Hopp til innhold

Han vil chatte med deg frå Stortinget

Han var landet yngste ordførar då han overraskande tok makta i 2003. Etter å ha gjort Austevoll til landets største Frp-bastion, vil Helge André Njåstad på Stortinget – mellom anna for å tale Facebook-venene si sak.

Helge André Njåstad

KLAR FOR NOKO STØRRE: Helge André Njåstad har styrt øykommunen Austevoll i ti år. No står han på det mange reknar som sikker plass til stortingsvalet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

«Eg hadde ein liten draum om å bli varaordførar, men det våga eg ikkje å seie til nokon»

Helge André Njåstad

– I 2003 hadde eg ein liten draum om å bli varaordførar, men det våga eg ikkje å seie til nokon. Eg følte det var uoppnåeleg. Å bli ordførar var så urealistisk, at det hadde eg faktisk ikkje trudd skulle vere mogleg.

Men Helge André Njåstad blei ordførar – og er det på tiande året. Etter ti år ved roret i øykommunen, står 33-åringen no på det mange reknar som ein sikker andreplass på stortingslista.

Men kva med dei som er att?

– Det synest eg ikkje noko om i det heile tatt. Han må vere her! Vi har ikkje andre å setje inn i systemet.

«Det synst eg ikkje noko om i det heile tatt. Vi må ha han her!»

veljar om at Njåstad vil på tinget

Den klare meldinga kjem frå ein Njåstad sine sambygdingar. Eit ektepar på rundt 60 har akkurat komme inn på ordførarkontoret. Dei vil klage på den nye kommune-arealplanen. Grunneigaren har lite sans for tanken på at ordføraren truleg snart blir vekependlar til Oslo. Men ser også fordelane.

– Eg vil helst ha han her. Men vi lyt vel få han bortover. Røysta mi skal han ikkje uroe seg for. Den har han fått i mange år.

– Vi har andre folk. Det trur eg skal gå bra. Det er viktig at Austevoll er representert i Oslo òg, seier Njåstad roleg og viser ekteparet bort til kvar sin grå, høgrygga stol rundt eit ovalt møtebord.

Han lyttar til ekteparet sine innvendingar mot arealplanen. Freistar å forklare.

Kontoret er kvitmalt. Interiøret er moderne. Men ingenting vitnar om at same mann har halde til her i ti år. Ein karikatur av ein ung ordførar i robåt, eit vinterleg kystmotiv der bårene som slår mot land, truleg ein stad i øykommunen.

Eit uopna eksemplar av Knut Nesbø sin nyaste krimroman ligg og ventar på skjenken langs eine langveggen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Helge André Njåstad

FRÅ MINUS TIL PLUSS: Som landet yngste ordførar tok Helge André Njåstad over ein kommune på konkursens rand. I fjor kom kommunen endeleg ut av den statlege Robek-svartelista.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Snuoperasjonen

– Er du lei av desse kvardagstrivialitetane i Austevoll?, spør vi når ekteparet forlet rommet.

– Nei, det er eg ikkje. Eg tykkjer det er fantastisk gøy. Eg blir jo litt engasjert på vegner av folk også, seier Njåstad.

Det høyrest ut som han meiner det. Han som hadde sikta seg inn på ein roleg kontorjobb, som dagleg leiar i eit lite forlag.

23 år gammal overtok han i staden ein kommune med skakkøyrd økonomi.

– Vi har snudd den økonomiske situasjonen i denne kommunen. Frå å vere den fattigaste kommunen i Hordaland, den som sleit mest, til at vi i dag er ein av kommunane som går aller best, seier den no 33-år gamle småbarnsfaren stolt.

Han sit i fylkesutvalet. Han sit i partiet sitt sentralstyre. Og er vara til Stortinget. No ønskjer han fast plass i Oslo.

– Fordi eg føler at det er viktig å ha nokre på Stortinget som har bakgrunn som lokalpolitikar, også i Framstegspartiet.

(Artikkelen held fram under radio-saka)

«Ein alle likar»

Helge André Njåstad blir omtalt som ein det er umogleg å ikkje like. Ein som ikkje skriv lange pressemeldingar og lesarinnlegg, men som gjerne sit i middagsselskap til langt på natt. Ein som byggjer kontaktnett. Ein pragmatikar som kan møte opp både på bedehus og fest.

Klokka har bikka 14 når døra til ordførarkontoret på ny går opp. Varaordførar og Sp-ar Edvard Johannes Stangeland vil ha eit kort møte. Også dette gjeld kommunen sin nye arealplan. Dei to held ein uformell tone. Nesten som eit gammalt ektepar.

Stangeland skildrar den langt yngre ordførarkollegaen som «eineståande, lojal og høfleg».

