Hopp til innhold

Barnehagelæraren som vil leika med dei store

Han har ingenting i mot kommunisme, men kallar seg helst sosialist. Odd Arild Viste meiner tida er overmoden for ei røyst til venste for SV på Stortinget.

Odd Arild Viste

RAUDT: Raudt Hordaland sin førstekandidat trivst godt i jobben som barnehagelærar, men håpar han får representera partiet sitt på Stortinget etter valet til hausten.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Kvardagen til Odd Arild Viste er i dag mellom barn, sandkassar og leikeapparat i Jekteviken barnehage i Bergen.

– Det er eit privilegium å få vera med desse ungane kvar dag. Sjå at dei veks opp og utviklar seg. Det er ein spennande jobb, seier Viste når han viser oss rundt på leikområdet.

Som Raudt sin førstekandidat i Hordaland er ambisjonen til Viste å komma inn på Stortinget til hausten. Før den tid er det valkamp, og opphald for asylbarna er ei av hjartesakene til Viste, og ei sak partiet hans Raudt vil markera seg på i valkampen.

– Eg jobbar med ungar og har ungar sjølv. For meg er det klart at det aldri ville ha blitt akseptert om ungane i barnehagen, eller om norske ungar hadde fått den behandlinga som asylbarna får. Diskriminering er det mildaste uttrykket eg kjem på i den samanhengen, seier Viste.

Politimelde justisministeren

I juni fekk listetoppen nasjonal merksemd då han saman med Torstein Dahle på vegne av Raudt i Hordaland melde justisminister Grete Faremo til politiet. Det skjedde etter utsendinga av 12 år gamle Neda Ibrahim.

– Me reagerer sjølvsagt på at familien blei henta midt på natta, og ungane blir sannsynlegvis påført traume. Me meiner det er eit klart brot på både vedtekter i straffelova og i barnekonvensjonen, seier Viste.

– Synest du det er eit greitt verkemiddel for å få fram politisk usemje?

– Ikkje i utgangspunktet, og det er ikkje eit middel for å først og fremst å få fram politisk usemje. Utgangspunktet er at me oppriktig meiner at her er det blitt gjort lovbrot.

– Trengst ei stemme til venstre for SV

Korleis skal så ein relativt ukjend barnehagelærar frå Trondheim klara det som den langt meir profilerte listetoppen Torstein Dahle ikkje greidde i 1997, 2001, 2005 og 2009?

– Dei siste åra har vist veldig tydeleg at det trengst ei stemme til venstre for SV. Då trengst det openbart eit parti som er meir fristilt, for å få fram den kritikken som ein veldig stor del av den norske befolkninga står for i dag, men som ikkje blir uttrykt på Stortinget. For eksempel i spørsmålet om Afghanistan-krigen, seier Viste.

Odd Arild Viste

NYGÅRDSHØYDEN: Odd Arild Viste er oppteken av bustadpolitikk og meiner Nygårdshøyden i Bergen er ein stad der det ikkje er blitt tatt nok ansvar. Han vil jobba for politiske tiltak som gjera det enklare for fleire å komma inn på bustadmarknaden.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Tilbake til 70-talets bustadmarknad

Me blir med Odd Arild Viste opp på Nygårdshøyden i Bergen, der han finn spor etter den andre hjartesaka si; bustadsituasjonen i byane.

– Her er det nokon som ikkje tar ansvar for huset og bumiljøet, og som lar det forfalla. Store delar av området er jo blitt «hybelifisert», seier Viste.

I dag så ville ho ha vore vanskelegstilt, med alt som det fører med seg av sosiale konsekvensar.

Erfaringar frå eigen barndom blir trekt fram for å illustrera korleis han meiner bustadmarknaden bør vera.

– Mor mi, som var uføretrygda aleinemor i 1970- og 1980-åra, kunne kjøpa seg ei treroms leilegheit med god standard den gongen. Då var ho ein heilt vanleg aktør i bustadmarknaden og kunne skaffa seg ein bra bustad med uføretrygd, fortel Viste.

