Hopp til innhold

- Høgre må finne fram kalkulatoren

Frp på Vestlandet meiner Høgre må finne fram kalkulatoren igjen. Hevdar det vil vere god samfunnsøkonomi i å bygge ferjefri E39 utan bompengar.

Terje Halleland

Frp og Terje Halleland meiner det vil vere god økonomi å ikkje krevje bompengar langs E39.

Foto: Håvard Grønli / NRK

– Mi oppfordring til Høgre er at dei må finne fram kalkulatoren og snakke litt om millionar igjen, seier Terje Halleland, fylkesvaraordførar i Rogaland (Frp).

I det ferja som kryssar Boknafjorden blir fylt med bilar seier han til NRK at det er ein enorm samfunnsgevinst i å bygge vegar.

– Den gevinsten må vi kunne hente ut frå Vestlandet også. Det er god butikk og det håpar eg Høgre vil sjå med tida, seier han.

Akkurat her kjem det første nye prosjektet på ferjefrie E39. Rogfast er ein undersjøisk tunnel under Boknafjorden som skal erstatte det nest mest trafikkerte ferjesambandet her i landet.

Ber om mindre bompengar

Det er eit tunnelprosjekt næringslivet i området gler seg til. Men også dei ber om ferjefri veg med minst mogleg bompengar.

Hallvard Ween

– NHO vil akseptere bompengar, viss det gjer vegbygging mogleg.

Foto: Håvard Grønli / NRK

– Vi likar veg betre enn bompengar, seier regiondirektør Hallvard Ween i NHO til NRK. Han seier dei må akseptere bompengar viss det er det som gjer vegen mogleg.

– Men det skuffar oss at det som ein gong var eit ganske likt delt dugnadsarbeid no ser ut til å bli meir og meir bilist- og transport-finansiert. Det ser ut til at bompengane i Rogaland sitt tilfelle utgjer om lag 85 prosent av finansieringa.

Frp meiner å ha sett at effekten av nye tunnelar og bruer verkeleg kjem når bompengane er nedbetalte. Ein yrkessjåfør NRK snakkar med på kaia i Mortavika er einig med NHO og Frp:

– Rogfast burde ikkje kosta bompengar. Men slik blir det nok aldri.

Rom for bompengar

Og det kan sjåføren ha rett i. For Frp står åleine om å meine at nye ferjefrie E39 bør vere bompengefri. For tida kranglar Frp med dei raud-grøne om kor store delar statleg finansiering og bompengefinansiering Regjeringa eigentleg har lagt opp til. Men blir det regjeringsskifte kan det vere viktigare å overtyde Høgre. Akkurat det ser ikkje så lyst ut for Frp.

Arve Kambe

Høgre og Arve Kampe meiner at bompengar gjer at ein kan halde budsjetta.

Foto: Håvard Grønli / NRK

– Vi tenker at budsjetta våre skal henge saman frå dag til dag og frå år til år, seier Arve Kambe, Høgres tredjekandidat som driv valkamp i Haugesund.

– Høgre har sagt at vi skal ha betydelig lågare skattar og avgifter, ei betydelig satsing på helse og eldreomsorg og i tillegg ei auka satsing på veg. Då må vi klare å lage eit budsjett som heng saman. Høgre meiner det er eit visst rom for bompengar.

– Og viss prisen blir dobla?

NRK spør NHOs regiondirektør Hallvard Ween om næringslivet framleis vil ha tunnel dersom det blir dobbelt så dyrt å krysse fjorden som det er med ferja i dag.

– Då er svaret mitt framleis ja!


Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.