– Ein fantastisk god kamerat. Det blir eit stort sakn når han dreg til Oslo.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ordførar og varaordførar

TO-SPANN: Njåstad i møte med varaordførar Edvard Johannes Stangeland. – Helge André har blitt ein god kamerat, seier Sp-aren om Frp-aren.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Stig i Frp-gradene

I eige parti ser mange Njåstad som ei kommande nasjonal stjerne. Forutan å sitje i sentralstyret, leiar han partiet sitt kommunalpolitiske utval.

– Ein flink Frp-ar som har vist at han får ting gjort. Valresultata hans viser at folk trur på han, seier ei kjelde sentralt i partiet.

– Ein person som er lett og like og har oppnådd mykje, trass sin unge alder, seier ein annan.

Jovial er eit uttrykk som går att, når dei som kjenner han blir bedne om å skildre personen og politikaren Njåstad.

– Eg hadde jo aldri brukt eit slikt ord om meg sjølv. Men det er klart, eg likar å treffe folk. Eg likar å snakke med folk. Det handlar om å hjelpe dei. Det er mykje betre å vere hands-on og snakke med folk, enn å forfatte brev og skrive lange avhandlingar.

«Eg har vel godt over 4000 Facebook-vener. Det er ein fin arena å diskutere på.»

Helge André Njåstad

Njåstad blir stille. Sjekkar kjapt innboksen på den svarte mobiltelefonen, før han held fram:

– Det har heller ikkje vore dei store kontroversielle sakene dei 14 åra eg har vore med i kommunepolitikken. Vi har stått samla, seier mannen som nokon meiner står fram som for pragmatisk til å kunne vere ein prinsipiell Frp-ar.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Helge Andre Njåstad og Siv Jensen FrP sitt landsmøte 2011

SENTRALSTYRET: Helge André Njåstad saman med partileiar Siv Jensen. Som sentralstyremedlem sit austevollingen sentralt plassert i partileiinga.

Foto: FrP Media

4073 vener på Facebook

– Det blir hevda at du er ven med minst halve kommunen din på Facebook. Kor mange vener har du?

Njåstad ler litt beskjedent.

– Eg har vel godt over 4000 vener. Det er ein fin arena å diskutere på. Det møte vi hadde her i stad, kom i stand ved at dei skreiv inn på Facebook-chaten og hadde spørsmål om arealplanen.

– Det finst over 500.000 hordalendingar. Kan dei frå hausten av skrive inn på Facebook og møte deg i Stortingets vandrehall?

– Ja, det kan dei. Det er klart at viss eg ikkje får treffe vanlege folk dei neste fire åra, og berre skal sitje i møter, så hadde det blitt eit keisamt tilvære. Eg håpar eg får besøk frå vanlege folk, og håpar eg kan hjelpe vanlege folk.

I så fall blir det truleg fleire vener enn dei 4073 stortingskandidaten står oppført med i midten av juli månad.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Helge André Njåstad

NETTVERKSBYGGAR: – Eg likar betre å snakke med folk, enn å skrive lange lesarinnlegg, seier Helge André Njåstad. Her frå eit lunsjmøte på fiskeriskulen i Austevoll.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Næringsliv og samferdsle

Gjer Frp eit like godt val i Hordaland som sist, og Njåstad kjem på tinget, blir kystnæringane og samferdsleutbygging langs kysten – helst ferjefri og utan bompengar – ei fanesak for 33-åringen.

– Det viktigaste for Hordaland er å få lov til å utvikle seg vidare. Å få vere den næringslivsmotoren som ein er. Då er det viktig at politikarane i Oslo hugsar kvar dei kjem frå. At dei legg forholda til rette gjennom å bygge den infrastrukturen som trengst.

– Med eller utan bompengar?

– Vi meiner jo at ein skal klare det utan bompengar.

Politisk omtalar han seg som eit ja-menneske frå ein ja-kommune. Ein som brenn for nettopp kystnæringane.

Helge André Njåstad

iPAD'EN: Mobiltelefon og nettbrett er trufaste følgjevener for Njåstad. E-post og sosiale medium blir brukt flittig.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Austevoll-samfunnet som er så dynamisk, treng ein talsmann som kan snakke om ferjesaker, kysten og verdiskaping, om oppdretts- og fiskerinæringa i Oslo. Det har vi sakna heilt sidan Magnus Stangeland gjekk ut av Stortinget i 1997.

Frp sitt utstillingsvindauge

Det er som ambassadør for Austevoll at Njåstad til no har markert seg sterkast. Trass i tunge verv både i fylkespolitikken og i partiet sentralt. Politiske motstandarar seier han gjort øykommunen til partiet sitt utstillingsvindauge. Ei rekkje kommunale tenester er blitt privatisert – med Njåstad som arkitekt.

I vår vart alle omsorgstenester sett ut på anbod til eit svensk børsnotert selskap. Det same er barnehage og reinhaldstenestene i kommunen. Den til no soleklart mest kontroversielle saka i 33-åringen sitt politiske liv.

«Det er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit verkemiddel for å drive effektivt og få betre tenester.»

