Hopp til innhold

Zarar (12) fekk kaninar av Osama

12 år gamle Zarar Ahmed hadde fullt utsyn til huset der Osama bin Laden vart drepen av amerikanske tryggingsstyrkar. Han var ofte gjest hos terroristen.

Video Fikk to kaniner av Osama bin Laden

NABOGUTT: Zarar var ein regelmessig gjest hos bin Laden sin familie.

Zarar Ahmed var ein av dei næraste naboane til bin Laden sin store festningsliknande bustad i den pakistanske byen Abbottabad.

Frå hustaket sitt kunne Zarar Ahmed sjå bygningen der Osama bin Laden oppheldt seg saman med familien sin.

Ungguten seier at bebuarane var svært tilbaketrekte og sjeldan viste seg for naboane.

Mellom anna brende dei opp søpla på eigedomen i staden for å levere det på gata der søppelbilen kunne plukke det opp.

Zarar Ahmed har tidlegare blitt invitert inn i huset fleire gonger.

– Eg pleidde å vitje Osama i huset hans. Han hadde to koner, den eine prata arabisk og den andre urdu. Dei hadde ei dotter og to søner. Dei gav meg to kaninar, seier Zarar Ahmed (12).

Abbottabad er ein by som er dominert av mange høgare utdanningsinstitusjonar, spesielt innan militæret. Nærleiken til hovudstaden Islamabad, samstundes som den er omkransa av høge fjell på alle sider, gjer at byen er ein strategisk tilhaldsstad.

Amerikansk etterretning seier at bin Laden truleg har opphalde seg i eller rundt Abbottabad dei siste 5-7 åra.

Osama bin Laden, som var verdas mest ettersøkte terrorist, vart måndag drepen i huset sitt i byen. Ein video offentleggjord av amerikanske ABC News syner harde kampar på bin Laden sitt soverom.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt