Senterpartiet vil ha Noreg ut av Schengen-samarbeidet

Grasrota innkasserte ein stor siger då landsmøtet søndag vedtok ei formulering om at Senterpartiet skal jobbe aktivt for å melde Noreg ut av Schengen-avtalen.

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant Jenny Klinge var ein sterk talsperson for å vrake Schengen-avtalen.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Ein av dei viktigaste støttespelarane for Senterungdomen i denne saka er stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Møre og Romsdal. Fredag heldt ho eit flammande innlegg for å forlate Schengen, slik at alle som skal inn i Noreg må vise fram passet.

Glad Jenny Klinge

– Sidan 2009 har eg kjempa for å få inn ei formulering om at Noreg skal ut av Schengen. Det er vart nettopp vedteke av landsmøtet, og eg er sjølvsagt kjempeglad, sa Jenny Klinge til NRK.no like etter avrøystinga.

Ho synest det er svært artig å ha vunne over partileiinga i denne saka, særleg dei to nestleiarane var veldig skeptiske.

Målet er å redusere det ho kallar «fri flyt av kriminalitet over grensa». Ho meiner programutkastet si formulering om at Noreg burde greie ut ein britisk modell, var for vag.

- Kvesse knivane

- Dette vedtaket gjer at vi kan kvesse knivane mot Schengen og på sikt vinne fram med argumenta våre i regjeringa og det politiske landskapet, seier ho.

Liv Signe Navarsete

Partileiar Liv Signe Navarsete gjekk på eit nederlag i striden om Schengen-avtalen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Eg har alltid hatt sansen for at vi skal vere tydelege på saker vi er opptekne av. Det å innføre passkontroll for å førebyggje mobil organisert kriminalitet er ei viktig sak. Ei klar formulering på at Noreg skal ut av Schengen gir oss ryggdekning i kampen vidare, legg Klinge til.

Dette var ei formulering heile partileiinga hadde gått mot, og det blir sett på som ein stor siger for Senterungdomen og grasrota i partiet. Både partileiar Liv Signe Navarsete, nestleiarane Ola Borten Moe og Trygve Slagsvold Vedum og parlamentarisk leiar i Stortinget, Lars Peder Brekk, var motstandarar av forslaget. Dermed var det grasrota i partiet som fekk fleirtal denne gongen.

– For utolmodige

Partileiinga har meint av Senterungdomen og andre Schengen-motstandarar i partiet har vore for utolmodige i denne saka. Partileiinga har meint at det er viktig å greie ut spørsmålet om ein alternativ modell, slik dei til dømes har i Storbritannia.

Det er særleg frykta for at innstrammingar i grensekontrollen skal få negative konsekvensar for norsk næringsliv, som har gjort at leiinga i Senterpartiet har hatt ei lunka haldning til forslaget som no er vedteke.

Sandra Borch taler på Senterpartiets Landsmøte i Loen

Vedtaket er ein stor siger for Sandra Borch og Senterungdomen.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Leiar i Senterungdomen, Sandra Borch, har gjort det klart at ho meiner det er viktig med strengare grensekontroll for å få ned kriminaliteten. Kriminalitet gjort av utlendingar har vakse kraftig etter at Noreg gjekk inn i Schengen-samarbeidet.

LES OGSÅ: Sp vil skrote helseforetakene

LES OGSÅ: Nekter å gi opp kampen mot helseforetakene

LES OGSÅ: - Landsmøtet har styrket Liv Signe

LES OGSÅ: Navarsete tydelig rørt av støtten

Kjønnsnøytral verneplikt

Andre saker der Senterungdomen har fått gjennomslag er vedtaket om kjønnsnøytral verneplikt . Denne saka har ungdomspartiet kjempa for i mange år, og no er det altså vedteke av landsmøtet.

Senterungdomen fekk også med seg landsmøtet på at det skal byggjast minst 1500 studentbustader i året, og at studentsamskipnadene skal få momsfritak ved bygging av studentbustader.

I går kunne Senterungdomen innkassere ein annan siger. Då fekk dei fleirtal for at det skal haldast folkerøysting om norsk EØS-tilknytning , sjølv om dette ikkje er aktuell politikk før etter 2017.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat banner» i nytt vindu

Les mer om stortingsvalget