Helge André Njåstad

– Det er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit verkemiddel for å drive effektivt og få betre tenester, seier 33-åringen som altså har fått austevollingane til å privatisere langt fleire tenester enn nabokommunen Os, der partikollega Terje Søviknes var pioner på området.

(Artikkelen held fram under tv-saka)

Øykommunen i Hordaland er først ut i landet med å privatisere alt av tjenester.

SJÅ TV-REPORTASJE: Austevoll er Frp sin nye skrytekommune.

– Han kan vere tøff. Kompromisslaus

På dei 667 øyene som utgjer Austevoll har Njåstad utvilsamt ei høg stjerne blant «folk flest», som det heiter i partiet hans. Politiske motstandarar meiner det ikkje er partiet Frp, men listetoppen austevollingane tre gonger har røysta fram. Førre val fekk han 47 prosent av stemmene.

«Han er vanskeleg å ikkje like. Men han har fleire ansikt.»

politisk motstandar

Det merkar vi når vi blir med stortingskandidaten på butikken for å handle inn grillmat til familien. Frå han har parkert sin kvite Nissan SUV, når vi vandrar langs reolane inne, og fram til kassen. Det blir det mange stopp. Fleire har noko dei vil ha sagt. Tonen er lystig og lett.

Men det finst også ei side dei færraste får sjå, hevdar enkelte. Ikkje berre den joviale pragmatikaren. Ein knalltøff, meir bestemt og kompromisslaus politikar.

– Når han opptrer som ordførar, er det vanskeleg ikkje å like han. Men han har fleire ansikt, hevdar ein politisk motstandar.

– Korleis er det å vere din motstandar? spør vi i det vi tuslar ut frå Rema-butikken.

«Eg går frå å være ein av dei med mest erfaring, til å bli ein av dei med minst.»

Helge André Njåstad

– Ein må av og til ha evna til å skjere gjennom. Men tøff trur eg ikkje at eg er. I utgangspunktet trur eg at det å ha ein god tone også i forhandlingar, er det ein oppnår aller mest av.

Ministerkandidat?

– Det finst historier om folk som har vore store politikarar lokalt, som kjem på Løvebakken og forsvinn. Er det noko du fryktar?

– Eg fryktar det eigentleg ikkje. Men eg er innstilt på at det blir eit anna tilvære som ein av 169 – og i tillegg ein av nykommarane. Eg går jo frå å vere ein av dei med mest erfaring, til å bli ein av dei med minst. Det blir ei bratt læringskurve. Det er klart ein må lære seg systemet, før ein viser att.

Men først må hordalendingane overtydast om at han fortener ein plass på Stortinget. Der trur enkelte han vil forsvinne litt i mengda. Andre har derimot lansert han som kandidat til både fiskeri- og kommunalministerjobben.

– Eg tykkjer det er smigrande at nokre har spekulert i den retninga. Men sjølv har eg ikkje gjort det. Ambisjonen er å forsøke å gjere eit så godt val som mogleg. At eg kjem inn på Stortinget. Og deretter gjere ein så god jobb som mogleg.

Eg har klart det. Det Jens Stoltenberg drøymer om – å bli attvalt tre gonger.

Helge André Njåstad

Uansett vil han vekependle. Heim til sambuaren, guten på fire år som alt har fått vere med i Stortinget når pappa har måtte steppe inn som vikar i korte periodar, og til sitt kjære Austevoll der han er på fornamn med dei fleste.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Helge Andre Njåstad og Olav Grasdal

PRIVAT OMSORG: Njåstad sin kanskje største politiske siger, og tøffaste kamp, vart dregen i land våren 2013. Då vart helsetenestene i Austevoll – til store protestar frå Ap og fagrørsla – privatiserte. Som her på aldersheimen på Storebø der Njåstad møtte bebuar Olav Grasdal saman med NRK tidlegare i sommar.

Konkurrenten Erna

– Kvifor skal hordalendingane stemme på deg, ikkje bergensaren Erna Solberg om dei ønskjer seg ei ny regjering?

– Ja, det er jo ei utfordring å konkurrere mot partileiarar. Og denne gongen har vi tre partileiarar frå Hordaland.

– Men deira bakdel er at dei må tenke heile landet. Mens vi som er listekandidatar lenger nede kan vere litt meir patriotiske og seie at vi skal kjempe litt meir for Hordaland og vere patriotar for heimfylket. Og vi ønskjer å få ei ny regjering som kan fornye Norge og tenkje nytt. Då må vi ha eit sterkt Framstegsparti.

9. september kjem svaret på om veljarane sender Helge André Njåstad til fast plass på Stortinget. Og denne gongen, som 33 år gammal sambuande småbarnsfar, torer han å tru. Det gjorde han ikkje ein septemberdag i 2003 ...

– Viss ein 23-åring i dag skulle blitt ordførar i denne, eller ein annan kommune, så hadde eg vel kanskje tenkt mitt, eg og. Men eg har klart det. Det Jens Stoltenberg drøymer om – å bli attvalt tre gonger.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.