Hopp til innhold

Brukar 1 million kommune-kroner på kontantstøtte

Høgre går til val på at kommunane skal ha ansvar for å betale ut kontantstøtte. I Søgne får toåringane 4000 kommunale kroner i månaden allereie. Høgre-ordføraren ville helst brukt pengane på noko anna.

Tangvall

DYRT: Ti prosent av toåringane i Søgne kommune mottek kommunal kontantstøtte. Det vert mykje pengar for ein kommune med litt over 10.000 innbyggare.

Foto: Gunnar Kleiberg / NRK

Åse Severinsen

Ordførar Åse Severinsen (H) er i tvil om kontantstøtte er det beste dei kan gjere for småbarna i kommunen.

Foto: Håvard Grønli / NRK
Sigrun Sæther

Trebarnsmora Sigrun Sæther er ein nøgd brukar av kontantstøtte.

Foto: Håvard Grønli / NRK
Jeanette Kleivset

KrFs Jeanette Kleivset gjekk i bresjen i kommunestyret for å kjempe fram kontantstøtteordninga.

Foto: Håvard Grønli / NRK

– Eg trur at viss eg sto heilt fritt, så ville eg ha satt dei pengane inn i andre tiltak for barn, seier Høgre-ordførar Åse Severinsen i Søgne kommune.

Ho er i tvil om kontantstøtte er det beste dei kan gjere for småbarna i kommunen med 10.855 innbyggare, men KrF kjempa for at høgre-sentrum-partia skulle tilby innbyggarane i sørlandskommunen kontantstøtte, og då vart det slik.

– Får kvardagen til å gå opp

Det er Sigrun Sæther glad for. NRK møter trebarnsmora på brygga i sørlandskommunen.

Det er fortsatt ferie for familien når den redningsvestkledde toåringen Ingvild får spise is på mammas fang. Og heller ikkje når ferien er over skal Ingvild i barnehagen.

Det skal ho ikkje før ho blir tre år. Mamma jobbar deltid som sjukepleiar i helgar og kveldar og får 4000 kommunale kroner i kontantstøtte, slik at ho kan vere heime med Ingvild på dagtid.

– Vi får inn 4000 kroner skattefritt og slepp utgifter til barnehage. Det gjer at eg kan jobbe 60 prosent.

– Vi tok et valg. Viss eg skulle hatt Ingvild i barnehage måtte eg ha stått på døra klokka 7, for det er mykje kø og trafikk på E39 til sjukehuset i Kristiansand der vi jobbar begge to. Og så hadde eg henta henne i halv fem-tida. Det hadde blitt ein altfor lang dag for henne. Takka vere kontantstøtta får vi det til å gå opp, smilar KrF-sympatisøren.

– Mange meiner at dette ikkje er likestillingsfremmande?

– Valget var enkelt. Kven tener mest av meg og mannen min? Det var mannen min. Då blei det jo slik at det vart eg som reduserte stillinga.

Dyrt for kommunen

Om reknestykket var lett for familien, var det ikkje så lett på Rådhuset.

Rådmannen gjekk imot vidareføring av ordninga. Ordførar Severinsen synest også den er blitt dyr. Trass i at det ikkje er så mange som brukar den som ho hadde trudd. Ti prosent av toåringane i kommunen mottek kommunal kontantstøtte.

– Det kostar oss ein million i inneverande år, og det blir om lag det same neste år. Det er sjølvsagt pengar vi kunne brukt på andre ting, seier ordføraren.

– Høgre her har vore veldig ambivalente. Hadde det ikkje vore for avtalen vi inngjekk med KrF hadde vi nok neppe hatt kontantstøtte her i kommunen, forklarer ho.

Tru og tradisjon

Søgne kommune er ikkje åleine om å tilby lokal kontanstøtte i dette området. Etter at den raudgrøne regjeringa fjerna den statlige kontantstøtta for barn mellom to og tre år som ikkje er i barnehage, har ei rekke kommunar i sør innført kommunale ordningar. Også bykommunen Kristiansand er blant desse.

– Det har veldig mykje med tradisjon og tru å gjere, trur Severinsen.

– Det er større grad av religiøsitet her, og då er det kanskje større overtyding om at mor og barn har det best saman i heimen. Sjølv er ho ikkje like sikker på om det er så lurt å støtte opp om denne haldninga.

Uansett var det nettopp den religiøse blomsten i partifloraen som sørga for at det vart lokal kontantstøtte i Søgne. KrFs Jeanette Kleivset gjekk i bresjen i kommunestyret for å kjempe fram ordninga. Der ordføraren ser ein utgiftspost, tenker ho annleis:

– Nokre meiner det er ein utgift, men ein annan måte å sjå det på er at dette er pengar vi uansett får løyvd frå staten. Vi får pengar som er gitt til barna allereie. Noko av det brukar vi på barnehageplassar, og då kan vi også velje å bruke dei på lokal kontantstøtte. Eg meiner ikkje dette er ein kostnad for oss.

– Er nok litt ut

Men kontantstøtte-mottakar Sigrun Sæther trur ikkje kontantstøtta er den store vinnarsaka i valkampen for verken KrF eller Høgre.

I Søgne er det ikkje kontroversielt å droppe barnehage, men tidene endrar seg her også.

– Eg trur kanskje folk er litt lei av ordet «kontanstøtte». Valfridom er bra, men kanskje dei skal kalle det noko anna. Det er mindre og mindre vinnarsak i samfunnet. Den verkar som den er på veg ut, seier Sæther.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.