Endå ein murvegg skal få fargar

Gaza-aktivisme i Cape Town

Palestina-flagga pregar byen som ligg langt unna Palestina.

Folka bak måleria føler dei har noko til felles med palestinarane sin kamp

Gaza-aktivisme i Cape Town

Byen der Gaza møter veggen

Vil at Sør-Afrikas murveggar skal minne folk på Gaza

– Eg håper folk som ikkje har peiling googlar og ser kva som skjer, seier Wayne «Bks».

Det er laurdag formiddag, rett i utkanten av Cape Town. Ei gruppe muslimar er samla ved moskéen der dei sel mat til inntekt for palestinarar i Gaza.

Og midt blant dei står eit par unge mannfolk med målarkost og fargemåling

– Hm. Eg veit korleis det palestinske flagget ser ut, men eg veit ikkje korleis det sørafrikanske ser ut, seier Wayne «Bks» og ler høgt.

Gaza-aktivisme i Cape Town

Wayne «Bks» har måla mykje ulikt på ulike sørafrikanske veggar opp gjennom åra. I det siste har det vore mykje til støtte for Gaza.

Foto: Trygve Heide / NRK

Han har drive på med graffiti i årevis, og bruker helst artistnamnet sitt.

Rett bortanfor står Ayesha Gierdien og trykker på mobilen. Ho er primus motor for målinga, og har no søkt seg fram til eit bilete av eit sørafrikansk flagg, slik at dei ikkje klussar det til med kva farge som skal kor.

– Det som skjer i Palestina bringar tilbake mange vonde minner, fortel Ayesha.

Ho vaks opp under apartheidregimet i Sør-Afrika, der kvite sørafrikanarar fekk forrang framfor folk med andre hudfargar. Eit samfunnssystem bygd på rasisme.

Gaza-aktivisme i Cape Town

Dagens prosjekt er ein murvegg ved ein moské, samt ein minaret.

Foto: Trygve Heide / NRK

– Føler eg frigjer meg frå traumaet apartheid var

Apartheid er historie i Sør-Afrika, men Ayesha er ei av mange som meiner systemet framleis lever. Men då i Israel, der dei meiner delar av befolkninga får mange privilegium og fortrinn som andre delar av befolkninga ikkje får.

– Eg føler eg gjer noko for det palestinske folk, men eg føler også at eg frigjer meg frå traumaet som apartheid var for meg, seier Ayesha.

Les også «Fly som Madiba. Alltid vær modig.»

En gutt løper avgårde forbi en tegning av Nelson Mandela. Både gutten og Mandela har en hånd i været og smiler.

Mange sørafrikanarar er, og har lenge vore, opptekne av konflikten og det siste året har regjeringa i landet fått mykje merksemd for å skulde Israel for folkemord i Den internasjonale domstolen.

Fleire drar fram apartheid som ei av forklaringane på kvifor engasjementet er ekstra synleg i landet lengst sør i Afrika.

– Sjølv om eg er fødd fri og aldri opplevde apartheid, så føler eg at eg likevel er vitne til det, seier Ubaidullah Gierdien, som samanliknar palestinarane sin situasjon med slik hans foreldregenerasjon hadde det.

Gaza-aktivisme i Cape Town

Mor og son, Ayesha og Ubaidullah Gierdien, jobbar saman for å få til flest mogleg måleri for Gaza.

Foto: Trygve Heide / NRK

Ulike meiningar internt i Sør-Afrika

Ubeidullah er son til Ayesha, og mora er den som legg ut for utstyr og måling. Ho sukker litt over dei høge prisane som gjer til at det blir kost i staden for sprayboks, men sjølv om det kostar, så er det verdt det, synest ho.

Aller mest måling gjekk det nok med til det enorme veggmåleriet som dekker ei heil bustadblokk i nabolaget deira, Bo Kaap, som er eit velkjent mål for mange turistar i Cape Town.

Mange av innbyggarane i Bo Kaap er muslimar, og nabolaget som vanlegvis er pryda med pastellfarga hus har no fått endå fleire fargar.

Eit hus måla som eit palestinsk flagg i Cape Town.

I bydelen Bo-Kaap i Cape Town er det mange veggmåleri til støtte for Palestina.

