Hopp til innhold

Sporty rockar vil på Stortinget

Første gongen Terje Breivik røysta, valde han Venstre, for å unngå å gjere noko gale. No er han nestleiar, og vil representere partiet på Stortinget.

Terje Breivik

NESTLEIAR I VENSTRE: Terje Breivik er nestleiar i Venstre. No vil han representere Hordaland på Stortinget.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

– Ulvik er ein fantastisk stad, både sommar og vinter. Varmt og godt om sommaren, og gode skiforhold om vinteren.

Terje Breivik legg ikkje skjul på at han er glad i heimstaden sin. Han er nestleiar i Venstre, og toppar stortingslista til Hordaland Venstre. No satsar 48-åringen på å bli stortingsrepresentant.

– Sjansane er veldig store for at Venstre får eit mandat frå Hordaland. Så lenge vi gjer jobben i valkampen, har eg trua, seier han.

Utløp for fantasi

Breivik vaks opp i Ulvik, og har gode minner frå barndommen der.

– Ulvik er som dei fleste litt mindre bygder ein fantastisk stad å vakse opp, med naturen i nærmiljøet som gir ungane fullt utløp for fantasi og kreative leikar, lenge før dataalderen, seier han.

Eg hadde ikkje peiling på politikk, trass i at eg gjekk samfunnsfaglinja på Voss

Terje Breivik

Venstrenestleiaren vaks opp i det første byggjefeltet i Ulvik, før kommunen bygde leikeplass. Men der var ein fin liten skog, der barna pleidde å leike.

– Men eg minnest seksåringen Breivik som plutseleg ein morgon kom heim etter at eg hadde overnatta hos bestemor og bestefar, som budde i ein anna del av bygda. Då hadde ein bulldosar og ei gravemaskin øydelagt skogen. Det var ei lita traumatisk hending i ung alder, fortel Breivik.

Han trur erfaringane frå barndommen hjelper han å ta gode avgjersler som politikar.

– Det er klart at det er slik som ligg i bakhovudet når du som politikar planlegg. Klarer vi verkeleg å setje oss inn i ungar si verd? Korleis er det dei tenkjer, og kva er dei optimale forholda? Kanskje er ikkje slik vi vaksne tenkjer det optimale for ungane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trine Skei grande Terje Breivik

LEIAR OG NESTLEIAR: Partileiar i Venstre Trine Skei Grande, og nestleiar Terje Breivik. Her frå landsmøtet i 2012.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB Scanpix

Kreativ og aktiv ungdom

Det første leveåret budde Breivik på Voss, og seinare vende han tilbake for å gå på skule.

– Eg gjekk på vidaregåande skule på Voss, og på den tida måtte vi bu på hybel. Eg hadde tre veldig gode år av livet mitt der.

Breivik fortel at han var ein ganske normal ungdom, som var kreativ og aktiv, både innan rockemusikk og idrett.

– Eg starta ganske tidleg med skyting. Då var det vanleg rifleskyting på blink. Men litt seinare konverterte eg til skiskyting, seier 48-åringen, som også har stått mykje på skøyter.

– Før vasskraftreguleringa i Ulvik, låg det alltid is på fjorden. Difor stod vi mykje på skøyter. Eg har alltid vore fascinert av skøyting.

Han er framleis aktiv, og trenar 10–12 timar i veka gjennom heile året. I tillegg spelar han framleis musikk når han har moglegheit til det.

Eg og Sponheim har hatt eit langt, og stort sett godt liv saman

Terje Breivik

– Hadde ikkje peiling på politikk

Før Breivik vart politikar, var han med i eit kommunalt oppnemnd utval i Ulvik, då han var 19–20 år gamal. Dei hadde ansvar for å lage ein ungdomsplan for Ulvik.

– Eg hadde på det tidspunktet ikkje peiling på politikk, trass i at eg gjekk samfunnsfaglinje på gymnaset på Voss, seier han.

Han røysta for første gong i stortingsvalet i 1985.

– Eg røysta Venstre ut frå eit resonnement om at då gjer eg i alle fall ikkje noko gale, ler Breivik, og legg til at han har røysta Venstre sidan tidenes morgon.

I 1987, var 22 år gamle Breivik ein av få unge som budde heime i Ulvik. Det gjorde at fleire parti ønskte å ha han på vallista i kommunevalet.

– Eg kjende ein del kjekke folk på lista til Venstre, og hadde framleis i bakhovudet at det eigentleg er eit veldig ok parti, utan at eg kan påstå at eg kunne så mykje om kva Venstre stod for, verken lokalt eller nasjonalt på det tidspunktet, seier han.

Langt liv med Sponheim

Breivik kom inn i heradsstyret, og har til saman vore der i fire periodar. Han har også vore ordførar i Ulvik. Ein annan tidlegare Ulvikordførar, er tidlegare leiar i Venstre, Lars Sponheim.

Men sjølv om begge er venstrefolk og har fortid som ordførar i Ulvik, er det ikkje berre likskapar mellom dei to.

Terje Breivik

VIL PÅ STORTINGET: Terje Breivik.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Eg og Lars er veldig ulike typar, og Lars har heilt andre kvalitetar enn meg. Men politisk er vi jo veldig samkøyrde, fortel Breivik.

Han har vore generalsekretær i Venstre i 8 år, og slik sett jobba veldig tett med Sponheim både i lokalpolitikk og nasjonalt.

– Vi har hatt eit langt, og stort sett godt liv saman, seier Breivik.

Engasjement for miljø

Det er fleire saker som er viktige for Terje Breivik. Ei av hjartesakene er klima og miljø.

– Klimautfordringa er jo den altoverskyggande internasjonale saka med verkeleg stor S. Vi må komme i gang internasjonalt med å iverksette tiltak for at klimaendringane ikkje skal bli så store at dei fører til naturkatastrofar og slike ting, seier han.

Han er også oppteken av verdiskaping og velferd, særleg barnevern, NAV og barnefattigdom.

– Å leggje til rette for verdiskaping i dag, er å investere i framtidig velferd. Noreg er eit av verdas beste velferdssamfunn, og då er det viktig å ikkje berre ta vare på, men også vidareutvikle det. Då er næringsdrivande og gründerar alfa omega, for å skape dei verdiane vi skal leve av i framtida, seier venstrepolitikaren.

Vil på Stortinget

Fram mot valet i september skal Breivik drive valkamp for Venstre. Det blir ei hektisk periode.

– Valkamp er eit utruleg tett og intensivt program med mykje reising. Hordaland er eit geografisk stort fylke å bevega seg i. Ein må reise mykje i bil, og eg skal besøke både bedrifter, organisasjonar og institusjonar, fortel han.

Og dersom alt går etter planen, vil 48-åringen flytte inn i nytt kontor på Stortinget etter valet.

– Sjansane er veldig store for at Venstre får eit direktemandat frå Hordaland. Vi er mange som jobbar med dette, og så sant vi gjer jobben, har vi rimeleg gode sjansar, avsluttar Terje Breivik.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.