Hopp til innhold

Zealandia – det åttande kontinentet

Det er stort sett skjult av havet, men forskarar meiner at Zealandia bør bli rekna som eit eige kontinent. Området er like stort som to tredelar av Australia.

Zealandia - det åttende kontinent

Forskarar meiner Zealandia er eit eige kontinent.

Foto: GSA Today

Snart kan vi kanskje få eit nytt kontinent på jorda. Zealandia er 4,5 millionar kvadratkilometer stort. 94 prosent ligg under havet – berre New Zealand og Ny-Caledonia stikk opp i dagen.

For første gong seier forskarar at dei meiner det er grunnlag for å definere Zealandia som eit eige kontinent. Dei presenterer dei nye funna sine i rapporten «Zealandia: Earth's Hidden Continent», som The Geological Society of America har publisert i GSA Today.

Laster Twitter-innhold

Skjult under havet

– Det er litt frustrerande for oss geologar at havet ligg der og skjuler mesteparten av dette kontinentet, seier hovudforfattar Nick Mortimer ved GNS Science på New Zealand til Reuters.

Nick Mortimer ved GNS Science, New Zealand

Geolog Nick Mortimer.

Foto: Reuters

– Dersom vi kunne «dra opp proppen» og sleppe ut litt vatn, ville alle kunne sjå at vi har eit heilt kontinent med svære fjellkjeder rett under havoverflata.

– Heilt sidan 1920 er området i ulike fagtidsskrift blitt omtalt som «kontinentalt», seier Mortimer. No meiner vi å ha samla nok informasjon til å slå fast at det er dekning for å endre «kontinentalt» til «kontinent», seier han.

Namnet Zealandia blei skapt av geofysikar Bruce Luyendyk i 1995. Dei siste par tiåra har forskarane samla store mengder data, blant anna ved hjelp av avansert satellitt-teknologi.

New Zealand Coast to Coast

Padlarane ved Sørøya på New Zealand har eit skjult kontinent under seg.

Foto: Mark Baker / AP

Kartlegginga viser at Zealandia er eit stort, avgrensa område som forskarane meiner fyller krava til å bli definert som eit eige kontinent. Det er heva over det omkringliggjande området og det har ein særeigen geologi.

Laster Twitter-innhold

Nye verdskart

Dersom funna blir akseptert i det internasjonale forskingssamfunnet, må kartografane snart teikne inn eit nytt kontinent på kartet.

– Rapporten vi har skrive, byggjer på grundig forsking, seier Nick Mortimer. Han håpar at Zealandia om fem til ti år vil komme inn på verdskartet som eit åttande kontinent.

Eit kontinent blir definert på ulike måtar. Talet på kontinent på jorda varierer derfor frå fire til sju. Internasjonalt er det vanleg å dele inn i sju kontinent - Asia, Europa, Afrika, Nord-Amerika, Sør-Amerika, Australia og Antarktis. Derfor blir Zealandia, etter rapporten frå The Geological Society of America, omtalt som eit åttande kontinent.

Zealandia blei truleg blitt skilt ut frå Australia for rundt 80 millionar år sidan.