Klokka 13 søndag ettermiddag opna vallokala i Oslo dørene for første gong under årets stortingsval.
Men samtidig som Oslo-borgarane byrja å stemme, blei det jobba på spreng for å teste at det IT-baserte teljesystemet fungerer som det skal. Like før klokka 19.00 søndag kveld stadfesta Oslo kommune til NRK at det ser ut til at systemet fungerer.
– Så langt Oslo kommune får sjekka, ser det ut til å fungere. Om det fungerer slik det skal, vil vi ikkje vite sikkert før etter oppteljinga, seier kommunikasjonssjef for stortingsvalet i Oslo kommune, Ingvild Åsgård til NRK.
Knute på tråden
Laurdag varsla Oslo-ordførar Fabian Stang (H) full krise i stemmesystemet i hovudstaden. Kommunal- og regionaldepartementet blei varsla, og departementsråd Eivind Dale seier til NRK i dag at systemet fekk ståkarakter under departementet si testing seint laurdag kveld.
Det han skildrar som ein relativt liten feil i det IT-baserte teljesystemet, blei raskt retta.
– Feilen låg i kommunikasjonen mellom to ulike delar av datasystemet som tel røystene i Oslo kommune. Det var trøbbel i overføring av data frå scanning- til administrasjonsdelen av systemet. Dei to delane av systemet må snakka saman, forklarar Dale.
- LES OGSÅ: Stang: – Full krise i stemmesystemet
Andre kommunar tel røystene to gonger. Deretter skjer ei tredje siste teljing på fylkesnivå. Oslo skil seg ut ved vera både kommune og fylkeskommune, og tel difor stemmene to gonger framfor tre.
– Me har hatt utfordringar med systemet som følgje av spesialtilpassingar til Oslo, som både er kommune og fylkeskommune. Me håpar og trur at systemet er robust nok, men kan ikkje gje garantiar, seier departementsråden.
Åsgård seier til NRK.no at kommunen har brukt søndagen til å teste om oppgraderinga og feilrettinga departementet har gjennomført faktisk fungerer.
– Vi har gått gjennom resultata for å sjå at det ikkje er noko feil. Det er veldig viktig for oss at det blir rett.
Fabian Stang er opprørt over at kommunen må bruke søndagen på å sjekke at systemet opererer slik det skal. Han er ikkje i tvil om kven som har skulda for at IKT-systemet ikkje fungerer når valet er i gang.
– Etter mi meining er det ikkje tvil om at det systemet departementet har levert skulle har vore testa mykje tidlegare. Me har forsøkt gong på gong å seia at det må testast lenge før valet, seier han.
– Skuffa over Navarsete
Laurdag avviste kommunal – og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) at det framleis var eit problem med teljesystemet, og meinte Stang dramatiserte situasjonen.
– Eg er skuffa over statsråden (Liv Signe Navarsete, journ.merk.) som berre seier at eg dramatiserer og at dette går bra. Det har det altså ikkje gjort. Eg håpar likevel at mine folk no får dette på plass, legg Høgre-ordføraren til.
Også søndag er Navarsete trygg på at feilen i teljesystemet i Oslo er under kontroll.
– Feilen som blei avdekka i går var ikkje eit type problem som vil påverke valgjennomføring eller resultatet. I dag fungerer det fint, held ho fram.
Forsvarar testing tett opp mot valet
Ho forsvarar også at dei måtte gjennomføre testar av systemet så seint som helga før valet.
– Det er ikkje mogleg å teste ut systemet med fullskala oppsett som skal brukast under valet, før etter førehandsrøystinga vart avslutta fredag, seier Navarsete.
Ordførar Fabian Stang understrekar at feilen som vart avdekka i går ikkje vil få nokon innverknad på valresultatet.
– Det blir ikkje feil i forholdet mellom partia, men me kan få ei forseinka presentasjon av resultatet, alt frå nokre timar til dagar. Det er uheldig fordi Oslo trass alt er så stort at det kan bli avgjerande for heile valresultatet i Noreg, meiner Stang.
Innrømmer at feilen burde ha blitt oppdaga
Søndag kveld ser det ut til at både Stang og kommunalminister Liv Signe kan pusta letta ut.
– Eg kjenner meg trygg på at systemet vil fungere måndag kveld når oppteljinga skal skje. Systemet har no blitt grundig testa av både departementet og Oslo kommune. Alt ser bra ut, seier Sp-statsråden.
– Vi burde ha oppdaga denne feilen før. Vi har god beredskap for raskt å følgje opp slike feil. Feilen vil ikkje ha noko betydning for gjennomføringa av valet, skriv departementet i ei pressemelding.