Hopp til innhold

Zelenskyj til Washington – får 18 milliardar kroner i ny våpenhjelp

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj er på veg til USA i dag. Tidleg onsdag morgon vart han filma i Polen. Turen er hans fyrste utanlandsreise sidan februar.

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj dreg til USA rett frå fronten aust i Ukraina. Han blei fanget på kamera idet han kom Polen, onsdag morgon.

Opplysningane om reisa til den ukrainske presidenten er so langt svært sparsomme, på grunn av tryggleiken til Zelenskyj.

Men på Twitter skriv Zelenskyj at han er på veg til Washington for samtalar om det han beskriv som Ukrainas forsvarsevne.

Truleg har han dradd ut frå Ukraina med helikopter eller bil, og så dradd vidare med fly, kanskje eit amerikansk militærfly, frå Polen eller Romania.

Ifølgje Reuters skal Zelenskyj tale til ein felles sesjon i den amerikanske Kongressen seinare onsdag.

Talskvinne for den amerikanske presidenten Karine Jean-Pierre bekreftar til amerikanske medium at Zelenskyj også skal møte president Joe Biden.

Volodymyr Zelenskyj 20.12.2022

Tysdag besøkte president Zelenskyj ukrainske soldatar nær frontlina i Bakhmut som ligg aust i Ukraina.

Foto: Ukrainske styresmakter / AP

Rett frå fronten i Donbas

Volodymyr Zelenskyj dreg til USA rett frå fronten aust i Ukraina, der han tysdag besøkte dei ukrainske soldatane som forsvarar byen Bakhmut.

– De forsvarar heile Ukraina sa Zelenskyj, og la til at etter Donbas så vil Russland utslette alle ukrainske byar og alt som har med Ukraina å gjera.

Ukrainas president Volodymry Zelenskyj besøkte Bakhmut 19. desember, samtidig som kampene om byen pågikk for fullt. Man kunne høre kanontorden mens Zelenskyj talte til soldatene.

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj besøkte Bakhmut 20 desember, samtidig som kampane om byen gjekk føre seg for fullt. Man kunne høyre kanontorden mens Zelenskyj talte til soldatane.

– Vi vil bere fram takksemd til den amerikanske kongressen frå våre soldatar sa Zelenskyj, samstundes som han la til at dette ikkje er nok.

Under heile besøket kunne ein høyre lyden av tunge nedslag frå granatar. Kampane om Bakhmut har gått føre seg i fleire månader, utan at dei russiske styrkane har klart å ta kontroll over byen.

Zelenskyj i Bakhmut

Volodymyr Zelenskyj saman med ukrainske soldatar i Bakhmut tysdag.

Foto: AP

Pelosi har innkalla Kongressen

Begge kammer i Kongressen er innkalla onsdag kveld.

Speaker Nancy Pelosi har bede alle representantar møte opp fysisk for det ho kallar «eit veldig spesielt fokus på demokrati».

Fleire medium skriv at det er venta at Zelenskyj mellom anna vil takke dei amerikanske folkevalde den massive våpenstøtta landet hans får.

Patriotrakett

Eit amerikansk patriotrakettbatteri, fotografert i Polen tidlegare i 2022.

Foto: Evan Vucci / AP

Møte med Biden

Zelenskyj skal møte president Joe Biden i Det kvite huset der førebuingane alt skal vere i gang.

Det er også venta at dei to vil halde ein kort felles pressekonferanse.

Biden kjem truleg annonsere at USA sender ei ny pakke med våpen og utstyr for ytterlegare 1,8 milliardar dollar.

Nettstaden Axios skriv at det er venta at USA kunngjer at Ukraina skal få fleire «smarte» bomber og det avanserte luftvernsystemet Patriot som Zelenskyj har bede om.

Russland - vil forverra konflikten

Den russiske presidenten Vladimir Putins pressetalsmann Dmitrij Peskov seier i ein telefonkonferanse at nye våpenleveransar til Ukraina vil forverre konflikten.

Han trur ikkje Zelenskyjs besøk vil ha noko å si for Ukrainas syn på moglegheitene for å få til ei løysing på konflikten.

Ukrainske styresmakter har sagt at full tilbaketrekking av dei russiske styrkane må vere utgangspunktet for å få ein slutt på den snart 10 månader lange krigen mellom Russland og Ukraina.

Tryggleiken rundt Capitol Hill skal allereie vere innskjerpa.

Besøket blir Zelenskyjs første til USA etter at Russland invaderte Ukraina i februar. Det er i tilfelle også det første kjende utanlandsbesøket hans sidan krigen braut ut.

Da russiske spesialstyrkar ved starten av krigen i slutten av februar 2022 truga hovudstaden Kyiv, valde Zelenskyj å bli i byen.

– Det er her kampen står var Zelenskyj svar på tilbodet frå ma USA om å evakuera han. Sidan den gong har han tala via videolink til mange land. Han kone Olena har på sin side ofte vore i utlandet og har også vitja USA.

Les også USA med enorm hjelpepakke til Ukraina: Gir 1000 nye panservernmissil

NASAMS II