-
Foto: Gianluigi Guerci / AP
Foto: Gianluigi Guerci / AP

Vener blant fiendar

Han er fordømd, utestengd og etterforska, men ikkje åleine. Dette er ti av mange land som framleis samarbeider med Vladimir Putin.

FN si generalforsamling stemte i februar om å krevje at Russland trekker seg ut av Ukraina, stilte seks statsleiarar seg saman med den russiske presidenten.

Det var Aleksandr Lukasjenko frå Belarus, Kim Jong-un frå Nord-Korea, Isaias Afwerki frå Eritrea, Assimi Goïta frå Mali, Daniel Ortega frå Nicaragua og Bashar al-Assad frå Syria.

Men heile 45 land stemte blankt eller avhaldande. Dei stilte seg dermed ikkje eksplisitt imot den russiske invasjonen av Ukraina.

Ti land som framleis treng forholdet sitt med Russland.

Desse ti landa er blant dei som framleis treng forholdet sitt med Russland.

Illustrasjon: Joakim Digernes-Nordström / NRK

Det å vere mot FN-resolusjonen er ikkje nødvendigvis å vere for den russiske invasjonen, men nokre land har rekna eigne politiske formål som viktigare enn å markere motstand.

I tillegg finst det land som Argentina og Saudi-Arabia, som stemte for å krevje ein slutt på krigen, men ikkje vil fryse ut Russland økonomisk.

Denne artikkelen tek føre seg to land i kvar av desse regionane:

Afrika: Wagner og dobbeltspel

Landa markerte i raudt ville ikkje fordømme Russland under ei FN-avstemming i fjor.

Til afrikanske land har Russland i hovudsak tre ting å tilby: korn, våpen og diplomatisk støtte.

Mange stemte ikkje for resolusjonen fordi dei ville vere nøytrale i ein konflikt som er langt unna, trengde vedvarande russisk støtte, eller samarbeidde med leigesoldatgruppa Wagner.

Det finst mange ein kan løfte fram her. Men når ein snakkar om Wagner, er det naturleg å starte med Mali.

Oberst Assimi Goïta i august 2020.

I 2021 blei makta i Mali kuppa, og oberst Assimi Goïta blei sett inn som mellombels president.

Goïta har vervet framleis, og demokratiske val har blitt utsett gong på gong.

Franske soldatar patruljerer gatene i Gao.

Etter kuppet kunne ein sjå mange franske soldatar patruljere gatene.

Men dei mange militære operasjonane til Frankrike og FN-styrken Minusma hadde hatt dårleg effekt.

Ein fransk soldat går forbi ein familieheim i Gao i 2021.

Etter ti år med forsøk, sleit dei på tolmodet i det krigsherja landet.

Russiske leigesoldatar frå Wagner-gruppa i nordlege Mali.

Derfor prioriterte Goïta etter statskuppet å samarbeide med den russiske Wagner-gruppa.

Dette førte til at Frankrike kutta banda sine til Mali etter mange år med omfattande militær innsats.

Demonstrantar held opp eit skilt som takkar Wagner-gruppa i Mali, 2022.

Wagner har blitt framstilte av Mali som meir hardtslåande og effektive.

Dei følger ikkje krigen sine reglar, og angrip heile landsbyar i staden for å setje målskiva på mistenkte enkeltpersonar.

Ein mann sit framfor portrettet til russisk president Vladimir Putin under ein demonstrasjon i Mali.

Eit resultat av det russiske samarbeidet er at talet på skadde sivile har skote i taket dei siste åra, ifølge datainnsamlingsprosjektet ACLED.

Det at Mali i fjor stemte imot resolusjonen i FN som fordømde Russland sin invasjon av Ukraina, er eit signal om tettare samarbeid mellom landa.

Så har ein også Sør-Afrika, som er eitt av fleire land som har historiske band til den tidlegare Sovjetunionen.