– I dag er det heilt utenkeleg, i dag så ville ho ha vore vanskelegstilt, med alt som det fører med seg av sosiale konsekvensar, seier han.

Vil innføra ny bustadsektor

Dagens eigemarknad har mange problem med å komma inn på, og på leigemarknad har prisane hoppa i vêret.

Bustadmarknaden skaper ulikskap og det skapar fattigdom.

– Bustadmarknaden skaper ulikskap og det skapar fattigdom. Det har også regjeringa sitt eige utval fastslått. Diverre så har ikkje regjeringa vore villig til å følgja opp det med politiske tiltak.

Dette er noko Odd Arild Viste ønskjer å ta tak i viss han og Raudt kjem inn på Stortinget.

– Me vil blant anna innføra ein ny bustadsektor, med regulerte prisar som gjer at folk kan kjøpa seg ei leilegheit for ein rimeleg penge, administrert av bustadbyggelaga, altså både kjøp og sal.

– Bør ikkje ein del av dei som i dag sitt med høge bustadlån vera litt bekymra for ein politikk som kan føra til lågare bustadprisar?

– Ikkje i utgangspunktet fordi me ønskjer ikkje å gjera noko med den marknaden som finst i dag, me ønskjer å innføra ein ny marknad. Dei som kjøper seg inn i den marknaden vil jo spara opp sin eigenkapital og kunna ta med seg den viss dei går ut av den marknaden og inn i den kommersielle marknaden.

Deler Marx sin kommunisme-visjon

Nygårdshøyden i Bergen blei i si tid kalla Leninhøyden, på grunn av det venstreradikale studentmiljøet på 60- og 70-talet. Engasjementet lyser ikkje like raudt lenger, men ytre venstre gjer det framleis relativt bra i valkrisane i Bergen sentrum.

Odd Arild Viste

SOSIALIST: Odd Arild Viste avviser verken omgrepet «kommunist» eller «marxist», men reknar seg sjølv først og fremst som sosialist.

Foto: Rødt Bergen

Av dei som røysta ved Vitalitetssenteret på Møhlenpris røysta nesten 10 prosent på Raudt ved førre Stortingsval. Men kva merkelapp set listetoppen til Raudt på seg sjølv? Er han kommunist, eller marxist?

– Eg er jo først og fremst sosialist, slik eg ser det. Det å vera sosialist oppsummerer det viktigaste.

– Begge omgrepa er viktige omgrep som eg ikkje vil avvisa, seier Viste om «kommunist» og «marxist».

– Når det gjeld kommunisme så meiner eg at kommunisme slik Marx formulerte det er ein veldig fin visjon. Det er ein visjon eg deler og som for meg handlar om eit samfunn utan klasseskilje.

Inne i varmen hos LO

Kommunisme slik Marx formulerte det er ei veldig fin visjon. Det er ein visjon eg deler og som for meg handlar om eit samfunn utan klasseskiljer.

Den siste tida har det dukka opp enkelte teikn til at Raudt har komme meir inn i den politiske varmen. LO-kongressen gav i vår for første gong valkampstøtte til partiet.

– Det er jo eit uttrykk for at folk i fagrørsla anerkjenner den jobben som mange i Raudt har gjort, meiner Viste

Tildelinga skapte reaksjonar og politikarar frå etablerte parti meinte mektige LO støtta ei udemokratisk rørsle.

– For det første så er det jo faktisk feil. Raudt er på alle måtar ei demokratisk rørsle. Delar av venstresida har ei historie der ein har støtta ein del udemokratiske regime, men no er jo Raudt eit heilt nytt parti, starta i 2007, og har aldri støtta noko udemokratisk regime, seier Odd Arild Viste.

– Mogleg å komma på tinget

På meiningsmålingane ser det ikkje lyst ut for Raudt. Partiet ligg på om lag same nivå som ved førre Stortingsval, då dei måtte hatt dobbelt så mange røyster for å komma på Stortinget.

– Korleis ser du sjansen for å kunna hamna på Stortinget?

– Me har eit stykke å gå her i fylket, men me har jo vore veldig nære tidlegare. Det er ikkje fleire stemmer som skal til enn at det kan vera mogleg.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.