Hopp til innhold

Samanliknar seg med Kåre Willoch

Knut Arild Hareide er klar for å løfte KrF til nye høgder, og trekk parallellar til ein Høgre-nestor. Men først tek han med dottera heim til Bømlo for første gang.

Knut Arild Hareide

IKKJE SINT, BERRE SKUFFA: Knut Arild Hareide innrømmer at han kan bli sint, men at det skal mykje til. KrF sin partileiar ladar opp til valkampen heime på Bømlo.

Foto: Trond Espen Bjoland / NRK

– Det Kåre Willoch og eg har til felles, er at dersom du møter oss i ei mørk bakgate, så blir du ikkje veldig redd. Ingen av oss er nokre store muskelmenn, ler Knut Arild Hareide.

KrF-leiaren har tidlegare fått høyre at han treng anabole steroid, fordi han lover å løfte så mykje. Ein humoristisk kommentar som tydeleg også spelar på at kroppsbygginga til Hareide ikkje er blant dei største.

– Men Willoch var ein stor politikar, og fekk til ting likevel, så eg har store ambisjonar for valet, seier partileiaren, som toppar stortingslista for KrF i Hordaland.

Ung folkevald

Han vart fødd i 1972, og er såleis ikkje blant dei eldste på Stortinget. Men trass sin relativt unge alder, har Hareide allereie eit langt politisk liv bak seg. Allereie 18 år gamal vart han folkevald for første gong. Det var i kommunestyret i heimkommunen Bømlo.

Det er mange som spør meg: "Kva er di sak Knut Arild?".

Knut Arild Hareide

– Eg var oppteken av skulespørsmål, og engasjerte meg for at kommunen skulle skape sommarjobbar for ungdom. Det var ikkje like lett å få sommarjobb for ungdom då eg vaks opp som det er i dag, seier Hareide.

Etter politikardebuten har han mellom anna vore politisk rådgjevar i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, og statssekretær i Finansdepartementet.

I 2004 nådde han toppen i norsk partipolitikk, då han vart statsråd i regjeringa til partikollega Kjell Magne Bondevik. I litt over eitt år var han miljøvernminister i Noreg.

Og engasjementet for miljøvern har han framleis.

– Vi treng eit stortingsfleirtal som tar klimautfordringane på alvor, seier Hareide.

– Blir stiv i blikket

Knut Arild Hareide og babysko

BABYSKO: Då Hareide var gjest i NRK Hordaland, fekk han eit par babysko til dottera.

Foto: Trond Espen Bjoland / NRK

Med unntak av eit par veker fri, går sommaren med til valkamp for KrF-politikaren.

– Eg er nok litt stiv i blikket når eg ser fram mot 9. september, seier ein spøkjefull partileiar.

Denne sommaren tar han med dottera si til øykommunen i Sunnhordland. Heime hos foreldra står barnesenga til den knappe tre månader gamle jenta klar i huset Hareide har vakse opp i.

– Eg skal feriere på Vestlandet, og dottera mi skal for første gong besøke Bømlo.

Og i ferien skal den naturglade bømlingen bruke litt tid ute.

– Det å få ein tur på sjøen og gå litt i marka blir veldig kjekt. Eg får ikkje gjort det like mykje som før, for dottera mi har ikkje heilt funne naturen endå, ler småbarnsfaren.

Eg saknar det flotte lokalmiljøet, og engasjementet rundt lokale lag og organisasjonar.

Knut Arild Hareide om Bømlo

LES OG HØYR: Hareide var gjesteprogramleiar på NRK

Hjartesak nummer ein

Det er mange politiske område som engasjerer Knut Arild Hareide Han blir ofte spurt om kva som er det viktigaste for han.

– Det er mange som spør meg: "Kva er di sak Knut Arild? Valgerd hadde kontantstøtta, Dagfinn hadde røykelova, og kva er då di sak?". Og eg meiner at eg har ei sak som er nesten større enn røykelova og kontantstøtta til saman, seier Hareide, og forklarar nærare kva han meiner.