Dei som kjempa mot apartheid fekk lenge støtte frå Sovjet, og krigen i Ukraina har ikkje endra på samarbeidet som har eksistert lenge.

Samtidig ønsker også Sør-Afrika å halde seg nær Vesten og USA.

Difor har dei gått inn i ei mellomrolle, der dei prøvar å samarbeide med begge partar i det som blir oppfatta som ein stormaktskamp.

Dette såg ein mellom anna tidlegare i år då Sør-Afrika hadde ei stor militærøving saman med Russland og Kina. Kring same tid hadde dei slike øvingar med land som Frankrike og USA.

I motsetnad til Mali tek Sør-Afrika, og ein heil del andre afrikanske land, ein strategi der dei held seg på sidelinja og forsøker å balansere seg gjennom stormaktskampen som føregår.

Asia: Eit trekantdrama

Noko som blei spesielt synleg under Xi Jinping sitt statsbesøk til Moskva sist veke, er at Kina er ein av Russland sine viktigaste globale medspelarar.

Xi har god nytte av Putin si framstilling av at vestlege demokrati, i all si sjølvgodskap, ikkje er heva over styresmakter andre stader i verda.

Denne forteljinga vil både Kina og Russland at land i Asia, så vel som i Afrika og Latin-Amerika, skal lytte til.

I Ukraina-krigen framstiller Kina seg sjølv som nøytral og ein mogleg fredsmeklar, samtidig som at dei sikrar seg moglege gunstige handelsavtalar frå eit Russland som no er meir isolert.

I Russland kan Kina sikre stødige gassleveransar til god pris, i tilfelle den globale uroa og ein eventuell krig om Taiwan skulle utsette Kina for blokadar.

Dette legger også grunnlaget for eit stormakt-triangel mellom Russland, Kina og India.

Indisk statsminister Narendra Modi klemmer russisk president Vladimir Putin før eit møte i New Delhi.

India, verdas femte største økonomi, nektar som Kina å bli med på den økonomiske og politiske isolasjonen av Russland.

Då indisk statsminister Narendra Modi møtte Putin i september i fjor, sa han dette:

«Verda veit at forholdet vårt er ubryteleg.»

Tårnet til Lakhta-senteret som tilhøyrer Gazprom i St. Petersburg, da det blei bygd i 2018.

Handelen mellom dei to gigantane har eksplodert etter at krigen starta.

India kjøper 33 gongar meir olje av Russland i dag enn før invasjonen.

Eitt av oljeraffineria til Essar Oil i India.

Russisk olje blir raffinert i India, før indarane sel den vidare på den internasjonale marknaden.

Slik får India sløkt sin enorme tørst etter olje, samtidig som Putin fyller lommene sine.

President Putin ønsker Xi og Modi velkommen til BRICS-konferansen i 2015.

Handelen med både India og Kina gjer det mogleg for Russland å omgå vestlege sanksjonar.

Men India og Kina er ikkje vener, sjølv om dei sameksisterer i Putin sitt nærvær.

Eit indisk militærfartøy køyrer nær grensa til Kina i det omstridde området Arunachal Pradesh.

Blant anna kranglar dei framleis om ei gammal grensekonflikt.

Så nyleg som i fjor var det militære konfrontasjonar dei imellom, i dette omstridde grenseområdet i den indiske provinsen Arunachal Pradesh.

Amerikansk president Joe Biden saman med Modi på eit møte i Tokyo i fjor.

Vel vitande om dette, har også vestlege land sett inn eit kraftig støyt for å trekke India nærare seg.

Midt-Austen: Krigføring og olje

Saudi-Arabia, markert i blått, stemte for å krevje ein slutt på krigen, men har framleis viktige band til Russland.

Når ein ser på Putin sitt forhold til statsleiarar i Midt-Austen, er det vanskeleg å løfte fram eitt land som det viktigaste.

