NRK Meny
Normal

Høgre: – Arbeidarpartiet lyg om E39

Øyvind Halleraker frå Høgre meiner Arbeidarpartiet sin toppkandidat i Hordaland snakka usant om E39.

Valgtivoli Bergen - duell Halleraker vs. Henriksen

SKULDA AP FOR LØGN: Øyvind Halleraker i Høgre meiner Per Rune Henriksen snakka usant om byggjestart for E39.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Det vart høg temperatur då Øyvind Halleraker og Per Rune Henriksen diskuterte samferdsle under NRK Hordaland sin valdebatt frå Det akademiske kvarter i Bergen.

Henriksen stilte spørsmål ved at Halleraker lova raskare oppstart av E39-prosjektet Hordfast, om Høgre kjem i regjering.

– Me vil starta bygginga av Hordfast i 2018, og Høgre vil starta bygginga av Hordfast i 2018, ein kan jo lura på om 2018 kjem raskare for Høgre, sa Per Rune Henriksen.

SJÅ DUELLEN HER:

Øyvind Halleraker (Høgre) møtte Per Rune Henriksen (Ap) til debatt om samferdsle.

DUELL: Per Rune Henriksen (Ap) og Øyvind Halleraker (Høgre) diskuterte samferdsle.

– No lyg du

Det fekk Høgre sin andrekandidat Øyvind Halleraker til å skulda Ap-kandidaten for løgn.

– No lyg du. Dette er rett og slett usant, svarte Halleraker. Han meiner Arbeidarpartiet og den sitjande Regjeringa ikkje har sett nokon dato for oppstart av den ferjefrie vegen.

– Eg har dette frå vår mann i transportkomiteen, svarte Henriksen då han skulle svara på påstandane om at han snakka usant.

  • Delta i debatten på sosiale medium. Bruk #valgtivoli for å seia di meining.

Øyvind Halleraker

–HENRIKSEN LYG: Øyvind Halleraker meiner Regjeringa ikkje har sagt noko om byggestart for E39.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK
Har ikkje tatt stilling til byggjestart

Ein kikk på Nasjonal transportplan tyder på at Halleraker har eit poeng, når det gjeld Regjeringa sine lovnadar.

«Regjeringa legger i utgangspunktet til grunn at vidare planlegging skal ta sikte på ferdigstilling av ein ferjefri E39 i løpet av ein tjueårsperiode. Regjeringa vil ved seinare NTP komme tilbake til korleis ambisjonen skal følges opp», står det i Nasjonal transportplan som vart vedteke like før Stortinget tok sommarferie.

Regjeringa har i planen ikkje fastsett nokon byggjestart, eller konkludert om trasévalet for E39. Det har i lengre tid vore ein debatt om ein skal velja det midtre alternativet (kryssing av Bjørnafjorden) eller det indre alternativet gjennom Fusa.

Berre konkrete på Rogfast

Valgtivoli på kvarteret

KAMPKLARE: Partia møttest for å fri til veljarane i Hordaland på Kvarteret i kveld.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Ambisjonen i transportplanen er at ein ferjefri kyststamveg mellom Kristiansand og Trondheim skal vera ferdig innan 20 år. Berre Rogfast, kryssinga av Boknafjorden har fått konret årstal for oppstart.

Heller ikkje Høgre er konkrete på byggjestart i sin alternative transportplan.

Meir ambisiøse i Stortinget

Disse medlemmer (....) mener at en burde ta sikte på oppstart av Hordfast i 2018.

Mindretalsinnstillinga til Høgre

disse medlemmer vil peke på at Hordfast, Nordfjorden og Møreaksen må planlegges med sikte på oppstartsbeslutning ved neste rullering av planen, og at anleggsstart for disse kan skje i perioden fra 2018

Fleirtalsvedtaket til regjeringspartia

I sjølve vedtaket som vart gjort i Stortinget gjekk fleirtalet, altså regjeringspartia, inn for byggjestart i perioden 2018–2024. Då ønskte opposisjonen leia av Høgre eit meir konkret vedtak på byggjestart i 2018.

Altså: Høgre har gått inn for byggjestart i 2018, medan Ap har gått inn for byggjestart mellom 2018 og 2024.

Begge beklagar

Etter debatten var det tid for å gå i seg sjølv for begge debattantane.

– Eg får vel vedgå at eg var litt upresis, seier Henriksen.

– Eg angrar litt på at eg sa at han laug. Eg skulle nok sagt at han var litt upresis, seier Halleraker.

Representantar frå dei ni partia som har håp om ein stortingsplass frå Hordaland møttes torsdag til debatt på Det akademiske kvarter i Bergen.

DEBATT: Sjå heile debatten frå Det akademiske kvarter.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat banner» i nytt vindu

Les mer om stortingsvalget