NRK Meny
Normal

Ynskjer uavhengig president

Den populære borgarmeisteren i New York, Michael Bloomberg, blir stadig nemnt som ein mogleg uavhengig presidentkandidat ved valet i november.

Michael Bloomberg

Tilhengarane til Michael Bloomberg meiner han er rett mann til å samle eit splitta USA.

Foto: JOHN GRESS / REUTERS

Bloomberg avviser at han vurderar å stille til val, men spekulasjonane fekk ny næring måndag då borgarmeisteren dukka opp på eit møte om sentrumspolitikk, dagen før nominasjonsvalet i New Hampshire.

Kraftig kritikk

Bloomberg rettar kraftig kritikk mot dagens topartisystem. Han meiner kandidatane frå Demokratane og Republikanarane mest av alt tenkjer på eigen vinning utan å ta omsyn til nasjonen.

- Det er slutt på at folk samarbeidar, og regjeringssamarbeidet fungerar dårleg, seier Bloomberg.

Han legg til at veljarane er lite villige til å stille politikarane til ansvar for brot på det dei har lova.

Sjokkterapi

Fleire kjente politikarar sto bak arrangementet i Oklahoma City måndag, der sentrumspolitikk var tema.

- Framtida til Amerika står på spel, og vi viser liten evne til å satse på problemløysingar, seier den tidligare Georgia-senatoren Sann Nunn.

Tidligare guvernør og senator frå Oklahoma, David Broren, meiner dei etablerte partia treng ein dose sjokkterapi.

- Medisinen som vert tilbydd frå kandidatane til dei etablerte partia, er av same oppskrift som tidlegare. Derfor treng vi eit tredje alternativ, seier han.

Vinn aldri

Bloomberg er tidlegare demokrat. Sjølv om han no figurerar som republikansk borgarmeister, har han ikkje vore medlem av noko politisk parti etter 2001.

Tilhengarane til Bloomberg meiner han er rett kandidat til å samle eit splitta USA.

Ingen uavhengig tredjekandidat har nokon gong klart å vinne eit presidentval i USA. Ross Perot fekk 19 prosent av stemmene i 1992, men sikra seg ingen valmenn. Det næraste han kom var å bli nummer to i Maine og Utaha.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt