Hopp til innhold

– Nelson Mandela er død

– Vi vil alltid elske deg Madiba. La sjela di kvile i fred, sa den sørafrikanske presidenten då han kunngjorde Nelson Mandelas død på nasjonal TV.

Zuma med dødsbudskapet

President i Sør-Afrika sa i kveld at Sør-Afrikas største helt, Nelson Mandela, har gått bort 95 år gamal.

– Våre tankar er med millionar av menneske rundt om i verda som omfamna Madiba som sin eigen. Dette er ein augneblink av stor sorg. Vår nasjon har mista sin største son, vårt folk har mista sin far, sa president i Sør-Afrika Jacob Zuma i ein TV-tale.

Presidenten nytta seg av sørafrikanarane sitt kjælenamn, Madiba, då han omtala den no avdøde presidenten.

– Det som gjorde Nelson Mandela så stor var det same som gjorde han eit menneske. I han såg vi så mykje av oss sjølve, sa Zuma.

Skriv din siste hilsen til Mandela her

Nelson Mandela er tidlegare president i Sør-Afrika, men vil først og fremst bli hugsa som mannen som ofra 26 år i fengsel i kampen mot apartheid-regimet i Sør-Afrika.

– Kjære sørafrikanarar, Nelson Mandela brakte oss saman, og det er saman at vi vil seie farvel. Vår kjære Madiba vil bli gitt ein statleg gravferd, sa Zuma.

Presidenten sa også at han hadde bedd om at alle flagg i Sør-Afrika skal flagge på halv stong frå i morgon, og bli verande slik til etter gravferda.

– La oss hugse verdiane som Madiba kjempa for. La oss forplikte oss sjølve til å jobbe saman til å bygge eit sameina, urasistisk, og kraftig Sør-Afrika. Vi må vere bestemte for å leve slik Madiba har levd, sa Zuma.

Etter å ha snakka til folket velte presidenten å rette dei siste orda i sin TV-tale til den store folkehelten.

– Vi vil alltid elske deg Madiba. La sjela di kvile i fred, avslutta den sørafrikanske presidenten.

SISTE NYTT

Siste nytt