Fryktar miljøsaka vil drukne i valkampen

Audun Lysbakken er engasjert miljøforkjempar, og trur dagens politikarar vil bli målt på éin ting i framtida: Om dei handla medan det endå var tid.

Audun Lysbakken

PARTILEIAR: Audun Lysbakken er partileiar i SV, og listetopp i Hordaland.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

– Det var veldig aktive velforeiningar hos oss og andre stader i byen. Kvar einaste gate som er stengt og leikeplass som er skapt, har vanlege bergensarar kjempa for, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Han vaks opp på Nøstet i Bergen, og er førstekandidat på vallista til Hordaland SV. Partileiaren trur interessen for politikk kom gjennom oppveksten i Bergen.

– Det kan faktisk hende, for det var veldig kampglød i mine oppvekstår i det nabolaget.

Forma av oppveksten

Lysbakken fortel at han er veldig forma av oppveksten i Bergen, og skuleåra på Møhlenpris.

– No er det veldig populært å bu i sentrum, og det er kjempedyrt å kjøpe leilegheit på Møhlenpris. Den gongen var det litt lågstatusstrøk. Det var mange som hadde utfordringar, og det var store økonomiske skilnader, seier han.

Eg var ikkje 18 endå, så eg sneik meg inn på Nei til EU si valvake på Banco Rotto.

Audun Lysbakken om folkerøystinga i 1994

Desse erfaringane lærte han noko om Noreg.

– Noreg er ikkje eit land der alle har like moglegheiter, men eit land der både moglegheiter og pengar kan vere urettferdig fordelt. Det har bidratt til å gjere meg til den eg er, og til at eg meiner det eg meiner, seier partileiaren.

Arrestert på Møhlenpris

Dei første sakene han engasjerte seg i, var bevaring av bustader som skulle rivast på Møhlenpris og Nøstet. Då Lysbakken var i slutten av tenåra, vart han arrestert på Møhlenpris under ein demonstrasjon.

– Vi var ein gjeng ungdomar som prøvde å hindre rivinga av dei gamle bygardane som stod der den nye Puddefjordsbrua er i dag. Der var det 120 leilegheiter, og det var bustadmangel i Bergen sentrum. Vi tykte at det var vanvitig å rive desse bygningane, og det står eg for i dag også, fortel 35-åringen.

På den tida gjekk Lysbakken på Bergen Handelsgymnasium. På skulen var det mange elevar med sterkt politisk engasjement. Der var mellom anna sterke meiningar om EU. Før folkeavstemminga om norsk medlemskap i 1994, var det mange diskusjonar på skulen. Lysbakken var på mot-sida.

– Eg var ikkje 18 endå, så eg sneik meg inn på Nei til EU si valvake som var på Banco Rotto. Eg er veldig glad for at eg fekk med meg den valvaka, det var ei stor oppleving, seier han.

Drøymde om å bli kaptein

Audun Lysbakken

VILLE BLI KAPTEIN: Audun Lysbakken.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Gjennom politiske diskusjonar på skulen, auka det politiske engasjementet til Audun Lysbakken. Han kom inn i Natur og Ungdom, og vart veldig gripen av miljøsaka. Men han tenkte ikkje på å ein dag bli partileiar og fulltidspolitikar.

– Nei, det har eg aldri tenkt. Barndomsdraumen min var å bli kaptein på Hurtigruta. Då eg forsto at eg ikkje vart kaptein, ville eg bli journalist. Det vart eg, og arbeidde i Klassekampen som redaktør for debattsidene, fortel han.

Han arbeidde som journalist til han kom inn på Stortinget i 2001.

– Det hadde eg ikkje venta, for eg stod på andreplass på lista i Hordaland, og vi hadde aldri før hatt to inne. Men vi gjorde eit godt val, og eg kom inn, sjølv om det ikkje var planen at eg skulle bli folkevald og politikar på heiltid.

Ung og lovande

Den unge partileiaren har fleire gongar blitt skildra som ein ung og lovande politikar. Men i haust blir han 36 år, og trur sjølv at han ikkje lenger kan reknast som «ung og lovande».

– Men eg har alltid vore ung i det eg har gjort. Eg var ein ung stortingsrepresentant, og no er eg ein ung partileiar, seier han, og fortel korleis det var å komme på Stortinget som ung politikar.

– Det var litt tøft. Det skal litt til å utfordre dei eldre herrane på Stortinget, og sette seg i respekt. Å vere folkevald er eit enormt privilegium, men at det også er ei veldig alvorleg oppgåve.

Det ville vere forferdeleg om eg kom inn som ungdomskandidat og gjekk ut som pensjonist.

Audun Lysbakken om å vere stortingsrepresentant

Lysbakken meiner at erfaring er bra, men likar ikkje at mangel på erfaring blir brukt som innvending mot yngre politikarar.

