Hopp til innhold

Erna Solberg trur på fireparti-regjering

Erna Solberg har trua på at alle dei fire borgarlege partia skal klare å danne regjering. – Eg har alltid levd i den tru at vi skal få det til, seier ho.

Pressekonferanse frå Nydalen

PRESSEKONFERANSE:Erna Solberg seier ho har trua på fireparti-regjering, men først skal dei borgarlege bruke ei veke på å finne ut om det er grunnlag for forhandlingar.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Partileiarane har hatt den første offisielle samtalen seg i mellom etter valet. I første omgang var det berre sondering som stod på programmet, og eit pittelite, første steg mot å forme ei ny regjering er tatt.

Alle er ved godt mot, men det er enno langt igjen til noko er avklart.

– Vi har hatt eit sonderingsmøte. Det har skjedd i ein god tone, seier Erna Solberg, som seier ho har god tru på at alle dei fire borgarlege partia skal klare å forme regjering.

– Eg har alltid levd i den tru at vi skal få det til. No sit alle og snakkar og eg vil ikkje gi noko løypemelding på kor sterkt eller lite sterkt eg trur på det. Eg trur på det så lenge alle sit rundt bordet, seier ho.

SE PRESSEKONFERANSEN:

Etter dagens første møte for å finne ut om de kan gå i regjering sammen, møtte Venstre, KrF, Høyre og Frp pressen i Nydalen, Oslo.

De borgelige holdt pressekonferanse

– Erna blir statsminister

For det er framleis uklart korleis dei fire partia skal utforme den nye regjeringa. Det er sett av minst ei veke til slike sonderingsavtalar, før dei fire parta deretter skal finne ut om det er grunnlag for forhandlingar.

I det minste sit dei rundt same bord, og ingen lagar dårleg stemning, ifølgje den påtroppande statsministeren.

– Det er ikkje kome nokre skjelsettande avklaringar i dag, men vi har bestemt oss for å fortsette å snakke i lag, held Solberg fram og legg til den største, store avgjerda dei fire leiarane har kome fram til:

– Vi er einige om kven som er statsministerkandidat. Dersom de ikkje visste det, så blir det meg, seier Erna Solberg.

– Ingen trur dette blir lett

Dei fire borgarlege leiarane møttest klokka 12.30 på Radisson Blu i Nydalen måndag, og møtte pressa til pressekonferanse etterpå.

– Det må kome mange avklaringar, men vi har lagt eit godt grunnlag, seier Krf-leiar Knut Arild Hareide.

– Ingen trur dette blir lett, legg Siv Jensen til.

Vedgår utfordringar

Venstre-leiar Trine Skei Grande kom heller ikkje med nokon «skjelsettande» avklaringar, men antyda at Venstre uansett vil bidra til eit skifte.

Regjeringssonderinger partiledere

KRF-leiar Knut Arild Hareide, Høgre-leiar Erna Solberg, Venstre-leiar Trine Skei Grande og Frp-leiar Siv Jensen poserte fint for pressa framfor den første sonderingssamtalen om ei ny regjering.

– Vi har fått eit mandat av veljarane om å få til eit skifte. No sit vi her og prøvar å gjere det. Det er nok ei kjensle frå minutt til minutt om korleis den enkelte føler at det går, seier Grande.

Erna Solberg vedgår at det står utfordringar på menyen, trass i at det enno ikkje er nokon sure miner å sjå rundt samtalebordet.

– Stemninga er veldig god, men det er klart det er usemjer mellom desse partia. Vi er villige til å kome fram til kompromissar, seier Solberg til NRK.

Framleis lite sannsynleg med Venstre + Frp

Venstre-leiar Trine Skei Grande skulle ønske ho hadde større gjennomslagskraft i sonderingssamtalane.

– Eg skulle ønske vi hadde fått meir enn oppslutninga på 5.2 eller 5.3 prosent. DÅ kunne vi ha fått meir gjennomslag rundt bordet, men vi skal prøve å maksimere det mandatet veljarane har gitt oss, seier ho.

Grande held likevel fast på at det framleis er lite sannsynleg at dei vil gå i regjering med Framstegspartiet, men utelukkar det ikkje.

– Vi har sagt at det er lite sannsynleg, men det skal vi ikkje gjenta for mange gongar. No skal vi sjå kva slags gjennomslag vi kan få, det er det veljarane mine er opptekne av. Det veit eg, seier Skei Grande.

Denne veka kjem partileiarane til å finne ut om det er grunnlag for forhandlingar. Ifølgje Skei Grande kan dette ta lengre tid enn planlagt.

– Denne veka skal vi gå gjennom alle viktige tema for å sjå kvar vippepunkta mellom partia går. Så ser vi etterpå om det er grunnlag for forhandlingar, seier ho.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.