Mette-Marit under myggnetting

– Det var varmt, veldig varmt, seier kronprinsesse Mette-Marit om tropenatta under myggnettet i Tanzania. Inntrykka blir formidla til kronprinsen heime på Skaugum.

Foto: Kristi Marie Skrede / NRK

Kronprinsesse i felten

Frå feltsenga i den fattige heimen i Tanzania tekster kronprinsesse Mette-Marit inntrykka heim, samtidig som ho høyrer malariasjuke Zubeda hoste seg gjennom tropenatta. – Eg må gjere det eg kan for å hjelpe jenter som henne, seier ho.

Dagen før rullar eit oppsiktsvekkjande følgje inn i på støvete grusvegar i Kawe utanfor Dar-es-Salaam. Bilane stoppar ved eit enkelt hus under palmetrea. Ut kjem ei høgreist, lys kronprinsesse frå Norge, eit land verken bestemor Aziza eller 10 år gamle Zubeda aner kvar er.

– Hei! Tusen takk for at eg får kome. Kva heiter du? seier gjesten frå nord.

– Zubeda Ramadhani, svarer jenta så stille at det knapt er råd å høyre det.

Svolten og sjuk

Tiåringen er underernært og har malaria. Ho blei forlatt av mor då ho var fire månader.

Melinda Gates

Melinda Gates, kona til Microsoft-gründer Bill Gates.

Foto: HENRY ROMERO / Reuters

Far er pysisk ustabil og kjem og går. Det er bestemor Aziza som tek seg av henne. Ho er rik på omsorg og kjærleik, men for fattig til å kunne setje mat på bordet kvar dag.

– Eg meiner ikkje å vere uforskamma. Eg stiller mange spørsmål fordi eg treng å vite korleis livet er for kvinner og unge jenter her i Tanzania, seier kronprinsesse Mette-Marit og ber tolken oversetje for bestemor Aziza.

Mobiliserer dei rikaste

Det er møter som dette som har fått kronprinsesse Mette-Marit til å mobilisere internasjonale kontakter til innsats for å betre helsa til fattige kvinner og jenter i utviklingsland. Saman med Melinda Gates, kona til Microsoft-gründer Bill Gates, har kronprinsessa grunnlagt «The Maverick Collective»: Ei gruppe velståande kvinner som finansierer og prøver ut kvart sitt prosjekt for å betre helsa til fattige kvinner og jenter.

– Det er ei slags fadderordning. Dei er fadderar for kvar sine prosjekt og brukar tid og penger på det, seier kronprinsessa.

Ho fortel at det heile starta som eit hobbyprosjekt.

– Eg og Kate Roberts (visepresident i den amerikanske bistandsorganisasjonen PSI, journalistens merknad) ville ut av konferanseromma og inn og jobbe med vanlege folk. Vi trur, som også den norske regjeringa har sagt, at private pengar må til dersom ein skal nå FN-måla om å utrydde all fattigdom. Vår ide var å bruke private pengar til å teste ut prosjekt i småskala og så la andre donorar kome inn når dei ser at det verkar.

Mette-Marit i Tanzania

Kronprinsessa sit utanfor huset saman med Zubeda, bestemor Aziza og tolk. – Eg mener ikkje å vere uforskamma, seier kronprinsessa til familien.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Tre år

Tre år etter at ideen oppstod under feltbesøk blant fattige i India, er dei omsider klare til å offentleggjere prosjektet. I pinsehelga blir The Maverick Collective presentert under kvinnekonferansen «Women Deliver» i København.

– Vi ville bevise at vi fekk til noko fyrst. No har vi 14 prosjekt i 14 land, vi har meir enn 250 millionar kroner og når rundt 300.000 kvinner og jenter. Nokre av prosjekta er allereie tekne vidare og skalert opp med støtte av blant andre «Gates Foundation», seier kronprinsessa.

Mette-Marit og Kate Roberts

Ideen til å mobilisere velståande kvinner til auka innsats for helsehjelp til fattige kvinner og jenter er utvikla av kronprinsesse Mette-Marit og Kate Roberts, visepresident i den amerikanske bistandsorganisasjonen PSI.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Gates Foundation er verdas største humanitære stiftelse, grunnlagt av ekteparet Bill og Melinda Gates.

Kronprinsessa har forma hjelpeprosjektet medan debatten heime har gått om den luksuriøse garderoben hennar, om rolleforståing og dobbeltmoral.

Er det ei kronprinsesseoppgåve å hjelpe andre privilegerte kvinner med å realisere seg sjølv gjennom velgjerningar overfor dei fattigaste i verda?

– Vi har lange tradisjonar i Norge for at alle er med og bidrar med den vi er og der vi kan. For meg har det vore viktig at The Maverick Collective er eit godt prosjekt både for kvinnene som er med, men aller mest for dei jentene rundt om i verda som skal ha hjelp av arbeidet vi set i gang, seier kronprinsesse Mette-Marit.

