Hopp til innhold

Varslar knallhard kamp om å få styre skulane

FORNEBU (NRK.no): Venstre-leiar Trine Skei Grande lanserte seg sjølv som ny utdanningsminister på Venstre sitt landsmøte. Men akkurat det er ikkje så populært hos Høgre.

Trine Skei Grande

Trine Skei Grande konkluderte i dag med at ho ønskjer seg utdanningsposten.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Partiet Venstre har i mange år kjempa ein innbitt kamp på å klamre seg over sperregrensa. Partiet er no representert med stakkarslege to representantar på Stortinget.

Dette stoppar ikkje Venstre-leiar Trine Skei Grande frå å leggje lista høgt når ho ser for seg eit liv som statsråd. Ho ga i landsmøtetala eksplisitt uttrykk for at ho ønskjer å bli utdanningsminister.

– Det er mogleg nokon synast dette høyres ut som ein arbeidsplan for ein ny undervisningsminister, og kanskje er det meint slik også, sa ho til dundrande applaus.

Ho utdyper til NRK.no kvifor utdanningsposten er viktig.

– Det er klart at det er lenge sidan me har hatt undervisningsministeren, så no synest eg faktisk det er på tide.

Ho har mange konkrete planar om korleis ho skal ruste opp skulane i Noreg. Det handlar blant anna om å sørgje for fleire lærarar, mindre byråkrati, meir lokalt sjølvstyre, fleire helsesøstre og ein forpliktande opptrappingsplan for forsking.

(Saken fortsetter under videoen)

Hele talen til Trine Skei Grande på Venstres landsmøte

SE VIDEO: Se hele talen til Trine Skei Grande på Venstres landsmøte

– Svært viktig for Høgre

Stortingsrepresentant Elisabeth Aspaker, ( H ), Troms

Høgre-politikar Elisabeth Aspaker er eit av dei heite namna til å bli ny utdanningsmnister. Ho lovar hard konkurranse til Venstre.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Men om applasen sto like høgt i taket heime hos Høgre-politikarane som på Venstre-landsmøtet er vel heller tvilsamt.

Utdanningspolitisk talskvinne i Høgre og heit kandidat til ministerposten, Elisabeth Aspaker, slår fast at Venstre vil få ein knallhard konkurranse ved ein eventuell regjeringskabal.

– Dette er eit departement som Høgre har hatt før, og er eit svært viktig departement for oss. Det vil ligge langt inn for oss å gi det frå oss, høgrefolk vil ha det høgt oppe på ønskjelista.

– Meiner du Grande tek munnen for full?

– Eg registrerer at Venstre har lyst på utdanningsdepartementet, men det blir ein sterk konkurranse frå Høgre.

Unge Høgre har heller ikkje noko tru på at Venstre får utdanningsministeren.

– Eg skjønar godt at ho vil ha den, men eg meiner definitivt at den posten bør Høgre ha. Rett og slett fordi me er utdanningspartiet, seier Unge Høgre-leiar Paul Joakim Sandøy til NRK.no.

Meiner det blir med ein draum

Kyrre Nakkim

Kyrre Nakkim har ikkje tru på at Venstre klarer å karre til seg utdanningsministeren.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Politisk redaktør i NRK, Kyrre Nakkim, har heller ikkje noko tru på at Venstre klarar å karre til seg utdanningsposten i ei ny regjering.

– Eg trur det er ganske usannsynleg at dei får dette departementet. Høgre har det siste tiåret profilert seg som utdanningspartiet. Og Erna Solberg har lagt stor vekt på at det framleis vil bli viktig for partiet. Slik som eg ser det vil Høgre fortsatt styre dette departementet.

– Kvifor går Grande så langt i å lansere seg sjølv som utdanningsminister?

– Det er tydeleg at Venstre har peika ut utdanning som den store saka for dei i valkampen. Det er hovudsaka ho pratar om i dag. Her ønskjer ho å vinne gamle venstrevelgjarar. Venstre har alltid vore lærarpartiet.

Nakkim meiner Venstre prøvar å skape eit større skilje mellom utdanningspolitikken til Venstre og Høgre, men at det i realiteten ikkje er så stort politisk skilje mellom partia.

– Ho klarar ikkje heilt å markere at Venstre har ein eigen røyst i høve til Høgre.

Venstre har forsøkt å gjere det klart at dei ikkje vil godkjenne innføring av privat utbytte i skulane, og at Høgre ønskjer å innføre dette. Nakkim trur uansett dette er ei tapt sak for Høgre.

– Erna Solberg ønskjer å dempe den private delen av utdanningspolitikken i valkampen. For dette var ei taparsak for dei borgarlege sist. Det er uaktuelt å ha kommersielle skular no. Venstre skapar ein forskjell mellom seg og Høyre som ikkje er der.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.