Andrei Miera på post

PÅ VAKT: Kvar natt ligg Andrei Miera i gapahuken, klar til å rykke ut om rovdyr går til angrep.

Foto: Dragos Lumpan / NRK

Søv under open himmel for å verje sauen mot ulv

Zalau/Brasov, Romania (NRK): Gjetaren Andrei Miera kan aldri slappe heilt av, for ute i natta lurer rovdyra.

Han er lett på foten, og dansar over kvister og greiner i lauvskogen på leiting etter sauene.

– Kom, kom, ropar han og plystrar.

Det er ikkje berre ein eller to som har forvilla seg inn i krattet, det openberrar seg ein flokk på hundre sau med lam på slep.

Her finn dei nøtter og andre godsaker, og gjetar Andrei Miera har eit svare strev med å jage dei tilbake til beitet.

– Lamma kan kome vekk frå mora si i skogen, og då blir dei eit lett bytte, fortel Miera.

Ein ulveflokk er sett for to dagar sidan, så han må passe ekstra godt på. Og han har to flokkar til på andre sida, så han har nok å gjere på.

Samspelet mellom menneske, husdyr og natur i Karpatane.

PÅ JOBB: Andrei Miera jagar sauen ut av skogen. Der har han ikkje kontroll på dei, og ulukker kan skje, fortel han.

24-timars jobb

Gjetarar som Miera er alltid på jobb. Om natta søv han i ein «Coliba», ein gapahuk, ved sidan av sauen.

Dette har han gjort sidan han var åtte år gammal. I byrjinga gjekk han i lære hjå dei eldre gjetarane, før han vart vaksen nok til å passe ein flokk på eiga hand.

Han er ikkje redd.

– Nei ulven er ikkje farleg for menneske. Han bur i skogen, og får han sjansen, vil han angripe lam, sau og geiter. Men han kjem ikkje mot folk, fortel Miera.

Løna hans er på rundt 250 euro i månaden, noko som er relativt bra betalt i Romania. Men han har lite fritid, kanskje ein eller to dagar i året for å besøke slektningar.

Gjetar Andrei Miera

EIN LIVSSTIL: Andrei Miera er glad i å arbeide med hendene. Kvar dag gjer han alt han kan for at saueflokken skal ha det godt og vere trygge.

Foto: Dragos Lumpan / NRK

Sau og rovdyr lever i same natur

Beitet ligg i ein anonym skogkant. Næraste større tettstad er byen Zalau.

Ein skogsveg leder opp til ein gardfjøs, der gjetarane har eit lite kjøkken, og ved sidan av står ein nybygd jordkjellar, der det blir laga ost av sauemjølk.

Det er ei grøderik jord, og saueflokkar er eit vanleg syn over heile Transylvania. I følgje FAO er det 9 millionar sau i Romania.

Men her regjerer også rovdyra. Det har skjedd at bjørn angrip turgåarar. Vi blir rådd til å gå med noko som skranglar, slik at vi ikkje kjem brått på villdyr i skogen.

Sjå saueflokken forsvare seg mot ein ytre trussel, i dette tilfellet ei drone som lagar lyd ovanfrå. I delar av filmklippet er hastigheten dobla for å få fram formasjonane til sauen.

I FLOKK: Sauane i Romania har eit sterkt flokkinstinkt. Sjå videoen der dei verjer seg mot ei drone som svever over dei.

Romania har rikeleg med bjørn, gaupe, sjakal og ulv

Den sluaste jegeren er ulven, fortel gjetarane. Og Romania har flest i EØS-området, om lag 20 %.

Det er snakk om 2.300 til 2.700 ulvar. Tala er frå 2012, skriv rovdyrforskar John Linell frå Norsk institutt for naturforsking, til NRK på e-post.

Skuldar seg sjølv for tap

Miera fortel han mister to-tre sau til rovdyra kvart år. Men han lastar dei ikkje. Det er han som har gjort feil.

– Eg får hovudverk. Først blir eg sint på meg sjølv, så får eg kjeft av eigaren.

Ulvane er mest plagsame i februar. Da er det er lite mat i skogen. Miera hugsar spesielt tre store ulvar.

– Dei var veldig bestemte på å ta sauane, eg hadde fire hundar som gjorde ingenting. Eg brukte kinaputtar, og da vart hundane redde. Men viss du tek gjetarstaven med deg og går mot ulvane, vil hundane følge etter deg, og ulvane vil stikke av, fortel han.

Som med alt her i livet, må ein vere modig, elles får ein ikkje mykje gjort, filosoferer han.

Stav og kinaputt

Gjetarane i Romania har ikkje våpen. Dei verjer sauane med ein tradisjonell gjetarstav, som dei i verste fall kan bruke til å slå med.

Miera har også eit arsenal av kinaputtar som han nyttar for å skremme ulven med. Det handlar om å lage mykje lyd når rovdyra angrip.

– Fyrer du av ein kinaputt, så spring ulven over dei sju land og sju sjøar. Den vil ikkje stoppe, men berre fortsette, fortel han og ler.

Å gjete sauer i Romania er en 24-timers jobb. Her har sauebøndene valgt å leve side ved side med rovdyr som ulv, bjørn, gaupe og sjakal. 
Gjeterne har ikke våpen, men verger sine får med hund og kjepp. Hver natt sover de blant sauene, klar til å rykke ut om noe truer i skogen:

SØNDAGSREVYEN: Sjå reportasjen der Andrei Miera jagar ulven.

