Abiy Ahmed - Bilde i Nobelsenteret
Foto: NTB

Flyangrep, massakre og flyktningar. Ufreden pregar fredsprisvinnarens heimland.

I Nobel-talen for eit år sidan snakka Abiy Ahmed om å samle det etiopiske folk. No er Etiopia meir splitta enn på lenge.

Då Abiy Ahmed stod på balkongen til Grand Hotel og vinka til dei som hylla han frå eit vinterkaldt Karl Johan, så visste han at problema var i ferd med å tårne seg opp heime i Etiopia.

Abiy kjenner konfliktane så altfor godt frå før. Det gjer også dei fleste andre etiopiarar. Landets historie er full av konfliktar, og om du spør etiopiarar frå ulike delar av landet vil du fort få servert veldig ulike versjonar av kva problemet eigentleg er.

Etnisitet er ikkje heile forklaringa på konfliktane, men det er ein del av det store biletet. Maktstrukturane i dagens Etiopia følger etniske linjer, og det har statsminister Abiy Ahmed ønska å gjere noko med. Han kallar sin politiske filosofi for «medemer», og det snakka han mykje om i Nobel-talen sin.

I Abiy Ahmeds auge er «medemer» noko bra. Nøkkelordet er «pan-etiopisme», altså tanken på å kunne samle det etiopiske folk. Det å viske bort etniske skiljelinjer og bygge opp ei nasjonalkjensle høyrest nok bra ut i mange norske øyre.

Men for ein del etiopiarar høyrest det skremmande ut.

Høyr to norsk-etiopiarar dele sine veldig ulike synspunkt i podkasten Krig og fred:

Etiopia står brått på randen av borgerkrig. Men hvordan kan det ha seg at mannen som fikk Nobels fredspris i fjor går til krig i sitt eget hjemland i år? Og hvorfor er etiopierne så rykende uenige i synet på statsminister Abiy Ahmed?

Etiopia står brått på randa av borgarkrig. Men korleis kan det ha seg at mannen som fekk Nobels fredspris i fjor går til krig i sitt eige heimland i år? Og kvifor er etiopiarane så rykande ueinige i synet på statsminister Abiy Ahmed?

Positiv økonomisk utvikling

Abiy Ahmed er hylla av mange for å signere fredsavtale etter langvarig konflikt med nabolandet Eritrea, han inkluderte fleire kvinner i landets styre og han slapp laus fleire krigsfangar.

– Eg opplever at veldig mange gjev sin støtte til Abiy og den endringsprosessen som han prøver å få til, seier Eivind Aalborg, som bur i Addis Abeba, der han er landdirektør for Kirkens Nødhjelp.

Likevel møter statsministeren også motstand. Eit av motargumenta han møter er at Etiopia bør fortsette i same sporet fordi landet har hatt stor økonomisk framgang dei siste tiåra. Det har også vore få blodige konfliktar og svoltkrisene som verda var vitne til på 80-talet er historie.

Etiopia har blitt eit av Afrikas økonomiske lokomotiv og kontinentets aspirerande stormakt. Hadde Etiopia vore eit aksjeselskap hadde investorar fått god avkasting dei siste tjue åra.

Fattigdomen er på ingen måte borte, men stadig fleire etiopiarar klarer å jobbe seg ut av djup fattigdom. Overalt i Etiopia kan ein sjå teikn til aktiviteten som er med på å få pila til å peike oppover, og som bidreg til å skape eit nytt og moderne Etiopia.

Eit lågt lønsnivå tiltrekker utanlandske investorar. Fabrikkar er det mange av i Etiopia, og arbeidsløysa har gått jamt og trutt nedover sidan 2000.

CVRtDgjIeF0

Mange i Etiopia er stolte av den store renessansedammen som vert ferdigstilt i desse tider og skal sikre kjærkommen elektrisitet til et land i vekst.

Prislappen er cirka 46 milliardar kroner. Og demningen kan åleine produsere 16 terawatt timer, noko som tilsvarer cirka 11 prosent av Noregs totale kraftproduksjon.

Q-oJ43k__d8

Og Etiopias hovudstad Addis Abeba var den første byen i Afrika sør for Sahara som fekk t-bane. Den stod klar i 2015.

sZrj-_wYFzw

Men, det er framleis jordbruket som sysselsetter flest etioparar. Landet er mellom anna ein av verdas største produsentar av kaffi.

6vyS0J_wviw

I 2018 tok Abiy Ahmed over leiarskapet i eit land med framgang. No meiner han tida er moden for store strukturelle endringar. Det har brakt med seg eskalerande uro og konflikt.

Mektig parti mister no makt

Det er vanskeleg å sette fingeren på eit konkret problem som Etiopia står oppi akkurat no. Men ein del av forklaringa er altså, «medemer», den politiske filosofien til Etiopias leiar.

– Abiy Ahmed etablerer no ein politikk som legg vekt på etiopisk samhald, etiopisk identitet og ein pan-etiopisk plattform. Og også ein mykje meir sentralisert og sterk regjering, seier professor ved Bjørknes Høyskole og Etiopia-ekspert, Kjetil Tronvoll.

I Etiopia har fleire folkegrupper kjempa lenge for sin eigen kultur, sitt eige språk og sin eigen etnisitet. Då er det ikkje alle som set pris på statsministerens ønske om å bygge opp ein felles etiopisk identitet.

Andre er skeptiske til planane fordi det betyr at dei mister makt som dei i lang tid har kjempa for å oppnå. Eit av partia som kan miste makt er Tigray People's Liberation Front (TPLF). Dei er eit av partia som har regjert i Etiopia sidan 1991, då dei tok over etter det marxistiske regimet som styrte i Etiopia gjennom 70- og 80-talet.

TPLF og tre andre parti vann over marxist-regimet og danna «Det etiopiske folks revolusjonære demokratiske front» (EPRDF). Denne koalisjon styrte landet, og TPLF var partiet som hadde handa på rattet. Mykje makt låg likevel på regionalt nivå, og dermed fekk alle dei ulike partia i koalisjonen rom til å utøve makt - i kvar sin region.

Dette systemet vil Abiy Ahmed endre fordi han meiner det bygger opp under etniske skiljelinjer. Abiy tok over leinga i EPRDF-koalisjonen i 2018, og var den første statsministeren som ikkje representerte TPLF.

Året etter hadde han løyst opp koalisjonen og starta «Prosperity Party», eit parti han ønskjer skal vere meir samlande på tvers av etniske grupper.

– Låg tillit blant folk

I tillegg til å stifte nytt parti sette også Abiy Ahmed i gang ein stor politisk reform. Men reforma har ikkje gått like bra som statsministeren håpa på.

– Den reformprosessen som så visjonært vart presentert og vann gjenklang var ikkje tilstrekkeleg politisk forankra. Og det var ikkje demokratisk institusjonar som kunne bere det vidare i eit så samansett og polarisert land etter tiår med totalitært og etnisk politisk hegemonistyre, seier ambulerande sjømannsprest Øyvind Aadland.

Han har sjølv budd i Etiopia mange år og kjenner landet godt. Han trur begeistringa for noko nytt tok overhand, utan at det var godt nok gjennomtenkt korleis reforma skulle gjennomførast.

Det er uroa i Tigray som har fått mest merksemd dei siste vekene, men det har også vore uroleg i Oromia ei god stund. Dei som bur der tilhøyrer for det meste oromo-folket, som er den største folkegruppa i Etiopia.

Mange oromoar har i mange tiår levd med undertrykking frå tidlegare etiopiske regime, og sterke grupperingar har kjempa for eit sjølvstendig Oromia.

Oromo-folket

Oromo-folket har både eit eige flagg og språk. Etter mange år med undretrykking har mange oromoar flytta til utlandet, slik som desse som demonstrerer i St. Paul i USA.

Mange oromoar krev at folket deira får meir makt. Nokre vil også ha sin eigen nasjon. og nokre ganske få er villige til å bruke vald for å kjempe mot regimet i Etiopia.

Slikt skaper konflikt.

OtdPMfxgk1Y
Foto: Brandon Bell / AFP

Etiopias hær er mektige, og det normale har vore at regimet har full kontroll på det meste.

Under statsminister Abiy Ahmed har det stramme grepet blitt løsna litt opp.

Q70zf7gL5Zo

Men det har ikkje skjedd utan problem.

Endringane i maktstrukturar, særskild på lokalt nivå, er ein av grunnane til at konflikter har blussa opp i Etiopia.

Spesielt konfliktfylt er det blant Oromo-folket.

whYi5knwo0A

Fleire hendingar har skapt mykje sinne i Oromia i det siste. Eit drap på ein kjent oromo-musikar, ein brutal massakre på kvinner, barn og eldre, og fleire drepne demonstrantar.

Men det er altså i Tigray dei væpna kampane har blussa opp. Det tidlegare regjeringspartiet TPLF er i væpna konflikt med regimets hær.

Oromia er ein stor region som omfatter område på begge sider av hovudstaden Addis Abeba. Tigray ligg i nord, langs grensa til Eritrea.

TPLF har sin eigen hær som dei bygde opp då dei hadde makta, og for nokre veker sidan gjekk dei til angrep på ein etiopisk militærbase. Då sette statsminister Abiy hardt mot hardt.

– Vår operasjon har som mål å gjere slutt på alle lovlause handlingar som har vunne fram over altfor lang tid, og å stille ansvarlege personar og grupper til ansvar, sa Abiy Ahmed i ein TV-sendt tale.

Styresmaktene i Etiopia har slått av internett, telefon og anna kommunikasjonsverktøy i Tigray. Det er difor vanskeleg å vite eksakt kva som skjer i Tigray.

– Desse fascistane har tydeleg vist at dei ikkje vil vise nokon form for nåde i øydeleggingane sine når dei utfører luftangrep mot byar i Tigray, skreiv TPLF i ei Facebook-melding.

R5mc9Vyubj4

Fleire tusen etiopiarar har flykta frå Tigray til Sudan. Kva som skjer inne i Tigray-regionen er uklart sidan etiopiske styresmakter kutta det meste av kommunikasjonsmiddel før dei gjekk til angrep på væpna styrker i regionen.

Foto: Marwan Ali / AP

Fryktar regional storkrig

Etiopiske styresmakter hevdar dei vinn stadig meir terreng i Tigray, og målet er å slå ned all motstand og avslutte konflikten raskt.

Men det er fleire som fryktar at kampane kan dra ut i tid, og at konflikten i Tigray i verste fall kan utvikle seg til ein regional storkrig. Nabolandet Eritrea har allereie blitt blanda inn i det som skjer. TPLF skuldar Eritrea for å sende soldatar mot Tigray, og i helga skaut TPLF rakettar mot flyplassen utanfor Eritreas hovudstad, Asmara.

Konflikten kan også vekse inn i Sudan, der ulike grupperingar støtter ulike aktørar i den etiopiske konflikten. Og ein større konflikt i Etiopia kan føre til at landet trekk tilbake sine bidrag til fredstryggande operasjonar i Afrika, og at desse operasjonane dermed vert svekka.

6uk9WoZqOqk

I hovudstaden Addis Abeba er det fleire som donerer blod, slik at dei etiopiske soldatane som kjemper nord i landet får tilgang til blod om det trengst.

Foto: EDUARDO SOTERAS / AFP

Professor Kjetil Tronvoll sa forrige helg til NTB at det heile kan ende opp med å bli ein ordentleg storkrig.

– Det gjer det ekstremt farleg om dette no skal involvere dei store alliansane i Midtausten. Sudan står saman med Egypt og dei held seg førebels nøytrale, men det er uklart kor dei vil falle ned. I tillegg har Tyrkia og Israel store interesser i området, mens Somalia held på å kollapse endå meir etter at etiopiske styrkar er trekte ut av landet, truleg for å delta i krigen i Tigray.

Ifølge statsminister Abiy Ahmed er den etiopiske hæren i gang med ein siste offensiv mot Mekele, Tigrays største by. Spørsmålet er om TPLF sine styrkar er sterke nok til å stå mot, eller om den væpna konflikten tek slutt snart.

Partane har dei siste vekene vist få teikn på at dei vil forhandle seg fram til ei løysing. I mellomtida ulmar det vidare i fleire regionar i Etiopia. Fleire tusen etiopiarar er på flukt, og den humanitære situasjonen er kritisk.

Det er avgjerande dagar for ettermælet til fjorårets vinnar av Nobels fredspris.