Sex for ein pakke kjeks

I det sola går ned over heimen til familien Ramadhani, fortel bestemor Aziza om mykje strev. Ho er bekymra for barnebarnet som ofte ikkje har krefter til å utnytte sine gode evner på skulen. Og ho veit at mange jenter i området aldri får noko utdanning fordi dei blir mødre i tenåra.

Zubeda sit stille ved sidan av. Ho er ei vakker jente og får allereie merksemd frå gutar og menn.

– Dei dagane Zubeda er for svolten held bestemor henne heime. På skulevegen er det fare for at ho blir utnytta av menn vil kjøpe seksuelle tenester for ein pakke kjeks, fortel læraren til Zubeda, Aziza Omari.

Ho er komen for å hjelpe med middagen. Dei som har organisert besøket, lokalkontoret til den amerikanske hjelpeorganisasjonen PSI, har sørga for innkjøpa.

På menyen står kyllingsuppe og den austafrikanske spesialiteten «ugali».

Mette-Marit spiser med familie i Tanzania

Læraren til Zubeda, Aziza Omari, er komen for å hjelpe til med middagen. Ho rører med kraftige tak i gryta. Den austafrikanske spesialiteten ugali er blant rettane til middag i kveld.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Feberen stig

Zubeda rører i ugaligryta. Blandinga av maismjøl og vatn blir raskt tjukt over gassflammen. No skal det rørast jamnt til det deigliknande tilbehøret er ferdig.

– Kan eg få prøve?, spør kronprinsesse Mette-Marit.

Tiåringen set seg tungt tilbake på stolen. Feberen har stige. Malaria er hardt for ein tynn jentekropp. Rundt henne spør den blonde gjesten om venner, skulefag og framtidstankar.

Mette-Marit i Tanzania

Zubeda er sjuk, og må legge seg tidleg.

Foto: Kristi Marie Skrede / NRK

Bestemor spør tilbake om det er kaldt i Norge og om gjesten kan fortelje om familien sin.

Denne kvelden pusser kronprinsesse Mette-Marit tennene under den afrikanske stjernehimmelen. Ho legg seg under myggnettet med stor bekymring for vesle Zubeda.

– Det at unge jenter ikkje har mulegheit til å drøyme om ei betre framtid, det synest eg er noko av det verste. Det relaterer eg veldig til mine eigne barn. Tenk om Ingrid ikkje skulle hatt noko håp for framtida og ikkje klart å fullføre utdannelse. Det synest er veldig hardt.

– For ei oppleving

Lenge før tropenatta har slept taket, er bestemor Aziza oppe og lagar sin enkle frukost, svart te. I stova reiser kronprinsesse Mette-Marit seg frå feltsenga, smal i augene og sveitt.

Det vart litt kvile, men ikkje mykje søvn.

– Det har vore varmt. Det har vore veldig, veldig varmt, ler ho.

– Men for ei oppleving. Eg er så takknemleg for at familien har teke imot oss, seier ho og gjer seg klar til å følgje Zubeda til skulen.

Mette-Martit i Tanzania

Det er langt frå kvar dag det er middag heime hos Zubeda. Men i kveld har dei som har organisert besøket sørga for kyllingsuppe, ris, grønsaker og ugali.

Foto: Kristi Marie Skrede / NRK

«My name is Zubeda»

– Du må stå opp, kom deg opp no, seier bestemor til Zubeda.

Tiåringen sjanglar ut på gardsplassen. Feberen har gått litt ned, men hjelparane som har organisert det kongelege besøket snakkar om å ta henne med til sjukehuset. Men fyrst skal ho på skulen, og i dag slepp ho å gå åleine.

Zubeda trassar alle symptom på malaria, tek tak i handa til kronprinsessa og legg i veg.

– La oss starte engelsktimen no; «ny name is Mette».

– «My name is Zubeda», svarer jenta. Med klar røyst denne gangen.

I klasserommet forsvinn det tunge alvoret som har prega Zubeda sidan vi møtte henne dagen før. Jenta trivest.

– Ho er ein flink elev, men mangelen på mat og ressursar heime er eit stort problem. Ho har mykje fråvær, seier læraren.

Mette-Marit på besøk på Zubedas skole

– Det var godt å sjå korleis Zubeda lyste opp då ho kom på skulen. Klarer ho å gjennomføre skulegangen, kan det gå bra med henne, seier kronprinsesse Mette-Marit.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Tid for farvel

Etter timen er det tid for farvel. Den kongelege visitten er over. Kronprinsesse Mette-Marit tek godt rundt Zubeda og ønskjer lukke til vidare i livet.

Bilkortesjen venter i skulegarden. Kronprinsessa med bistandsambisjonar reiser frå Kawe med klump halsen og eit forsiktig håp for sin nye venn.

– Det var veldig spesielt for meg å sjå korleis ho lyste opp då ho kom til skulen, seier kronprinsesse Mette-Marit. Det er tydeleg at det betyr mykje for henne. Eg håper verkeleg at ho greier å halde seg på skulen. Gjer ho det, vil det gå bra. Men det er mange utfordringar.

Mette-Marit på besøk i Tanzania

Kronprinsessa trur det vil gå bra med Zubeda, dersom ho halder seg på skulen.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK