Hopp til innhold

Zelenskyj: – Bakhmut er ikkje okkupert av Russland

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj sa frå talarstolen at Bakhmut ikkje har falle.

Zelenskyj G7

STÅ SAMLA: President Zelenskyj møtte pressa etter G7-møtet i Japan. Han kom med ei oppmoding om å stå samla mot ambisjonen om å krige.

Foto: Philip Lote / NRK

– Det finst ikkje lengre enkle spørsmål, heller ikkje enkle svar. Fordi vi har ein komplisert nabo. Men vi held fram med å kjempe, takka vere dei tapre folka våre, svarte presidenten på spørsmål om Bakhmut.

Det var sjeldan stille før presidenten kom inn på talarstolen.

Han starta med å seie «Slava Ukraini».

Ære til Ukraina. Ære til heltane.

– Sjølv om fienden vår ikkje har brukt atomvåpen er øydeleggingane liknande dei etter atombomba her i Hiroshima.

pUWhsofwnAk

Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj og Japan sin statsminister Fumio Kishida la tidlegare i dag ned blomar for ofra av atombomba som fall i Hiroshima i 1945.

Foto: Reuters

Zelenskyj kom med ei oppmoding om å stå samla mot ambisjonen om å krige.

– Vi drøymer om å byggje opp igjen landet igjen. Vi drøymer om å få tilbake territoria våre. For at det må skje, må ambisjonen om krig døy ut. Eg er i Hiroshima sånn at verda kan høyre vårt rop om fred, sa presidenten.

Forvirring om Bakhmut

Etter åtte månader med kampar hevda leiaren for Russlands leigesoldatar Jevgenij Prigozjin at slaget om Bakhmut var vunne.

Laurdag kveld hevda også det russiske forsvarsdepartementet at Bakhmut er under russisk kontroll, ifølge nyheitsbyrået Tass.

APTOPIX Russia Ukraine War

Det er enorme øydeleggingar i byen Bakhmut, ein by Zelenskyj samanlikna med Hiroshima etter atombomba i 1945.

Foto: Libkos / AP

Ifølge Interfax gratulerte president Putin soldatane for å ha tatt kontroll over byen.

President Zelenskyj vart spurt om han var einig i at slaget var tapt, under et møte med Biden i Hiroshima.

ptt-MbXAQOk

Presidentane Biden og Zelenskyj snakkar saman på den siste dagen av G7-møtet. Her blei den ukrainske presidenten spurt om Bakhmut.

Foto: AFP

Svaret skapte forvirring om Zelenskyj bekrefta slaget eller ikkje.

Er Bakhmut framleis i Ukraina sine hender? Russarane seier dei har tatt Bakhmut, spurte journalisten.

Eg trur nei, men det er ikkje noko igjen, de øydela alt. Det er ingen bygningar. Det er ein tragedie, men i dag er Bakhmut berre i våre hjarter. Det er ingenting på denne basen, berre dronar og døde russarar.

På talarstolen i dag fekk presidenten nyansert situasjonen.

– Bakhmut er per i dag ikkje okkupert av Den russiske føderasjonen, sa Zelenskyj.

Klarsignal frå Biden

USA sin president Joe Biden og Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj møttest søndag i Hiroshima i Japan på den siste dagen av G7-toppmøtet.

Eit viktig tema var kva støtte Ukraina kan få frå G7-leiarane.

– G7-landa står urokkeleg ved si støtte til Ukraina. Russland starta denne krigen, og dei kan avslutte han i dag, sa president Biden på ein pressekonferanse etter toppmøtet.

Biden sa også at Russland president Putin ikkje kan bryte deira støtte til Ukraina.

NATO holds an air display event in Poland

Ukraina har lenge ynska seg kampfly av typen F-16. Det er enno ikkje klart kva konfigurasjonar fly til Ukraina vil ha.

Foto: LUKASZ GLOWALA / Reuters

På møtet fekk Zelenskyj løfte om nye våpen, og forsikringar om at ukrainske pilotar skal få opplæring på F-16-kampfly.

USA skal også ha gitt klarsignal til at allierte kan levere F-16-fly til Ukraina, skriv BBC.

– Vi gjer alt vi kan for å styrke Ukraina sitt forsvar, sa Biden etter møtet.

Samstundes annonserte den amerikanske presidenten ei ny militærpakke på inntil 375 millionar dollar til Ukraina.

Les også Biden opnar for F-16-jagarfly til Ukraina

– Det omfattar ammunisjon, artilleri og panserkøyretøy, sa Biden.

Zelenskyj har i fleire månader bede om å få kampfly, men USA har nølt med å gi løyve til at dei amerikanskproduserte flya kan leverast til Ukraina.

– Vi har jobba lenge for å få det utfallet vi vil ha. Vi er takknemlege for det vi får for å styrke motstandsevna i lufta, Hawk-fly, Nasams. Men det er ikkje nok, sa Zelenskyj.

Militære og politiske gevinstar

Det er ikkje klart korleis dette skal skje, når det vil skje og kor mange fly Ukraina vil få. Det er heller ikkje klart kva utstyr flya får og kva for våpen dei kan ha.

F-16-flya vil uansett bety eit kraftig steg opp for flyvåpenet i Ukraina, som hittil berre har hatt jagarfly produserte i sovjet-tida av typen Mig-29 og SU-27.

Det er militære og politiske gevinstar for Zelenskyj på dette G7-møtet.

Les også Wagner-gruppen hevder kontroll over Bakhmut – Ekspert tror ukrainsk motoffensiv er nærliggende

Jevgenij Prigozjin i Bakhmut

Samtidig har han møtt leiarane for India og Australia, og presentert dei for sin visjon, sine planar for mogleg fred.

SISTE NYTT

Siste nytt