Gaza-aktivisme i Cape Town

I bydelen Bo-Kaap i Cape Town er det mange veggmåleri til støtte for Palestina.

Gaza-aktivisme i Cape Town

I bydelen Bo-Kaap i Cape Town er det mange veggmåleri til støtte for Palestina.

Pro-palestinsk veggmåleri frå Bo-Kaap i Cape Town.

I bydelen Bo-Kaap i Cape Town er det mange veggmåleri til støtte for Palestina.

Gaza-aktivisme i Cape Town

I bydelen Bo-Kaap i Cape Town er det mange veggmåleri til støtte for Palestina.

Gaza-aktivisme i Cape Town

I bydelen Bo-Kaap i Cape Town er det mange veggmåleri til støtte for Palestina.

Regjeringa i landet har vore styrt av African National Congress (ANC), eit parti som nedkjempa apartheid på heimebane.

Dei har vore tydelege overfor omverda, men internt i Sør-Afrika er det ikkje full semje om prosessen landet har starta i Den internasjonale domstolen.

Les også Den største forbrytelsen

BESKYLDES FOR FOLKEMORD: Sør-Afrika mener Israels krigføring i Gaza må regnes som folkemord.

Economic Freedom Fighters, eit parti langt ute på venstresida, som ofte blir omtalt som kommunistisk, har gått lenger enn ANC og støtta Hamas.

EFF sin talsperson har sagt at Israel sjølv har skuld i angrepet som skjedde den 7. oktober i fjor. Dei viser til okkupasjon og diskriminering som forklaring på sitt standpunkt.

Men det finst også stemmer som går i motsett retning av ANC, og som ikkje er like nøgde med at landet har gått først i saka mot Israel.

Democratic Alliance (DA), som har vore det største opposisjonspartiet i årevis, har derimot køyrt ei anna linje.

Dei har blitt skulda for å vere pro-Israel, men gjekk i forkant av valet ut og sa tydeleg frå om at dei reknar seg som nøytrale.

– DAs posisjon er at me støttar ein tostatsløysing, som fører til ein fredfull sameksistens mellom eit sjølvstendig Palestina og eit trygt Israel, skriv dei i eit lengre utsegn kor dei tek avstand frå både Hamas og ytteleggåane stemmer i Israel.

No skal DA inn i regjering med ANC, og dei ulike posisjonane i synet på Israel og Palestina kan bli ei av sakene som i tida framover kan skape splid internt i den nye sørafrikanske regjeringa.

Thumbnail for 'Netherlands ICJ Israel Genocide Briefing'

Den sørafrikanske delegasjonen hadde pynte seg med sørafrikanske fargar og Palestina-skjerf, då dei haldt ein pressekonferanse før rettssaka i Den internasjonale domstolen starta.

Foto: ASSOCIATED PRESS (Ikke bruk denne versjonen av bildet)

Fleire land har slutta seg til Sør-Afrika-saka

Ved moskeen i utkanten av Cape Town har målarane blitt ferdige med veggen, og no er ei heisekran henta fram. Det neste palestinske flagget skal pryde minareten.

– Eg er veldig stolt over den posisjonen landet mitt har teke. Og eg synest det er det einaste riktige når me er eit fritt land, at me gjer det til vår plikt å frigjere andre land som er under okkupasjon og folkemord, seier Ubaid.

Gaza-aktivisme i Cape Town

Minareten får det palestinske flagget måla på seg.

Foto: Trygve Heide / NRK

Han støtter altså det offisielle Sør-Afrika sin påstand om at Israel utfører folkemord mot det palestinske folk. Dette er skuldingar Israel har avvist og kalla grunnlause.

– Det Israel jobbar mot i Gaza, er ikkje å utslette det palestinske folket, men å beskytte sitt eige folk, sa Israels leiande advokat, Tal Becker, då høyringa starta i Den internasjonale domstolen.

Spania, Chile og Mexico har følgt etter Sør-Afrika og slutta seg til saka.

Det vil ta fleire år før det kjem ei avgjersle i saka, men Sør-Afrika har tre gonger bede domstolen om hastetiltak.

I mai gav domstolen ordre til Israel om å stanse angrepa mot byen Rafah, likevel utførte Israel nye angrep etter ordren var gitt.