Vil ikkje utrydde rovdyra

Miera meiner rovdyr er ein naturleg del av livet, og kan ikkje tenke seg at ein utryddar rovdyra, for å gjere det tryggare for sauen.

– Nei, absolutt ikkje. Det du treng er gode gjetarar og hundar som kan passe på. For sjølvsagt skal også rovdyra eksistere, det er jo slik Gud har skapt jorda.

– Får ingen erstatning

Eigaren av saueflokken, Gheorghe Dănuleţiu, er av ei anna oppfatning.

– Dei gjev oss berre tap, og vi får ingen erstatning, fortel han.

Han har nyleg investert i meir sau, med dei nye lamma som kom i vår, har han rundt 3000 sauer.

Han har også modernisert drifta. Før låg gjetarar som Miera på bakken under open himmel. Nå har dei bygd ein gapahuk, slik at gjetarane som søv ute, får ly for regn og vind. Dei har også byrja å kjøpe inn vinterfôr. Mais og høy.

Ghita Ciobanul

KJENDISGJETAREN: Gheorghe Dănuleţiu er i Romania kjend som Ghita Ciobanul (gjetaren). Han vart rikskjendis etter at han fronta ein reklamekampanje for Vodafone i tre år. Den tradisjonelle gjetarhatten er blitt eit varemerke.

Foto: Dragos Lumpan / NRK

Pengane har han tent på å vere frontfigur for mobiltelefonselskapet Vodafone. Og Gheorghe Dănuleţiu har snart ein halv million følgarar på Facebook. Der nyttar han aliaset Ghita Ciobanul, Ghita «gjetaren».

Vodafone fortel dei har hatt stor suksess med å bruke ein rumensk gjetar som frontfigur dei siste tre åra.

Og frå å vere kanskje ein av dei mest tradisjonelle gjetarane i Transylvania, er han i ferd med å bli ein moderne europeisk bonde.

– Ulven kan kan ta alle

Han fortel rovdyra har teke mange dyr, og at ulven er den verste.

– Bjørnen kjem og drep kanskje ein eller to sau. Men ulven, viss ingen passar på, kan den drepe alle, fortel han.

Før dreiv Dănuleţiu med det som blir kalla «Transhumance», der gjetarane gjekk lange distansar på fjellet for å finne mat til sauane.

– Rovdyra held oppe balansen i naturen

Om lag førti mil lenger sør møter vi jeger og bonde Leonte Căţean i landsbyen Rotbav. Han har om lag 2000 sau på beite, og lagar ein eksklusiv saueost som dei leverer til kjøpesenterkjeda Carrefour i Bucuresti.

Han mistar om lag 5 % av flokken til rovdyr, tap han er villig til å akseptere. For han meiner ulven og dei andre rovdyra spelar ei viktig rolle for å sikre økobalansen.

– Ein må ta eit val. Enten har ein berre jordbruk, og ein ubalanse i naturen. Eller ein har begge deler, og sikrar økobalansen.

Sauebonde og jeger

BONDE OG JEGER: Eit land utan rovdyr er ein ørken, det hjelp ikkje kor mange dyr der elles er på beite, meiner bonde og jeger Leonte Căţean. I bakgrunnen heng jakttrofea på veggen.

Foto: Dragos Lumpan / NRK

Rovdyra drep svake dyr i skogen, og på den måten så gjer dei viltstammane sterkare og meir motstandsdyktige mot sjukdomar, fortel han.

Căţean viser fram ei imponerande samling av trofear av både villsvin og hjort.

Under kommunismen var han guide for president Nicolae Ceaușescu, som var ein ivrig jeger.

Villsvin Rotbav

VILLSVIN: Leonte Căţean viser fram eit av villslvina han har skote. Under kommunismen var han guide for presidenten.

Foto: Dragos Lumpan / NRK

Căţean meiner at viss ein har balansert jakt på rovdyr, som bjørn, gaupe og ulv, kan ein også ha husdyr på beite.

– Men du må ha gjetarar som passar på!

– Ein natur utan rovdyr er ein ørken

Căţean ser tankefullt ut i lufta. For han har rovdyra ein verdi som ikkje kan omsettast i kroner og øre.

– Eit land utan rovdyr har ingen verdi. Du kan ha tusenvis av sau kyr og grisar. Det er ein ørken. Det er ingenting. Når du har rovdyr, så har du alt, du har noko å overlate til neste generasjon, og du har historier å fortelje. Det er ikkje eit barn her

Silviu

VETERINÆREN: Silviu Catean fortel at det er noko storslått ved å møte ein ulv for første gang.

Foto: Dragos Lumpan / NRK

som ikkje har høyrt historiene til bestefaren min.

Sonen Silviu er samd. Han er veterinær, og er den som må rykke ut når husdyr blir skada.

– Når du møter ulven, så blir du både redd og glad. Du føler at du lever i harmoni med naturen, når du får sjå noko så storslått, noko så fint.

Og slik tenker mange av dei som, har levd i generasjonar side om side med rovdyra.

Dei er ein trussel, men også noko å vere stolt over.

TRANSHUMANCE: Sjå trailer for dokumentarfilmen til NRKs medhjelpar Dragos Lumpan, om den eldgamle tradisjonen.