I går fortalde NRK at treig postgang hindra mange veljarar i å delta i valet.
Over 400 førehandsrøyster (sjå faktaboks) over heile landet blir no makulerte, fordi dei kom fram til rett kommune etter at oppteljinga etter valet var avslutta.
LES OGSÅ:
Små marginar skilde Frp og Sp
Laila Reiertsen frå Framstegspartiet og Kjersti Toppe frå Senterpartiet kjempa begge ein tøff kamp om stortingsplass. På overtid, etter at finteljinga var over, var det til slutt Toppe som sikra seg det siste distriktsmandatet på Hordalandsbenken.
– Sjølvsagt ligg det litt i bakhovudet hos meg. Ein spør seg: Er det snakk om så mange røyster at resultatet kunne vore eit anna, vedgår Reiertsen.
Etter at NRK.no torsdag ettermiddag fortalde at minst 250 førehandsrøyster no er i ferd med å bli makulerte, har det komme melding tilsvarande meldingar også frå Oslo og andre kommunar. Berre i hovudstaden går 131 røyster uopna rett i søpla.
(Artikkelen held fram under biletet.)
Kunne endra Stortinget
Laila Reiertsen har dei fire siste åra hatt fast plass på Stortinget. Då det vart klart at Toppe, med nokre få hundre røyster overvekt sikra plassen, måtte Framstegspartiet ta til takke med to mandat frå Hordaland. No undrar ho på kva røyster som eigentleg skjulte seg i konvoluttane som no går til makulering.
– Sjølvsagt lurer eg på det. Det er eit hån mot veljarane som har stemt. Dei har brukt demokratiet vårt på ein god måte, og så skjer dette fordi ein ikkje har gode nok rutinar. Eg blir lei meg, seier Frp-aren.
Ho hadde nok ein litt lenger veg til Stortinget enn dei makulerte førehandsrøystene. Men både ho og vippekandidat Kjersti Toppe frå Senterpartiet ser at skandalen kunne endra på samansettinga i nasjonalforsamlinga.
– Viss ein mangla færre røyster enn dei som kom inn for seint, så hadde det vore ein reell sjanse for at ein hadde mista ein stortingsplass, seier Kjersti Toppe som no førebur seg på fire nye år med vekependling til mellom Oslo og Bergen.
Lovar å rydde opp
Sp-representanten Toppe meiner rotet med førehandsrøystene er heilt uakseptabelt.
– Det er ei veldig dårleg sak. Ein liten skandale, seier Toppe
– Eg ganske skaka over at vi har eit så svakt system. Veljarane må jo tenkje at det ikkje er noko vits i å røyste, når stemmene berre blir kasta på denne måten, seier Reinertsen i Frp.
Også valforskar og professor Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen karakteriserer NRK.no si avsløring av førehandsrøyste-rotet som «skandaløst». Ei rekkje ordførarar har også stilt seg svært kritiske.
Posten Norge beklagar sein postgang, mens Kommunal- og regionaldepartementet lovar ei grundig evaluering av ordninga med førehandsrøysting. Ei løysing kan vere å avslutte førehandsrøystinga tidlegare. I år kunne ein enkelte stader førehandsrøyste heilt fram til klokka 21 fredagen før valet.