– Frykta er grunnlaus og patetisk

Desse tre har hatt lokalpolitisk makt i til saman 26 år. – Ingen som bur i min kommune kjenner seg att i bilete enkelte rikspolitikarar lagar av partiet, seier Frp-ordførar.

Desse tre har hatt makt i 26 år

LOKAL MAKT: Gunnar Bakke i Bergen, Laila Reiertsen i Os og Helge Andrè Njåstad i Austevoll har til saman 26 år i posisjon i lokalpolitikken. Njåstad vil no følgja Reiertsen over i rikspolitikken.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Laila Reiertsen, Gunnar Bakke og Helge Andre Njåstad har alle erfaring med å vera inne i varmen. Totalt har dei tre Frp-representantane vore i maktposisjon i 26 år i kommunane Os, Bergen og Austevoll.

Den neste månaden skal dei kjempa for at partiet også nasjonalt får smaken på makt for første gong. Alle tre meiner Frp vert møtt med usaklege angrep i rikspolitikken.

– Det er ingen som bur i Austevoll eller kjenner situasjonen i Hordaland som kjenner seg igjen i det biletet som vert laga av oss, seier ordførar i Austevoll Helge Andrè Njåstad. Han har ti år bak seg med ordførarkjedet. No er han andrekandidat for partiet i Hordaland og på veg inn i rikspolitikken.

– Patetisk

Gunnar Bakke som har vore både ordførar og kulturbyråd i Bergen, meiner andre parti spelar meir på frykta for Frp enn eigne saker..

– Frykta er grunnlaus og patetisk. Innbyggarane er fornøgde og me har styrt økonomien i Bergen på ein ryddig måte, seier Bakke.

Dei tre meiner dei lokalpolitiske resultata taler for seg:

  • Laila Reiertsen (10 år i posisjon): Var, før ho vart vald inn på Stortinget, ein nær støttespelar for Terje Søviknes i Os og ein del av fleirtalskoalisjonen i ti år. Partiet har mellom anna gjort seg utmerkt ved å bygga kulturhuset Oseana, som vart kåra til årets klimatiltak i 2011. Vart vald inn på Stortinget i 2009. Er nummer tre på partiet si valliste i Hordaland.
  • Gunnar Bakke (6 år i posisjon): Har vore både ordførar og kulturbyråd i Bergen. Har først gjennom budsjettsamarbeid, deretter i byråd, snudd den økonomiske situasjonen til Bergen kommune.
  • Helge Andre Njåstad (10 år i posisjon): Var i 2011 ein representant frå å få reint Frp-fleirtal i Austevoll kommune. Trass at han berre er 33 år har han vore ordførar i ti år. Har fått kommunen ut av Kommunal- og regionaldepartementet si ROBEK-liste. Er partiet sin andrekandidat.

– Resultata taler for seg

Medan lokalpolitikarane til partiet har fått stor påverknad i kommunar og fylkeskommunar, må stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter framleis venta på påverknad. Først denne valkampen er partiet heilt inne i varmen på borgarleg side.

Hagesæter meiner lokalpolitikarane sin innsats viser at ingen burde ha noko å frykta.

– Eg synst resultata talar for seg. I Austevoll har me nesten femti prosent oppslutnad. Det kjem ikkje av seg sjølv, seier Hagesæter.

Han er lei av at partiet vert sett i eit langt dårlegare lys enn dei andre partia.

– Det er først og fremst dei raudgrøne som har laga dette skremmebildet om at me ikkje er til å stola på. Kanskje først og fremst Audun Lysbakken, seier Hagesæter.

Vil ha makt nasjonalt

LISTETOPPAR: Andrekandidat Helge Andre Njåstad og førstekandidat Gjermund Hagesæter har dei to sikre plassane på Frp si stortingsliste i Hordaland.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Ikkje eit skremmebilete

SV-leiar Audun Lysbakken delar, ikkje uventa, ikkje inntrykket av at dei lokalpolitiske resultata til Framstegspartiet.

SV-leder Audun Lysbakken

– SVARTMÅLAR IKKJE: Audun Lysbakken meiner han ikkje driv med svartmåling når han kritiserer Frp.

Foto: Vilde Helljesen / NRK

– Dei har stått for ein aggressiv konkurransepolitikk også lokalt, noko som mellom anna har gått ut over tilsette i kommunane, seier SV-leiaren frå Bergen.

Men går de for langt i å måla eit skremmebilete av konkurrenten Frp?

– Frp er eit parti som står for ekstrem grad av marknadsretting og ikkje aksepterer klimautfordringa. Det er derfor me brukar mykje tid på å åtvara mot Frp, seier Lysbakken.

– Skil seg frå andre parti

NRK-kommentator Trine Eilertsen meiner prestasjonane lokalt i Hordaland er litt meir varierte enn det Frp ønskjer å formidla.

– I Os og Austevoll har dei jo vorte attvald fleire gongar, og er opplagt godt likt av innbyggarane. I Bergen har det vore meir uro. Partiet gjekk mellom anna ut av byråd i ein periode, grunna bompengespørsmålet, seier Eilertsen.

Ho meiner Framstegspartiet framleis skil seg frå dei andre partia.

– Partiet seier jo sjølv at dei er det einaste partiet som ønskjer store systemendringar, så dei skil seg ein del frå dei andre partia, seier NRK-kommentatoren.

Likar ikkje opposisjon

Framstegspartiet i Hordaland starta valkampen tysdag. Austevoll-ordførar Helge Andre Njåstad la under pressekonferansen ikkje skjul på at han vert djupt skuffa om Framstegspartiet ikkje kjem i regjering.

– Eg har ikkje søkt stortingsplass for å hamna i opposisjon. For eg likar rett og slett ikkje å vera i opposisjon, sa Njåstad som etter alt å dømma forlet ordførarstolen i øykommunen etter valet.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat banner» i nytt vindu

Les mer om stortingsvalget