Hopp til innhold

Vann valthriller - og vart største Sp-kommune

Etter eit nervøst døgn vart det i går kveld stadfesta at profilerte Kjersti Toppe berga plassen på Stortinget. Samstundes kan ho skryte av at Bergen har flest Sp-veljarar i landet.

Kjersti Toppe
Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Det er veldig bra å kunne seie at Norges største Senterparti-kommune er Bergen by, seier ein glad og letta stortingsrepresentant til NRK.no.

Ute, inne, ute...

Etter å ha vore ute og inne på målingane før valet, hadde ho på førehand frykta ein valtrhiller. Slik vart det også.

– Eg var førebudd på det verste, og håpa på det beste. Vi hadde målingar som var ganske dårlege. Samstundes veit ein at vi brukar å løfte oss i val, men vi kunne ikkja ta noko for gitt, seier Toppe.

Toppe frå Åsane i Bergen kom inn på Stortinget i 2009. Då tok ho over etter ein annan Bergensar, Rune Skjælaaen.

Heldt pusten

Først tysdag ettermiddag vart det stadfesta at ho kapra det siste distriktsmandatet frå Hordaland og blir vekependlar til Oslo, også dei neste fire åra.

– Eg slo meg ikkje til ro før 100 prosent av røystene i Hordaland var telt opp. Det var veldig kjekt at vi klarte å ta direktemandatet. Slik situasjonen var, skal vi vere glade for at vi tok eit direktemandat.

Men det sat langt inne. Berre 300 røyster skilte Toppe frå Frps Laila Reiertsen, som ikkje fekk fast plass på tinget.

Over 3000 bergensarar

Som ei fjær i hatten stadfesta også ToppeBergen sin posisjon, som den kommunen i landet med flest Senterparti-velgere. Noko dei fleste kanskje ikkje hadde venta av partiet som er kjent for sin distriktsprofil.

– Det er ein veldig viktig intern konkurranse vi har, om å vere største senterparti-kommune i talet på røyster. Den hadde Bergen ved førre val, og der er vi framleis. Sjølv om vi har gått ned noko i høve til førre stortingsval, så har vi vunne noko i høve til kommunevalet, konstaterer Kjersti Toppe.

3128 bergensarar røysta på Senterpartiet ved årets stortingsval.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.