Nato-landet Tyrkia har lenge hatt eit viktig forhold til Russland, blant anna med si rolle i å mekle fram kornavtalen i Svartehavet.

Det russiske militæret brukar iranske dronar i Ukraina, som Iran hevdar blei selde før invasjonen starta i fjor.

Men det er Syria som er Putin sin næraste allierte i regionen.

Desse tre hendingane har vore spesielt viktige for forholdet i nyare tid:

Bygg øydelagde i Aleppo etter russiske flyangrep.

Deltok i den syriske borgarkrigen

Krigføringa til Putin i Ukraina blir av mange samanlikna med korleis russarane bomba i Syria. Russisk militær støtte bidrog sterkt til nedkjempinga av IS, men førte også til massive øydeleggingar. Biletet er frå byen Aleppo.

Putin klemmer sin syriske kollega i november 2017.

Uttrykte støtte til invasjonskrigen i Ukraina

Assad har sagt eksplisitt at han støttar Putin sin «spesielle militæroperasjon» i Ukraina, og kutta alle diplomatiske band med Ukraina i fjor.

I tida framover skal Russland også få bygge fleire militærbasar i Syria, og ha fleire soldatar stasjonerte i landet.

Luftfoto av eit kollapsa bygg i landsbyen Jidayris i Syria.

Sendte hjelpemannskap etter jordskjelvet

Russland sendte inn leitemannskap og ressursar etter dei alvorlege jordskjelva som råka Syria og Tyrkia tidlegare i år. Dette skjedde medan mesteparten av vestleg støtte gjekk til redningsarbeidet i Tyrkia, og syrarar døydde i tusenvis under ruinane.

Også Saudi-Arabia har mykje til felles med Russland.

Landa er begge styrte av autoritære menn, og er blant dei største olje- og gassprodusentane i verda.

Begge har også starta krigar i nabolanda sine. Russland har invadert Ukraina, medan Saudi-Arabia har utkjempa ein brutal krig i Jemen.

Dei to leiarane har sakte men sikkert fått eit varmare forhold seg imellom, spesielt sidan 2016. Det var då russarane blei tatt inn i gigant-oljekartellet Opec+.

Vladimir Putin og Mohammed bin Salman
Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP
Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP

Dette skjedde etter direkte samtalar mellom Saudi-Arabia sin kronprins Mohammed bin Salman og Vladimir Putin.

I fjor sommar flaug den amerikanske presidenten Joe Biden til Saudi-Arabia for å overtyde bin Salman til å auke oljeproduksjonen, for å få ned prisane før mellomvalet i USA.

Kronprinsen og Opec+ gjorde det motsette, noko som blei sett på som eit slag i ansiktet til Biden, og ei gåvepakke for Putin som trenger høge oljeprisar for å finansiere okkupasjonen av Ukraina.

Tidlegare sovjetland: To tilnærmingar

Blant dei 14 tidlegare sovjetrepublikkane, har Russland berre éin verkeleg «ven i krigen»: Belarus.

Likevel, av alle etterfølgar-statane som står utanfor Nato, var det berre Georgia som stemte for FN-resolusjonen.

Resten stemte fråhaldande, eller møtte ikkje opp til avstemminga.

Dei russiske og belarusiske presidentane har lenge spelt på lag.

Dette biletet er frå ein hockeykamp mellom dei og ei rekke sportsveteranar i 2020.

Lukasjenko framfor belarusiske soldatar i februar 2022.

Aleksandr Lukasjenko har stadfesta at Belarus tek del i den «spesielle militæroperasjonen» i Ukraina.

Samtidig held han fast ved at han ikkje har soldatar i Ukraina, og at dei «ikkje drep nokon».

Kadettar ved det belarusiske militæret under ei øving i Minsk-regionen.

Fleire titusen av russiske soldatar har trent i Belarus, både umiddelbart før invasjonen i fjor og i seinare tid.

