Trass i at programkomiteen i Venstre ønskte å stramme inn og ikkje selge vin i butikk, røysta delegatane på landsmøtet for å gjere dette.
I 2005 gjekk Venstre inn vinsal i butikk, men stramma inn i 2009 og fjerna dette frå partiprogrammet. Det var Unge Venstre som denne gongen kom med forslaget, og fekk dermed moderpartiet med seg på laget.
– Det var jo innstilt frå leiinga at det ikkje skulle vedtakast, men eg trur faktisk at landsmøtet skjønte at det ikkje er alle som har eit vinmonopol på Oslo City ein liten t-banetur unna. Så dette er eit godt distriktsforslag, seier Sveinung Rotevatn.
– Det vart vedteke at dette i hovudsak må vere opp til det lokale sjølvstyret, og vi tykkjer det er eit godt prinsipp at alkoholpolitikken vert avgjort hos dei som sit nærmast konsekvensane av vedtaka. Unge Venstre er glade for at Venstre støttar oss i det, sier han.
Dermed er det berre Krf som ikkje ønskjer liberalisering av alkoholpolitikken blant dei borgarlege partia. Framstegspartiet har lenge vedteke at dei ønskjer vinsal i butikkane.
Høgre er derimot blitt meir restriktive på dette området dei siste åra. Høgre ønskjer ikkje lenger vanleg vinsal i butikkane, men vil innføre ei ordning med vinmonopol i butikk.
Ønskjer pol i butikk – men kvifor?
Partiet ønskjer ei ordning der butikkar på stadar langt frå næraste vinmonopol, får ei ordning med integrert vinmonopol i butikken. Tilsvarande post i butikk-ordninga som eksisterer i dag.Men kvifor dei vil dette kjem an på kven du spør.
– Eg er i mot det Venstre røysta i mot fordi ei slik ordning ville gjort at vinmonopolet hadde blitt dårlegare enn i dag. Det hadde ført til eit reint spritutsal berre i byane, eller subsidiært spritutsal over heile landet. Det hadde blitt eit dårlegare tilbod til befolkninga når det gjeld utval, seier helsepolitisk talsmann i Høgre, Bent Høie til NRK.no.
– Hovudgrunnen til dette er at det er eit viktig alkoholpolitisk verkemiddel. Me ser at ei polordning har god effekt når det gjeld betre kontroll med alkoholsal til mindreårige, seier Høie.
Men det er ikkje alle i Høgre som er einig i Høie i dette. Stortingsrepresentant Torbjørn Røe Isaksen kjem med ganske anna svar på kvifor dei har gått frå ordninga med vin i butikk.
– Dette er eit praktisk forslag som kan lettare gjennomførast i ei fireårsperiode. Det er eit fint førstesteg å ta for å sikre lovleg og god tilgang til alkohol over heile landet, seier Isaksen.
– Eg synest det er bra at Venstre har gått inn for vin i butikk, slår Isaksen fast.
Høgre vil avgjere kva dei bestem seg for under landsmøtet som skal bli avholdt i mai.
Jubel i Frp
Men i Framstegspartiet er det ingen splid, dei ønskjer den moglege regjeringspartnaren velkomen etter.
– Dette er eit godt vedtak av Venstre. Desto fleire borgarlege partiar vedtek vin i butikk, desto større er sjansane for at det blir ein realitet. Me skal ikkje ta valet eller forhandlingane på forskot, men no blir det jo større sjansar.
– Me skal ikkje vere formyndarar over vaksne menneske, men me skal ta problema med overdreve alkoholforbruk på alvor. Det gjer ein med eit slik vedtak.
Det einaste partiet som kan stikke kjeppar i hjula for planane om oppmjuking av alkoholpolitikken er Kristeleg Folkeparti. Partiet har programfesta å gjere alkohol mindre tilgjengeleg.