– Det handlar om menneskeverdet. KrF vil hjelpe til når livet er på det mest sårbare: I byrjinga av livet, ved slutten av livet og når sjukdom rammar. Eg meiner at vi bør ha eit samfunn med plass til alle. Vi skal ikkje ha returrett på enkelte barn.

Hareide meiner at ein bør løfte opp menneskeverdet i samfunnet, og at barn med ulike eigenskapar har same verdi.

– Samfunnet vårt treng barn med ulike eigenskapar. Det å løfte opp menneskeverdet i alle delar av livet, er mi hjartesak nummer éin, seier den engasjerte politikaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hareide og Bondevik

KRF-PRINSEN: I 2004 blir Knut Arild Hareide teken inn i varmen i Bondevik-regjeringa. Saman med Thorhild Widvey blir han presentert som ny minister

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Meir skuffa enn sint

Med eit stort politisk engasjement, følgjer det med mange kjensler. Og sjølv om Knut Arild Hareide vanlegvis verkar som ein roleg mann, kan også han bli sint.

– Er du politisk engasjert, så kan temperamentet ta ein, seier han.

– Kor sint kan du bli?

– Eg trur at når det gjeld debattar om menneskeverd, blir eg meir skuffa enn sint. Men eg er oppteken av at det skal vere tydeleg kva eg meiner, samtidig som eg har respekt for meiningane på den andre sida, seier partileiaren.

Saknar lokalmiljøet

Det går sjølvsagt mange timar med til ein valkamp, men det kjennest ikkje alltid som ein jobb når eg er ute og treffer folk.

Hareide om livet på stand

Med studium og arbeid i Bergen og Oslo, har det blitt mange år borte frå Bømlo for Hareide.

– Eg saknar det flotte lokalmiljøet, og engasjementet rundt lokale lag og organisasjonar. Då eg budde heime på Bømlo, var det plass til meg på det lokale fotballaget. Eg trur ikkje det er plass til meg på laga i Oslo, spøker han.

Og han kan ramse opp fleire fordelar med å bu på ein liten plass.

– Du kjenner alle, og ein kan byggje opp eit lokalmiljø saman. Ein arrangerer fotballturneringar saman, og når skulekorpset har basar, så stiller bygda opp. Det miljøet saknar eg veldig, seier bømlingen.

Knut Arild Hareide og familien

TREKLØVER: Til KrF sitt landsmøte i april tok Hareide med seg kona Lisa Maria og dottera Sara. Denne sommaren får KrF-leiaren med seg Sara heim til Bømlo.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Avgjerande å like menneske

KrF-leiaren skal vitje alle 19 fylka i Noreg i løpet av valkampen, og har mange hektiske dagar framfor seg før valet den 9. september.

– Det går sjølvsagt mange timar med til ein valkamp, men det kjennest ikkje alltid som ein jobb når eg er ute og treffer folk og står på stand. Det er veldig kjekt, seier Hareide, og fortel at han likar å treffe veljarar.

– Eg trur det er heilt avgjerande å like menneske for å trivast i politikken, seier han.

Ombod for Hordaland

Når ein er både hordalending og partileiar for eit landsdekkjande parti, kan det oppstå konflikt mellom å støtte Hordaland eller resten av landet. Hareide er godt kjend med denne problemstillinga.

– Men sjølv om eg er partileiar, så ønskjer eg ikkje å berre vere rikspolitikar. Eg vil også vere ei ombodsmann for Hordaland. Eit døme er at eg vil arbeide for Hordfast, som vil bidra til å binde fylket saman, seier han, og nemner også andre dømer på saker der han støttar Hordaland.

– Eg meiner at staten bør komme med auka bevillingar til Bybanen i Bergen, slik at vi kan få bygd den hurtigare. Det er noko eg vil jobbe for dersom eg kjem på Stortinget for Hordaland.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.