Soldatar jobbar med ei stridsvogn under det som skal vere ei militærøving mellom Russland og Belarus i 2022.

Russiske stridsvogner har brukt Belarus som oppmarsjområde, og Russland brukar flyplassar og luftforsvarsanlegg i landet.

Putin og Lukasjenko i samtale med presidenten i Usbekistan, Islam Karimov, på ein tur i 2007.

Belarus er til sist ein buffer mot Nato-medlemmer i vest og nordvest.

Putin og Lukasjenko

I retur bidreg Russland med billige lån og gunstige olje- og gasskontraktar til Belarus.

Aldri før har Belarus si støtte vore så viktig for Kreml, iallfall etter at Sovjetunionen blei oppløyst.

Sjølv om dei ikkje har utpeikt seg som «vener», har fleire av dei tidlegare sovjetlanda russiske soldatar stasjonerte hos seg, og er i varierande grad avhengig av russisk handel.

Tadsjikistan, eit fattig land som blant anna grensar til Afghanistan, har 7000 russiske soldatar på si jord.

Like viktig er det at kring 1,5 millionar tadsjikar er gjestearbeidarar i Russland, altså ein av seks tadsjikar totalt.

Ifølge Verdsbanken utgjer inntektene desse gjestearbeidarane sender heim nesten 27 prosent av landet sitt bruttonasjonalprodukt (BNP).

Russia Ukraine
Foto: Alexei Alexandrov / AP
Foto: Alexei Alexandrov / AP

Tadsjikistan er medlem av Den kollektive tryggingspakta, som kallast for CSTO på engelsk. Militæralliansen blei oppretta med Russland som sentrum i 1992.

I dag har den seks andre medlemsland: Belarus, Tadsjikistan, Kasakhstan, Kirgisistan, Usbekistan og Armenia.

Nett som i Nato, er den basert på prinsippet om at eit angrep på eitt land er eit angrep på alle.

Men Tadsjikistan anerkjenner ikkje den russiske annekteringa av Krim og fire andre ukrainske fylke.

Leiinga i landet har ikkje fordømt eller ope kritisert den russiske krigføringa, men det finst sterkt kritiske røyster på sosiale medium.

Latin-Amerika: Maduro ein ihuga «Putin-venn»

Argentina er også markert i blått grunna det viktige forholdet, men stemte ikkje for resolusjonen i FN.

Dei fleste landa i Latin-Amerika har uttalt seg kritisk mot det russiske angrepet på Ukraina, blant anna i FN.

Dei tek likevel ikkje del i dei økonomiske straffetiltaka mot Russland, og ønsker heller ikkje å levere våpen til Ukraina.

Eitt eksempel er Argentina, der president Alberto Fernandez provar å balansere landet si avhengigheit av russarar med ein viss avstand til Vladimir Putin.

Russland var nemleg ein viktig leverandør av vaksinar til Argentina under pandemien, og den store argentinske landbrukssektoren treng russisk råstoff for å framstille gjødsel.

APTOPIX Argentina Russia Ukraine War
Foto: Leo La Valle / AP
Foto: Leo La Valle / AP

Dei har også eit omfattande samarbeid innan olje, våpenproduksjon og bygging av vegar og jernbaner.

Så har vi Venezuela, på den andre enden av aksen. President Nicolás Maduro er kanskje den mest ihuga «Putin-vennen» på kontinentet.

Maduro har gitt si fulle støtte til invasjonen av Ukraina, og til Russland si krigføring. Litt av årsaka kan vere Putin si trufaste støtte gjennom mange år med sanksjonar frå USA.

Medan forgjengaren Hugo Chávez hadde makta, investerte russarane også enorme summar i oljeindustrien, og Venezuela blei den viktigaste våpenkunden til Russland i Latin-Amerika.

Putin er den einaste i verda som har fått landet sin høgste utmerking, «Simon Bolivar sitt sverd», to gongar.