Mykolaiv s-300 angrep

Andrej klarar ikkje heilt å glede seg over at Kherson er frigjord når han seg kor øydelagt nabolaget hans er.

Foto: Andras D.Hajdu

Andrej klarar ikkje heilt å glede seg over at Kherson er frigjord når han seg kor øydelagt nabolaget hans er.

Foto: Andras D.Hajdu

Berre flaks at han overlevde

I åtte månader blei heimstaden til Andrej nådelaust bomba. Berre tilfelle redda livet hans, men ikkje alle var like heldige.

Det er ikkje så lett å få kontakt med mannen i glaskarmen. Auga er fjerne. Sjokket og angsten sit framleis i.

– Du skjønnar ingenting. Alt ramlar over deg, men du føler ingenting. Du berre stivnar til. Støv, glas, alt landar på deg, men du føler ingenting, seier han.

Seks naboar døydde her den dagen. Sjølv redda han truleg livet fordi han var på veg på do.

– Etterpå gjekk eg rundt som ein robot. Eg snakka med dei andre naboane som overlevde og vi ynskjer berre å gløyme dette vonde minnet.

Kan rase saman

Det er ikkje ufarleg å gå opp den skranglete betongtrappa til tredje etasje i blokka i Mykolajiv. Det er berre så vidt at denne delen av bygningen heng saman.

Vi kikkar inn i ei leilegheit der menneske har blitt drepne, men vi får beskjed om at dei ikkje vil snakke med oss. Dei treng fred.

Knust bil Mykolaiv

Ein ungdom fortel NRK at han nyleg selde denne bilen til ein som bur i dette huset. Oppgangen til Andrej er rett fram til høgre. Der vart minst seks menneske drepne.

Foto: Andras D.Hajdu / Andras D.Hajdu

Truleg var det eit S-300 missil. Det er eigentleg ein luftvernrakett, men russiske styrkar har byrja bruke dei mot landsmål fordi dei manglar rakettar.

Også nabohusa har fått skadar. Ikkje ei glasrute i området er heil.

Eksplosjon Mykolaiv

Slik ser det ut i naboleilegheita til Andrej. Fleire blei drepne i missilangrepet.

Foto: Andras D.Hajdu / Andras D.Hajdu

Angrepa mot byen har roa seg

Mykolajiv er ein hamneby langs Svartehavet med om lag ein halv million innbyggarar.

Lenge låg byen tett på fronten mot Kherson. For nokre veker sidan låg ukrainske artilleriposisjonar berre ei mil utanfor bygrensa.

Russisk artilleri bombarderte byen kvar natt. Det gjorde det svært farleg å bu her, om ein ikkje hadde ein godt armert betongkjellar å sove i.

I tillegg vart det skote store mengder missil på byen.

Livet går vidare i Mykolaiv.

Ei nabokvinne skal på handletur. Livet går vidare sjølv om nabolaget ligg i grus.

Ungar leikar Mykolaiv

Ungar leika i nærleiken av der missilet slo ned.

Roser i Mykolajiv

Nokre få roser på ein benk for dei drepne.

I juli vart fem personar som venta på bussen drepne av artillerield. Styresmaktene byrja difor å bygge busskur i betong.

No håpar alle at det ikkje lenger vil vere nødvendig å vente på bussen i eit tilfluktsrom.

11. november byrja dei russiske styrkane å trekke seg tilbake. Nabobyen Kherson, som ligg om lag 9 mil frå Mykolajiv, blei frigjort.

Som ved eit trylleslag byrja Mykolajiv å vakne til liv igjen. Det er meir folk i gatene og i restaurantar og butikkar. No er det Kherson som er «frontbyen» og hovudmål for det russiske artilleriet.

Og spora rundt byen er tydelege.

Bonde Ukraina

Landskapet er fullt av øydelagde militærkøyretøy og blindgjengarar. Bonden har ein stor jobb framfor seg.

Bonde Ukraina.

Bonde Stepan Pivovortsjuk viser fram såkornlageret sitt. Taket er øydelagt og jorda full av miner.

Død ku

Leivningane av ei ku som enno ikkje er rydda vekk. Her låg også mange drepne soldatar men dei er tekne hand om.

Bombekrater Ukraina

Krater i vegen ved landsbyen Liubomyrivka. Før krigen budde her 500 menneske. Etter krigen har 200 vendt tilbake men dei fleste pendlar fordi heimane deira treng store reparasjonar.

I landsbyane som ligg mellom Mykolajiv og Kherson byrjar folk å vende tilbake. Her var det ei stund så harde kampar at det ikkje var leveleg for korkje menneske eller dyr.

Men det vil ta lang tid før livet liknar på noko som er normalt. Ifølgje det ukrainske forsvaret er 5 millionar hektar jord minelagt i Ukraina

Å rydde alt vil ta mange år.

Roe nervane

Tilbake i blokka i Mykolajiv kjem venninna til Andrej, Tatiana, innom.

Ho bur rett over gata og har med seg nokre flasker pils i ein berepose og litt mat.

Ein klem og litt mat

Det er godt med ein klem når nervane er frynsete. Venninna Tatiana høyrde smellet og er takknemleg for at Andrej framleis er i live.

Foto: Andras D.Hajdu / Andras D.Hajdu

– Eg trur Andrej treng noko å roe nervane på, seier ho og smiler nervøst.

Hendene skjelv. Det er ikkje lett å sove når ein rakett når som helst kan kome og rive deg ut av søvnen.

– Eg vaks opp med fleire av dei drepne. Hadde raketten treft nokre meter til sida ville eg kanskje vere død og dei andre i live. Ingen er trygg i Ukraina.

Tårene kjem og Tatiana får ein lang og varm klem av Andrej. Nokre vener kjem med verktøy og byrjar reparere den øydelagde glasruta.

Naboane diskuterer kva som kunne vere målet. Kanskje ei bygning der det var ukrainske soldatar? Dei russiske missila er upresise.

Såra Jesus

Ein skada Jesus-figur vaiar i vinden og helsar landsbyfolket som kjem heim til dei øydelagde heimane sine.

Foto: Andras D.Hajdu / NRK

Andrej fortel at alle i Mykolajiv har mista nokon dei er glad i. Kvar dag takkar dei Gud for at dei overlevde dei brutale krigshandlingane i Kherson fylke.

Russland kan ikkje tvinge Ukraina i kne, slår Andrej fast.

Uansett kor mange bomber dei vil sende, kor mange heimar dei vil øydelegge og kor mange av oss dei vil drepe, så vil dei ikkje knekke oss. Vi vil vinne.