Hopp til innhold

Yngel vil heller ha plast enn plankton

Fiskeyngel vil heller ha plastpartiklar som mat enn plankton. Det gjer dei sløve, fører til at mange dør tidleg og er ei av årsakene til at ein del fiskebestandar minkar, viser ein svenske studie.

Gjedde og Abbor

Svensk forsking viser at nedgangen i bestanden av åbor og gjedde er knytt til plastforureining.

Foto: Anton Rikstad

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Oona Lönnstedt er forskar ved instituttet for økologi og genetikk ved Universitetet i Uppsala i Sverige. Saman med professor Per Eklöf har ho gjennomført eit større forskingsprosjekt om korleis den omfattande plast-forureininga i havet påverkar fiskebestanden.

Den første delen av undersøkinga handlar om åbor, men mykje tyder på at andre fiskeartar har det på same måten. Dei to forskarane har utvida studien til også å gjelde gjedde og flyndre, og tendensen er den same.

Plastpartiklar

Den svenske undersøkinga blir presentert i det velrenommerte vitskaplege tidsskriftet Science fredag 3. juni.

Studien viser at yngel som får i seg plastpartiklar, i forsøket vart det brukt partiklar av polystyren, veks mykje seinare enn yngel som eter det som er den naturlege maten for dei, plankton. I tillegg endrar dei framferd.

Dei blir mindre aktive enn yngel som lever av plankton, og dei reagerer ikkje på lukta av naturlege fiendar. Dette gjer at dei blir i langt større grad enn dei som lever av plankton blir fanga og oppetne.

– Dette er sterke resultat. Og det at dei ikkje reagerer på lukt frå naturlege fiendar, er ei heilt ny oppdaging, seier Oona Lönnstedt til Dagens Nyheter .

Hygieneprodukt

Yngelen i denne studien vart henta frå ei elv på Gotland.

Lönnstedt meiner at plastforureining truleg er ei viktig årsak til at stadig færre yngel av åbor og gjedde veks opp.

Mikroplast-partiklane, som er mindre enn fem millimeter, kjem frå større plastbitar som blir nedbrotne i sjøen. Dei kan også kome frå hygieneprodukt som tannkrem, ansiktskrem og fleece-klede.

Vil ha forbod

I California i USA kjem hygieneartiklar som inneheld plastpartiklar til å bli fasa ut, og Tyskland er nær med å vedta eit forbod.

– Det finst miljøvenlege alternativ. Sverige burde også vurdere eit forbod, seier den svenske forskaren.

Strandryddeaksjonen blir større – men det blir også mer av søppelet

– Marin forsøpling truer dyrelivet

Merk deg skiltet hvis du er lei søppel

Får inn tonnevis av søppel fra havet

SISTE NYTT

Siste nytt