Hopp til innhold

Partitoppar i Frp og Venstre ber medlemmene gi partileiarane arbeidsro

Venstre-nestleiar og sentralstyremedlem i Frp ber partimedlemmer om å ikkje stille ultimatum i media. – No må partileiarane få ro til å forhandle om regjering.

Borgerlige partiledere

SONDERER: Dei borgarlege partileiarane har ute følarar, før dei går i konkrete regjeringsforhandlingar etter valsigeren.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Terje Breivik og Helge André Njåstad

VIL HA RO: Venstre-nestleiar Terje Breivik (t.v.) og sentralstyremedlem i Frp, Helge André Njåstad deltok tysdag kveld på kvar sitt sentralstyremøte. Dei fortel om to parti i valrus.

Foto: NRK

Det har ikkje mangla på synsing om kva som er smertegrensene for dei ulike borgarlege partia i eit eventuelt regjeringssamarbeid med Erna Solberg og Høgre. Ikkje minst har Frp-nestor Carl I. Hagen skapt overskrifter med si ti-punkts kravliste.

Is i magen

No treng alle partia litt tid på kammerset.

Terje Breivik, nestleiar i Venstre

No manar sentrale partiaktørar i Venstre og Framstegspartiet medlemmene om arbeidsro.

– Vi må ha is i magen og tiltru til at dei som skal forhandle gjer ein skikkeleg jobb, seier nyinnvalt stortingsrepresentant frå Hordaland og sentralstyremedlem i Frp, Helge André Njåstad.

Han får støtte frå Terje Breivik, nestleiar i Venstre og nyinnvalt representant frå Hordaland.

– No treng alle partia litt tid på kammerset, seier han til NRK.no.

– Må ha tillit til forhandlarane

I Framstegspartiet har sentralstyremedlem Njåstad stor forståing for at mange partimedlemmer både er engasjerte og har sterke meiningar.

– Det er første gong vi er komne så langt at vi sit i sonderingar til ei mogleg regjering. Det er mykje kjensler i sving og mange som har innspel.

Men, seier Njåstad:

Det er veldig viktig at dei organa som no skal forhandle får litt armslag, og at ein ikkje kjem med ultimatum internt i partiet i forkant og gjennom media.

Helge André Njåstad, Frp

– Det er veldig viktig at dei organa som no skal forhandle får litt armslag, og at ein ikkje kjem med ultimatum internt i partiet i forkant og gjennom media. No må vi ha tillit til at dei som skal gjere jobben gjer den skikkeleg. Så er det partiet sine organ, for vår del landsstyret, som tek stilling til eit ja eller nei til ei regjeringsdeltaking.

Framleis i valrus

Det var så god stemning at vi gløymde å ete kakene som stod bakarst i lokalet.

Helge André Njåstad, stortingsrepr. og sentralstyremedlem (Frp)

Tysdag kveld deltok Njåstad og Breivik på kvar sitt sentralstyremøte i Oslo. Dei skildrar ei euforisk stemning i partia.

– Det var så god stemning at vi gløymde å ete kakene som stod bakarst i lokalet. Vi oppsummerte og fekk ei orientering om løpet vidare, fortel Njåstad.

Også på Venstre sitt hovudkontor var det feiring, ikkje krav til ei regjering, som stod på dagsordenen.

– Vi hadde behov for og stor glede av å oppsummere valet. For Venstre sin del så handlar det no om å vegen vidare for partiet som organisasjon, og så smått begynne å førebu dei viktige samtalane som skal skje på borgarleg side, seier Breivik.

I Venstre, som i siste stortingsperiode har vore marginalt små på tinget, er det ikkje berre ei mogleg regjering som står på arbeidsplanen. Partiet sin nestleiar er oppteken av at ein også treng ro til å omrømme seg, no som dei går frå berre to til sju stortingsrepresentantar. Det gjeld både spørsmålet om regjering, men også enkle kvardagsrutinar, komitéønske og andre praktiske spørsmål.

Fryktar utspel forsurar forhandlingane

– Vi skal ha samling for den nye stortingsgruppa for første gong onsdag. Det er ei samling der denne typen til vil bli drøfta. Eg skjønar veldig godt både media og publikum, men strengt tatt har vi veldig god tid i forhold til når ei eventuell ny regjeringsplattform må vedtakast, seier Breivik.

I Framstegspartiet håpar Njåstad at medlemene dei neste vekene tek drøftingane internt – ikkje i media.

– Vi skal først sondere, og seinare forhandle. Det er ein stor jobb som skal gjerast. Desto meir opne diskusjonar ein har frå partimedlemmer i det offentlege rom der folk stiller krav, desto vanskelegare blir det å gjere jobben, seier sentralstyremedlemmen frå Hordaland.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.