Krigen i Ukraina

Hopp til innhold

Siste meldinger

  • Zelenskyj taler til filmfestivalen i Cannes

    Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj talte via video til filmfestivalen i Cannes, som opna tysdag.

    – Til slutt vil hatet forsvinne, og diktatorane vil døy, sa han i den overraskande talen under opninga av den 75. filmfestivalen i Palais des Festivals i Cannes.

    I talen refererte han til makta av filmen under andre verdskrig, og han nemnde spesifikt Charlie Chaplins film «Diktatoren», som gjorde narr av nazileiaren Adolf Hitler.

    – Vi treng ein ny Chaplin i dag for å bevise at filmen ikkje har mista stemma si, sa han i talen, som han fekk ståande applaus for.

    Krigen i Ukraina blir eit dominerande tema på festivalen, og ein dag er reservert for ukrainske filmskaparar. Dokumentarfilmen «Mariupolis 2» av den litauiske filmskaparen Mantas Kvedaravicius som vart drepe av russiske styrkar i april, blir vist spesielt.

    (NTB)

  • Stans i forhandlingane mellom Ukraina og Russland

    Ukraina og Russland har inntil vidare stansa forhandlingane om å finne ei fredsløysing på krigen, stadfestar begge land.

    Ifølgje Ukrainas forhandlingsleiar Mikhail Podoljak er det ikkje mogleg å få til framgang i forhandlingane all den tid Russland ikkje erkjenner situasjonen som rår på bakken.

    Først når dei russiske styrkane har trekt seg tilbake, vil det vere mogleg å forhandle om ei våpenkvile, seier han.

    Russlands viseutanriksminister Andrej Rudenko stadfestar at forhandlingane med Ukraina er lagde på is.

    – Ukraina har praktisk talt forlate forhandlingsprosessen, seier han.

    (NTB)

  • Scholz får kritikk etter Kyiv-uttale

    Tysklands statsminister Olof Scholz har hissa på seg kritikarar etter å ha sagt at han ikkje aktar å besøkje Kyiv berre for å ta bilete.

    Europeiske leiarar har dei siste vekene reist til Ukrainas hovudstad der dei har møtt president Volodymyr Zelenskyj.

    Scholz har ikkje vore blant dei, truleg for å markere misnøya si med at leiinga i Kyiv førre månad takka nei til eit besøk frå Tysklands president Frank-Walter Steinmeier.

    – Eg stiller meg ikkje i køen saman med ei gruppe menneske som dreg på lynvisitt for at det skal takast bilete. Det må handle om meir konkrete ting, sa Scholz til kringkastaren RTL måndag.

    Kritikken lét ikkje vente på seg, og blant dei som reagerte, var CDU-leiar Friedrich Merz som sjølv nyleg besøkte Zelenskyj.

    Han viste til at både utanriksminister Annalena Baerbock og presidenten i den tyske nasjonalforsamlinga, Bärbel Bas, er blant dei som nyleg har vore i Kyiv.

    (NTB)

  • ICC sender rekordmange etterforskarar til Ukraina

    Den internasjonale straffedomstolen ICC har sendt ei rekordstor gruppe etterforskarar til Ukraina for å granske påståtte russiske krigsbrotsverk.

    Gruppa inkluderer etterforskarar, rettsmedisinarar og støttepersonell og er den største gruppa ICC nokosinne har sendt nokon stad, seier sjefsetterforskar Karim Khan.

    Etterforskarane skal samarbeide med ukrainske styresmakter for å samle bevis og relevante vitneprov og for å verne bevis som blir samla inn, seier Khan.

    Allereie fire dagar etter den russiske invasjonen i februar varsla ICC gransking av moglege krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskja i Ukraina.

    (NTB)

  • Ukraina: Åtte personar drepne i luftåttak

    Åtte personar skal vera drepne og 12 skadde etter eit russisk luftåttak i landsbyen Desna, nord i Tsjernihiv, hevdar ukrainske myndigheiter. Det melder Reuters.

  • Russland hevder 265 ukrainske soldater har overgitt seg ved Azovstal

    265 ukrainske soldater, deriblant flere titalls sårede, har overgitt seg ved stålverket Azovstal i Mariupol, hevder Russlands forsvarsdepartement.

    – Gjennom det siste døgnet har 265 krigere lagt ned våpnene og overgitt seg, deriblant 51 hardt skadde, uttalte departementet under en pressebrifing.

    Ifølge russerne skal de som trenger medisinsk tilsyn være sendt til et sykehus i byen Novoazovsk.

    Ukrainas militære styrker har uttalt gjennom det siste døgnet at mer enn 260 soldater er evakuert fra Azovstal, som har vært under beleiring i mer enn 80 dager. Kampoperasjonen ved Azovstal og beleirede Mariupol er nå avsluttet, ifølge ukrainerne.

    (NTB)

  • Lavrov: Finsk og svensk Nato-medlemskap utgjer ikkje stor forskjell

    Utanriksministeren i Russland, Sergej Lavrov, seier at det ikkje er ein stor forskjell på om Finland og Sverige blir medlem av Nato, seier han då han hevdar at dei lenge har delteke i Natos militære øvingar. Det melder Reuters.

Spilleliste med 36 klipp
Krigen i Ukraina
Spiller nå
Ble verdenskjent etter tilfluktsrom-sang 01:08
Neste