

– Eg vaks opp i Egersund, men vart vaksen i Bergen, seier ho.

Ho var med i Amnesty International ei stund, men ønskte også å utvide horisonten.

– Eg hadde lyst til å jobbe med meir politikk og breiare politikkområde, og då var det på tide å velje seg eit parti, fortel ho, og forklarar kvifor valet fall på Arbeidarpartiet.

– Eg valde dei fordi eg er samd i Arbeidarpartiet sitt mål om at alle moglegheitene vi eig saman, skal vi også dele saman. På den måten får alle moglegheita til å skape det livet dei ønskjer.

Vil styrkje vestnorsk innovasjon

Det var altså eit ønskje om ein meir rettferdig fordeling, som først engasjerte Christensen til å starte med politikk. Og innanfor dette området er det fleire ting å jobbe med.

– Eg er veldig oppteken av fordeling av moglegheiter, og at vi ikkje skal stengje dørene for nokon, seier ho, og utdjupar:

Eg hadde ikkje gjort det om eg ikkje likte musikken.

Christensen om å stille opp som musikkvideo-babe

– Uansett kvar du kjem frå, kva du heiter, kjønn og korleis økonomien er, skal du ha same moglegheiter som andre. Derfor ønskjer eg eit velferdssamfunn som legg til rette for det.

Når 30-åringen i haust vandrar i gangane på Stortinget, er det fleire konkrete oppgåver ho vil arbeide for.

– Eg vil at Vestlandet skal halde fram med å vere best på det Vestlandet er best på: Nyskapande næringsliv, sjømat og innovasjon. Eg vil leggje til rette for det.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jette Christensen

PÅ TALARSTOLEN: Egersund-kvinna har jobba seg oppover frå politisk engasjement som 14-åring til trygg plass på stortingslista som 30-åring.

Foto: Hordaland Ap

Erfaren vararepresentant

Sjølv om dette er første gong Jette Christensen blir valt rett inn på Stortinget, har ho allereie delteke på mange stortingsmøte. Ho har nemleg møtt som vara i meir enn to år, etter at partikollega Per Rune Henriksen vart statssekretær.

I denne perioden har ho vore del av den spesielle kontroll- og konstitusjonskomiteen.

– Tradisjonelt er jo det ein komité som ein avsluttar i, men eg tykkjer at det har vore veldig fint å byrje der, for då får ein innsikt i alle politiske område. Sjølv om det er ein komité for systematisk etterpåklokskap, er det ein komité som også ser framover, seier Christensen, og fortel om ei periode som har vore ekstra spesiell.

– Det har vore veldig spesielt fordi vi har hatt stort ansvar for 22. juli-saka. Eg tykkjer at det har vore veldig verdifullt å få skrive den historia.

Vil arbeide med alt

Trass hennar erfaring frå Stortinget veit ikkje Christensen kva komité ho ville valt dersom ho fekk velje sjølv.

– Det er eit vanskeleg spørsmål å stille ein politikar, for alle har lyst til å arbeide med alt, alltid. Men eg tykkjer at justiskomiteen verkar veldig interessant. Det er ein brei komité, som både jobbar konkret, og med alt frå vald i nære relasjonar, til å ta vare på tryggleiken vår på alle felt, seier ho.

Men ho kan også ramse opp fleire andre komitear som ho kunne trivast i.

– Både næringskomiteen og finanskomiteen hadde også vore interessant. Det er jo ingen politiske område som ikkje er interessante, det handlar berre om kvar eg blir plassert. Og er eg innstilt på å gjere ein god innsats uansett.

Dansa i musikkvideo

Vi skal ha eit samfunn der vi fordeler moglegheiter, der alle skal få ein sjanse og der skule- og helsetenester er for alle. Det er berre det raudgrøne regjeringsalternativet som garanterer dette

Jette Christensen
Jette Christensen, musikkvideo

MUSIKKVIDEO: Ap-dama dansa i ein musikkvideo i fjor, i ein noko utfordrande rolle.

Foto: Skjermdump youtube.com

Sjølv om politikken tar mykje tid, er Christensen også lidenskapeleg oppteken av musikk. Ho har vore delaktig i musikkbransjen i Bergen, både som arrangør og som tilsett i BRAK, interesseorganisasjonen for rytmisk musikk i Hordaland og Sogn og Fjordane.

I fjor debuterte ho som «musikkvideobabe» for bandet Empty Bottles Broken Hearts. I videoen kan ein sjå ein dansande stortingsrepresentant.

– Eg hadde ikkje gjort det om eg ikkje likte musikken. Eg likar sjangeren, og det er ei kjempebra plate, seier Christensen.

SJÅ VIDEOEN HER (EKSTERN LENKE)

Trur på godt val

Inn mot valkampen er det fleire saker ho meiner er viktige.

– Det er veldig viktig for oss å halde på, og styrke allemannsretten, fordi alle skal ha rett til å ferdast der dei vil. Vidare blir målet å få alle til å kjenne seg velkommen, seier politikaren.

Og trass i dårlege målingar for Arbeidarpartiet og koalisjonskameratane, trur 30-åringen at dei raudgrøne vinn valet.

– Det gjer eg, fordi dei aller fleste oppgjer at dei meiner at Noreg går i rett retning. Dei meiner at vi skal ha eit samfunn der vi fordeler moglegheiter, der alle skal få ein sjanse og der skule- og helsetenester er for alle. Det er berre det raudgrøne regjeringsalternativet som garanterer dette, avsluttar Jette Christensen.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat banner» i nytt vindu

Les mer om stortingsvalget