– Eg meiner at det bør sitje forskjellige typar menneske på Stortinget, og demokratiet vårt skal representere ulike menneske. Dersom ungdom eller småbarnsforeldre ikkje skulle vere representert i politikken, ville det vere ille for demokratiet vårt. Det ville bety at veldig mange sine kvardagserfaringar ikkje var representert, og mange sine krav ikkje ville nå fram, seier han, og held fram.

– Skal du ha unge menneske der, kan du ikkje samstundes krevje at vi skal ha vore 20 år i andre jobbar først.

– Tenkjer du at du tar dei 20 åra i andre jobbar etterpå?

– Det har eg tenkt, ja. Eg har sagt heilt sidan eg kom inn at dersom du kjem inn tidleg, bør du også gå ut tidleg. Det er viktig for meg at det ikkje skal vere ein karriereveg å vere folkevald. Det ville vere forferdeleg om eg kom inn som ungdomskandidat og gjekk ut som pensjonist, seier politikaren.

– Ikkje eit nederlag å endre syn

Gjennom ei lang karriere som politikar, har Audun Lysbakken endra meining i fleire saker. Dette meiner han er naturleg.

– Eg har endra meg i løpet av åra mine i politikken. Dersom du ikkje har endra syn på ein einaste ting på ti år, då burde varselklokkene ringe, meiner han.

Han tykkjer at fleire kanskje burde bli flinkare på å endre syn.

– Det er ikkje eit nederlag å endre syn på noko. Det er tvert imot å vise at du er eit tenkjande menneske som kan lytte til andre.

Men partileiaren meiner at det er viktig å tenkje på meir enn enkeltsaker når ein tenkjer på politikk.

– Det viktigaste er kvar du står verdimessig. Der står eg på same stad som for ti år sidan. Det er det grøne og det raude, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Liv Signe Navarsete, Jens Stoltenberg og Audun Lysbakken

UNG PARTILEIAR: Audun Lysbakken i partileiardebatt på Litteraturhuset i Oslo med Liv Signe Navarsete og Jens Stoltenberg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Dårlege meiningsmålingar

På mange meiningsmålingar det siste året har SV fått lågare oppslutning enn i førre stortingsval. Lysbakken trur dette skuldast slitasje frå åra som regjeringsparti.

– Vår regjering er den som har sete lengst i Noreg sidan Gerhardsen. Mange tenkjer nok at etter 8 år med same regjering, hadde det vore kjekt med nokre nye ansikt, seier han.

Men han veit korleis han vil snu dei dårlege meiningsmålingane til siger i valet.

– Vår jobb i denne valkampen er å vise at det først og fremst ikkje handlar om ansikt, men om politikk. Og det er store skilnader på dei politiske alternativa. Det vi går til val på, er miljø og rettferd. Det er dei to viktigaste verdiane for meg.

Partileiaren fryktar at hans største hjartesak, miljø, ikkje vil vere på dagsorden i valkampen, fordi dei største partia ikkje snakkar om det.

– Men eg trur at vår generasjon politikarar vil bli målt på éin ting i framtida: Om vi handla medan det endå var tid. Eg vil difor gjere miljø til vår hovudsak denne valkampen, uansett om det er taktisk eller ikkje, seier han.

Vil halde fram i regjering

Eg trur vår generasjon politikarar vil bli målt på éin ting i framtida: Om vi handla medan det endå var tid.

Audun Lysbakken om klima og miljø

I valkampen vil Lysbakken helst snakke om framtida, men han tillét seg også eit lite tilbakeblikk på dei åtte åra partiet har vore i regjering.

– Eg er veldig stolt over det vi har fått til. Vi har tredobla investeringane i jernbana og fått til ei kraftig auke i satsing på kollektivtrafikk i dei store byane. Staten forpliktar seg til å bidra til vidare bybaneutvikling i Bergen, og klimagassutsleppa i Noreg er på sitt lågaste nivå sidan 1995, seier partileiaren.

Samstundes presiserer han at SV først og fremst vil sjå framover.

– SV skal aldri vere eit parti som lener seg tilbake og er nøgde. Kvar einaste stemme vi får, skal omsetjast i redusert oljeavhengnad, grønare transport og meir rettferdig fordeling.

Valkampen er ei hektisk periode for ein partileiar, og Lysbakken skal drive valkamp i alle 19 fylke. Men han passar på å vere ekstra mykje heime i Hordaland.

– Eg er veldig mykje heime. Skal eg vere folkevald frå Hordaland, er det viktig å sjå verda og Noreg frå denne sida av fjellet, for det ser ganske forskjellig ut frå Oslo.

Og sjølv om SV lenge var kjent som eit opposisjonsparti, ønskjer partileiaren at partiet held fram med regjeringssamarbeidet med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

– Det er mykje lettare å vere i opposisjon. Men eg trur at det er dårleg for Noreg om Høgre og Framstegspartiet får ta over. Det er difor vi driv med politikk: Ikkje for å gjere det bra på meiningsmålingar, men for å få resultat, og for verdiane og menneska vi trur på.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat banner» i nytt vindu

Les mer om stortingsvalget