Hopp til innhold

Zelenskyj: – Ekstremt akutt ved fronten i Donetsk

Både frå ukrainsk og russisk side blir det sagt at kampane no er svært harde fleire stader langs frontlinja i Donetsk, i den austlege delen av landet. Ukrainske militære seier at den russiske okkupasjonshæren førebur ein større offensiv.

Vuhledar

HARDE KAMPAR: Eit hus er i brann i byen Vuhledar etter eit russisk angrep i går.

Foto: STRINGER / Reuters

Ukrainske styresmakter seier ifølgje AFP at den russiske hæren dei siste dagane har intensivert angrepa rundt den vesle administrasjonsbyen Vuhledar i Donetsk.

Donetsk

BOMBET: Ødelagte boligblokker i Vuhledar i Donetsk.

Foto: 72ND SEPARATE MECHANIZED BRIGADE / Reuters

Før krigen hadde byen ei befolkning på 15.000.

Ventar ny russisk offensiv

– Det er kraftige kampar der, seier den ukrainske militære talspersonen Sergij Tsjerevaty.

Donetsk

SLÅR TILBAKE: Ein ukrainsk soldat gjer klar ein granatkastar i Donetsk.

Foto: ANATOLII STEPANOV / AFP

Ukrainske styresmakter reknar med at russarane prøver å bryte gjennom forsvarslinjene til ukrainarane, og at det vil komme ein større offensiv om kort tid.

– Det er ingen løyndom at dei førebur ei ny bølgje innan 24. februar, seier Oleksij Danilov som er sekretær i Ukrainas nasjonale tryggleik- og forsvarsråd.

Dette er eittårsdagen for då Russland sette i gang krigen mot Ukraina. Ukrainske styresmakter reknar med at russarane ønskjer å kunne vise til framgang på slagmarka til denne dagen.

Les også Er Nato i krig? Ekspertar svarar om Russland og stridsvogn-alliansen

Russia Putin

Ukraina vil ha meir

Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj seier at situasjonen ved fronten i Donetsk er «ekstremt akutt».

Leopard

ØNSKJER MEIR: Ukraina har fått løfte o 321 stridsvogner frå vestlege land.

Foto: Polish Defense Ministry / AP

– Okkupantane stormar ikkje berre posisjonane våre. Dei øydelegg medvite og metodisk byane og landsbyane rundt dei, med artilleri, luftangrep, missil, sa Zelenskyj i ein videotale fredag kveld.

Han ber på nytt om meir militærhjelp etter at vestlege land har lova å sende 321 stridsvogner.

– Den russiske aggresjonen kan berre stansast med tilfredsstillande våpen, understrekar presidenten.

Kanonen står delvis gøymt i utkanten av ein park i landsbyen aust i Ukraina.

NORSKE: NRK møtte fleire av dei ukrainske soldatane som skulle bemanna dei norske M109-kanonane i Donbas aust i Ukraina den 13. januar. Området er nå ein «hot spot» i krigen.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Noreg er blant landa som lovar å gi stridsvogner av typen Leopard 2.

Tidlegare har Noreg gitt sjølvdrivne kanonar av typen M 109 til Ukraina.

Såra i russisk angrep

NRK besøkte nyleg mannskapet på ein av desse kanonane.

I går vart denne kanonen angripe av ein russisk drone.

Blod renn ved øyret til den ukrainske soldaten Igor som kjempar i kampane ved Donbas aust i Ukraina.

Blod renn frå øyret til den ukrainske soldaten Igor etter eit russisk angrep mot dei norske kanonane 27. januar.

Foto: Serhii Lestsjenko

«Igor har vorte ein 300.»

Det skreiv den ukrainske journalisten og politikaren Serhii Lestsjenko til NRK fredag ettermiddag.

Den ukrainske solaten Igor ved kanonen Noreg har gitt det ukrainske forsvaret.

Den ukrainske soldaten Igor ved kanonen M109 i Donbas då NRK møtte han den 13. januar.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Talet 300 fortel at nok ein ukrainsk soldat er skadd i den blodige krigen i Donbas aust i Ukraina.

Det er i denne regionen dei hardaste kampane no går føre seg.

Norske kanonar

Igor var ein av dei som bemanna dei sjølvdrivne M109-kanonane som Noreg har gitt til Ukraina.

Igor sin uniformjakke er riven opp frå øvst på ryggen og ned heile armen.

Den øydelagde uniforma til den ukrainske soldaten Igor vitne om skadane.

Foto: Serhii Lestsjenko

NRK møtte han og resten av mannsskapet på «den norske kanonen» sør for byen Kurakhove 13. januar.

Den gongen uttrykte Igor stor takksemd overfor Noreg, som gav vel 20 slike kanonar til Ukraina.

Serhii Lestsjenko skriv i ei melding til NRK at kanonen M109 vart angripen av ein russisk Lancet-drone.

Det var i dette angrepet Igor vart såra, ifølgje Lestsjenko. Han sende også bilete som viser den skadde soldaten.

Det er uklart kor alvorleg såra Igor er, men han er altså ein 300, som er nemninga for ein såra soldat.

200 er nemninga på ein drepen soldat.

Les også Her er norske kanonar i bruk ved fronten i Donbas

SISTE NYTT

Siste nytt