Hopp til innhold

Kommentator: – Kvar er det politiske ungdomsopprøret i miljøkampen?

Leiarane for ungdomspartia skil seg ikkje lengre frå leiarane i moderpartia. – Ungdomspolitikarane er blitt glattpolerte og lite radikale, meiner kommentator Krister Hoaas.

Eskil Pedersen, Sandra Borch og Sveinung Rotevatn

MILJØDEBATT: Eskil Pedersen (AUF), Sandra Borch (Senterungdommen) og Sveining Rotevatn var blant ungdomspartileiarane som torsdag kveld møtte til debatt i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Krister Hoaas og Klara Wade

SKUFFA: Kommentatorane Krister Hoaas og Klara Wade let seg ikkje imponere over ungdomspartileiarane sin miljødebatt.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Dei er flinke debattantar, men er ganske polerte. Eg ser ikkje lenger noko ungdomsopprør

Krister Hoaas, kommentator

Det seier næringspolitisk rådgjevar og tidlegare politisk journalist i Bergens Tidende, Krister Hoaas, etter å ha høyrt leiarane for ungdomspartia i debatt i Bergen torsdag kveld.

– Dei er flinke debattantar, men er ganske polerte. Eg ser ikkje lenger noko ungdomsopprør, seier Hoaas som i dag er tilsett i Bergen Næringsråd.

Saman med Kari Wade frå Studentersamfunnet i Bergen kommenterte dei ulike temabolkane i debatten i NRK.no si direktesending.

På programmet stod ruspolitikk. asylborn, Syria, framtidas arbeidsmarknad - og kampen mot miljø- og klimautfordringane. Og nettopp klimadebatten vart den store skuffelsen, meiner Hoaas. Han er lite imponert etter å ha høyrt leiarane for dei politiske ungdomspartia debattere korleis dei vil løyse miljøutfordringane.

Meiner Stoltenberg var meir radikal

Med ni unge partileiarar i panelet, hadde Hoaas venta seg større vyer. Men i debatten på NRK.no var temperaturen låg, så lenge miljø sto på køyreplanen.

– Eg meiner å hugse at Jens Stoltenberg som AUF-leiar og andre AUF-leiarar har vore mykje meir radikalei miljøpolitikken, enn kva Eskil Pedersen framstår som no. Det verkar som om partidissiplinen er mykje strengare i alle partia. Det var lite radikalt miljøengasjement i orda som fall.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ungdomspolitisk debatt i Bergen

UNGT PUBLIKUM: Grand selskapslokaler var fyllt til siste stol under ungdomspartileiar-debatten i Bergen torsdag kveld.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Låg temperatur

Debatten om miljø har prega mykje av valkampen til moderpartia, ikkje minst grunna Miljøpartiet De Grønne sin framgang på meiningsmålingane. Det var difor knytt spenning til denne delen av kvelden.

Men miljødebatten tok aldri av mellom ungdomspolitikarane.

– Vi må gjere mykje, sa leiar for AUF, Eskil Pedersen, som ikkje trur på miljømoralisme.

– Eg trur ikkje at det berre er opp til folk å leggje om liva sine. Politikarane må ta dei viktige avgjerslene, heldt han fram.

Sveinung Rotevatn (Unge Venstre) slo eit slag for fornybar energi.

– Eg vil ha ein kvardag der ein kan puste utandørs i Bergen, også om vinteren. Vi må få varige avtalar for el- og hybridbilar, og fleire ladestasjonar langs viktige vegar.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ungdomspolitisk debatt i Bergen - Sveinung Rotevatn

SOM Å HØYRE MODERPARTIA? - Lite radikalt å spore i miljøbodskapen, oppsummerer tidlegare politisk journalist Krister Hoaas etter ungdomsdebatten i Bergen. Her har Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn ordet, flankert av Eskil Pedersen (AUF), Sandra Borch (Senterungdomen) og Emil André Erstad (KrFU) og Paul Joakim Sande (UH).

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Ikkje straff bilistar

FrpU meinte dei fleste partia brukar store ord, og var meir oppteken av å gjere det enklare for folk å velje miljøvennleg.

– Vi er ikkje samde i at ein skal straffe bilistar. Å ha bil er ikkje luksus, sa leiar Himanshu Gulati, som vil legge til rette for at ungdom skal få råd til å kjøpe nyare og mindre forureinande bilar.

Pedersen i AUF kommenterte på si side at det heller bør bli dyrare å køyre bil, i allefall i stor byane.

Sandra Borch i Senterpartiet argumenterte for at regjeringa har satsa på miljøvennleg energisystem.

– Regjeringa har satsa på fleire vindmøller og meir vasskraft, noko miljøpartiet er i mot, hevda ho i ungdomsdebatten som vart arrangert av Bergen Næringsråd i samarbeid med NRK.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Dei nasjonale ungdomspartileiarane møttes til debatt i Bergen 5. september.

SJÅ VIDEO: Ungdomspartia i miljødebatt.

– Vêr tøffare

Den tidlegare politiske journalisten i Bergens Tidende meiner det er sjeldnare ein ser at ungdomspolitikarane verkeleg utfordrar leiinga i moderpartia.

– Dette burde kanskje vera det enklaste for dei, nemleg å vere litt tøffare og litt meir radikale.

Han får støtte frå Klara Wade frå Studentersamfunnet i Bergen. Ho oppfatta ungdomspartileiarane som lite konkrete.

– Det er slåande at det ikkje er eit ungdomspartipolitisk engasjement for miljø slik vi kunne ønskje å sjå det. Sjølv blant Grønn Ungdom tykkjer eg ikkje det er ein heilskapleg miljøpolitikk. Kva er det politikarane vil ofre for miljøet?

Wade i Studentersamfunnet viser til at AUF-leiar Eskil Pedersen på spørsmål om kvifor ein skulle røyste på Arbeidarpartiet på grunnlag av miljø, svara at dei hadde mange andre gode saker.

– Det er vel kanskje at dei heller tenkjer på at dei skal inn på Stortinget, enn at dei skal ha ei miljøsak å kjempe for. Det er faretrugande. Ungdomen bør vere dei som bringer fram miljøpolitiske og radikale forslag, seier Wade.

Eskil Pedersen: – Vi får ikkje snakke ut

AUF-leiar Eskil Pedersen meiner den hektiske valkampinnspurten gjer ungdomspartileiarane meir forsiktige.

– Det er tre-fire dagar igjen til valet. Då er vi på partibodskapen. Slik vil det alltid vere i alle debattane som er i ein intensiv valkamp. Det er lett å bli tatt på å love ting som ikkje partiet ditt lovar. Men eg opplever at det er radikale og visjonære idear i ungdomspartia, seier AUF-leiaren til NRK.no etter debatten i Bergen torsdag kveld.

–Men er de ungdomspolitikarar blitt for like ungdomspartiet?

– Eg vil seie at i ein debatt som denne så blir vi gitt så lite taletid. Programleiarane avbryt, og nokon andre får replikk. Då får ein aldri fullført ein bodskap med konkrete verkemiddel. Hadde vi fått snakke ut, så hadde det også blitt tydelegare.

AUF-leiaren understrekar at det er skilnad på han og partileiar og statsminister Jens Stoltenberg i fleire miljøsaker.

– Eg er til dømes mot å opne opp for oljeboring i Lofoten og Vesterålen, og eg meiner Norge kan gjere endå meir for å kutte eigne utslepp, seier Pedersen.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.