Hopp til innhold

Opnar privatskule midt i valkampen

Berre tre veker før valet opnar Noregs største privatskule-kjede ein ny vidaregåande skule i Drammen. – Dei har funne eit smutthol i lova, seier SVs folk i Kunnskapsdepartementet.

Kjetil Eide

Kjetil Eide, dagleg leiar i Akademiet, opnar i dag dørene for 40 elevar på den nye private Montessori-skulen i Drammen.

Foto: NRK

I dag opnar privatskulen Heltberg vidaregåande skole opp i Drammen, med 40 elevar ved pultane. Skulen har same eigarar og held til i same bygg som privatskulen Akademiet.

Etter privatskulelova er det berre private skular med alternativ pedagogikk som får starte opp i Noreg. Difor skal den nye skulen praktisere Montessori-pedagogikk, fortel dagleg leiar i Akademiet, Kjetil Eide.

Finst ikkje Montessori for vgs.

Men dette er ikkje noko Det norske Montessori-forbundet stiller seg bak.

– Det finst ikkje noko Montessori-pedagogikk for vidaregåande skule. Maria Montessori lagde pedagogikk for born i alderen 0–15 år, seier leiar i forbundet Jon Terje Bjørke.

– Vi kan ikkje stille oss bak dette. Da er vi redde for at pedagogikken blir utvatna, og at elevane ikkje får det dei er lova, seier Bjørke.

Privatskule-kjeda Akademiet ligg frå før i strid med Kunnskapsdepartementet, som krev at skulen betalar tilbake 18,5 millionar kroner dei skal ha fått i ulovleg statsstøtte.

Jon Terje Bjørke

Jon Terje Bjørke i Montessori-forbundet meiner dei har blitt lurt av Akademiet.

Foto: NRK

Skuffa over SV og Halvorsen

Montessori-forbundet føler seg lurt, og er skuffa over utdanningsminister Kristin Halvorsen.

– Vi føler at Akademiet har funne eit smutthol og fått søknaden sin gjennom. Vi er utruleg skuffa over at dette har gått gjennom i SV si tid i Kunnskapsdepartementet. No må Halvorsen gripe inn og gjere om dette. Elles vil det få store ringverknader i skule-Noreg, trur Bjørke.

Han fortel at forbundet fleire gongar har vore i kontakt med Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet og sagt at dei ikkje står inne for opplegget til Heltberg.

– Det finst ikkje noko godkjent lærarutdanning for Montessori-pedagogikk i vidaregåande. Denne skulen skulle ikkje vore godkjent. Når det først har skjedd, burde Kunnskapsdepartementet gått inn og stoppa det, meiner Bjørke.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen

IKKJE VELKOMMEN: SV og kunnskapsminister Kristin Halvorsen er sterkt imot private skular. Likevel opnar ein ny og omstridd privat aktør i Drammen i dag.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

500 skuleplassar godkjende

Heltberg har fått lov til å starte opp 500 skuleplassar i Trondheim og Drammen, men rakk ikkje skulestart i Trondheim i år.

– Montessori på vidaregåande-nivå er nybrotsarbeid, meiner Akademiet-leiar Kjetil Eide.

Godkjenninga frå direktoratet kom samtidig som kravet om å betale tilbake statsstøtta som dei meiner er brukt feil.

– Vi meiner det ikkje er grunnlag for det kravet direktoratet kjem med. Eg er glad for at dei ikkje blandar desse sakene og let det gå ut over søknader om nye skular vi vil starte, seier Eide.


SV er misnøgde

Elisabeth Dahle (SV)

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Elisabeth Dahle (SV), vil hindre at Akademiet får starte fleire vidaregåande skular på denne måten.

Foto: SV

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Elisabeth Dale (SV), mislikar dei nye private skuleplassane.

– Dette viser at Akademiet har funne eit smutthol i lova. Det vil vi stanse. Difor har vi fremja eit lovforslag for på endre lova så dette ikkje skal bli mogleg seinare, seier Dale.

Det var Montessori-forbundet som opplyste regjeringa om Akademiet sine planer.

– Da tok vi affære og la fram eit lovforslag som vil tre i kraft så fort Stortinget har vedteke den nye lova, seier Dale.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.